Ei Nora av i dag?

TEATER

MASKEFALL: Maskene fell og snart skal løgnene avslørast. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

MASKEFALL: Maskene fell og snart skal løgnene avslørast. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Et dukkehjem»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Henrik Ibsen
Regi: Audny Chris Holsen
Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes
Koreograf: Sigrid Edvardsson
Musikk: Halvor Lillesund og Vegard Fossum
Med: Helga Guren, Anders Dale, Even Stormoen, Øystein Martinsen og Marianne Holter m. fl.

Ei modernisering som ikkje blir heilt truverdig.

Det er mange som har freista å modernisere «Et dukkehjem» og setje opp stykket som om handlinga var i dag. Og sjølv om den lumre løgna som kan øydeleggje alt, er ålmenn og like til stades nå som i 1880, er problemet at mye av den ytre handlinga er alt for sterkt knytt til 1800-talet til at ein greier å skape ei truverdig ramme om den Helmerske heimen.

På Rogaland Teater har dei freista å gi oss ei Nora av i dag. I Audny Chris Holsens regi og bearbeiding startar det relativt lovande der ho tar oss inn til ein moderne og shoppingglad Nora (Helga Guren). Språket er fornya, replikkane er omskrivne, og mye av dette fungerer bra lenge. Til og med den falske underskrifta på kausjonen Nora ordna for å få lånet som gjorde det mogeleg å berge helsa til Torvald, har fått ein plausibel forklåring. Men etter kvart er det meir og meir som skurrar. Både Krogstad (Øystein Martinsen) og Kristine Linde (Marianne Holter) har rollefunksjonar som blir lite truverdige i dag, og slik blir det også i finalen når Nora går. Ein stor del av publikum har nok opplevd samlivsbrot, men det er neppe mange som kjenner seg att i den ganske arkaiske argumentasjonen Torvald Helmer (Anders Dale) nyttar for å halde på Nora. Berre Doktor Rank (Even Stormoen) har eit diskret nærvær som blir til å tru på.

Scenografien til Åse Hegrenes har bytta ut plysjen med florlette raude draperi, kjærleikens farge, og saman med sofaliknande puter gir det ein god og stilisert illusjon av ein lukkeleg designarheim som ramme for handlinga. Men regigrepa er ikkje like vellukka. Oppsetjinga er litt fragmentarisk og scenene blir avbrotne av kraftig musikk og koreografert rørsle der alt blir veldig tydeleg. Det verkar ikkje som Holsen har tillit til teksten, og må understreke han med overspela symbolikk.

I «Et dukkehjem» er alle unntatt Nora statistar. Når denne oppsetjinga trass i innvendingane over, likevel blir verd å sjå, er det først og fremst på grunn av Helga Gurens tolking av Nora. Ho startar som ei leiken og forførande heimefrue, nesten sjølvutslettande og naiv i sin verbale kjærleik til Torvald. Men gradvis gir ho oss først den manipulerande og intrigante, og dernest ei Nora som vaknar opp frå lerkefugltilveret for til slutt å bryte ut av det heile. Metamorfosen frå den livsglade Nora, som blir redd for si eiga løgn, og som til slutt ser at den altomfemnande løgna ekteskapet hennar er tufta på, er endå større, er saumlaust og godt formidla og spela med både innleving og eit stort kjenslemessig register.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 5. februar 2015.)

Leave a Reply