Tre sysken

TEATER

GLAMOUR: Suksess og fiasko kan vere ganske tilsynelatande. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

GLAMOUR: Suksess og fiasko kan vere ganske tilsynelatande. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

 

 «Vanja og Sonja og Masha og Spike»
Rogaland Teater, Intimscena
Av: Christopher Durang
Omsett av Michael Evans og Vegar Hoel
Regi, scenografi og kostyme: Vegar Hoel
Med: Nina Ellen Ødegård, Marko Kanic, Ingrid Rusten, Mette Arnstad, Roar Kjølv Jenssen og Silje Salomonsen

Ein absurd, men litt for karikert og forvirrande leik med Tsjekhovmetaforar.

Vanja, Sonja og Masha er tre sysken, om lag midt i livet, og barn av foreldre som var over snittet glad i Anton Tsjekhovs dramatikk slik fornamna er prov på. Lagnad og livsveg har vore ganske ulik for dei tre. Medan Masha (Nina Ellen Ødegård) har gjort ein slags karriere som skodespelar både på scene og lerret i USA, men med det meste bak seg, har Vanja (Marko Kanic) og den adopterte systera Sonja (Ingrid Rusten) vore heime og tatt seg av sjukelege og aldrande foreldre. Nå bur dei att i barndomsheimen på Mashas nåde og økonomi, og medan ho i hovudsak har livet bak seg, har dei to andre i røynda aldri hatt noko liv. Så kjem Masha med eitt på besøk saman med den unge testosteronbomba Spike (Roar Kjølv Jenssen), og eit familiedrama med mange trådar til Tsjekhov er i gang.

«Vanja og Sonja og Masha og Spike» er skrive av den 67 år gamle amerikanske dramatikaren Christopher Durang som har ein omfattande produksjon bak seg, men som først med dette stykket frå 2012 fekk det endelege gjennombrotet. Det vann Tony Award for beste skodespel i 2013 og var i fjor det mest spela drama i USA. Tysdag var det norgespremiere på Rogaland Teater, men suksess i USA tyder ikkje automatisk det same her i landet.

Sjølv om det i mangt er eit Tsjekhovsk univers vi er med i, er dette likevel særs amerikansk både i humor, referansar og mye anna. Michael Evans og Vegar Hoel har i omsetjinga vald å flytta handlinga til ein stad i Norge. Det er eit forvirrande og lite gjennomtenkt grep. Scenebildet er barndomsheimen til syskena i Norge, og det er eit hus som er meir typisk amerikansk enn eplepai. Med slik scenografi og eit utal amerikanske kulturelle referansar, men samstundes verbal insistering på at dette er norsk, mistar oppsetjinga truverd og blir  både sprikande og forvirrande.

Handlinga finn stad på terrassen i barndomsheimen til dei tre gjennom ei hektisk helg. Her er livstrøytte og sjølvsentrerte personar med ulike grunnar til å vere det, her er sjalusi, intrigar og mye absurd komikk, og også ein liten porsjon forløysande voodoo gjennomført av vaskehjelpa Cassandra (Mette Arnstad) som lev opp til namnet sitt og har synske evner. Symptomatisk for handlinga er det at nettopp den lett okkulte Cassandra er den mest normale av desse personane. Rett nok då ved sia av den naive nabojenta Nina (Silje Salomonsen) som representerer uskulda og kanskje framtida. I dette tette kammerspelet er det sjølvsagt mange humoristiske scener, mye absurd komikk og ein god porsjon bitande og underhaldande replikkveksling. Men med unnatak av Cassandra, blir det berre spela teater, og det tar aldri heilt av.

Som hjå Tsjekhov, er her lite ytre handling og meir samtale om trivialitetar. Men rollene er for karikerte og teatralske, og finalen blir eit melodramatisk antiklimaks der det i amerikansk stil, og milevis frå Tsjekhov, er the underdogs som til slutt vinn fram, i tillegg til at heksa viser seg å vere god på botnen.

 (Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 4. februar 2016.)

 

Leave a Reply