Innsikt og refleksjon

TEATER

GRAVFERDSSONGAR: Frå eit typisk narkomøbel framfører Joachim personlege og vakre gravferdsballadar frå han som overlevde. FOTO: DAG JENSSEN

GRAVFERDSSONGAR: Frå eit typisk narkomøbel framfører Joachim personlege og vakre gravferdsballadar frå han som overlevde. FOTO: DAG JENSSEN

 «Fire begravelser og ett bryllup»
Teater Ibsen, Skien
Av: Morten Joachim
Regi: Aslak Moe
Scenografi: Hans Georg Andersen
Med: Morten Joachim

Ei sterk og sjølvbiografisk historie, formidla klokt og med stor innsikt.

Morten Joachim er instruktør og dramatikar. Han er ikkje skodespelar. Likevel står han nå åleine på scena og gjer sitt livs rolle. Han spelar seg sjølv. Joachim tilbrakte dei første vekene av livet i kuvøse på grunn av heroinabstinensar. Han vaks opp hjå mormora, medan den biologiske faren sat i fengsel, og med mor og stefar som narkomane. I vaksen alder, men ennå relativt ung, opplevde han i løpet av få år først at den tre år yngre broren døydde på grunn av ein overdose, for så å miste både dei biologiske foreldra og stefaren. Joachim har hatt ein ganske spesiell oppvekst, og nå har han sjølv skrive og dramatisert si eiga historie, og presenterer ho i eit intenst og gripande forteljarteater. Klokt, reflektert og heldigvis også med mye humor.

Det er mange som har nytta ulike kunstnarlege media som romanar, film eller drama for å arbeide seg ut av eiga sorg eller traume. Men der er ikkje Joachim. Det stadiet har han passert for lengst, og her får vi i staden ein uvanleg reflektert og innsiktsfull rapport om oppvekst og liv saman med tungt rusavhengige familiemedlemmar.

Scena er relativt nake, eit draperi, ein gitar og ein reclinar i svart skinnimitasjon, i følgje Joachim det typiske narkomøbel. Utan noko å stø seg til, fortel han personleg, innlevande og særs nært, men aldri spesielt privat og utan noka form for føleri, om livet sitt. Vi tar til når han anar uråd og bryt seg inn hjå stefaren for å finne han død, før han hoppar fram og attende i sitt eige liv og historie og fortel inngåande, men med både distanse, varme og empati  om bestemora som freista å gi guten eit godt fundament, men som ikkje alltid gjorde rett, om foreldra og stefaren, og om tilhøvet til den yngre broren. Han går nært innpå dei alle, men med unntak av seg sjølv, er han likevel aldri utleverande. Mot seg sjølv er han derimot nådelaust ærleg. Heilt nøkternt fortel han om dei to reaksjonsmønstra han vekslar mellom, det bereknande, og det emosjonelle.

Livet hans har openbert vore motsetnadsfylt, og denne dualismen gjer framsyninga tidvis også ganske humoristisk. Først og fremst greier han å halde ein god balanse ved at presentasjonen på same tid både er særs nær og personlig, men likevel held den naudsynte reflekterande distansen. Men også andre kontrastar står i kø. Her er sinne og kjærleik, styrke og avmakt, sorg og humor i ei blanding dei fleste av oss heldigvis er skåna for.

Joachim er ikkje skodespelar, og freistar heller ikkje å framstå som det. I staden spelar han på autentisitet og å vere nådelaust ærleg. Sceneskifta skjer ved enkel lyssetjing og små forflyttingar på scena, og når det tragiske tar til å bli for sterkt, set han seg med gitaren og framfører nydelege balladar han har laga til dei ulike gravferdene.

«Fire begravelser og ett bryllup» er blitt ei uvanleg sterk forteljing om dei som blei for svake til å overleve. Mantraet er at same kor mye hjelp du får, må du likevel vere sterk nok til å fikse livet ditt sjølv. Framsyninga blir nå vist i Skien i to veker for så å turnere i Telemark ut april. Men, hallo Riksteatret og alle institusjonsteatra våre: Dette er ei teateroppleving som fortener eit langt større publikum.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 11. april 2016.)

Leave a Reply