Flyktningen Jonas

TEATER

«Jonas»

MAKTA: Slik fortonar lærarane seg for den skrekkslagne Jonas. FOTO: LARS SOLBAKKEN

MAKTA: Slik fortonar lærarane seg for den skrekkslagne Jonas. FOTO: LARS SOLBAKKEN

Nordland Teater, Stormen konserthus, Bodø
Av: Jens Bjørneboe
Bearbeiding, dramatisering, regi, scenografi og kostyme: Rolf Alme
Koreografi: Marie Gachet
Lysdesign; Johan Haugen
Med: Rune Løding, Piotr Misztela, Bjørn Ole Ødegård, Thais Hvid og Johan Vang Hansen

Ei framsyning som vil så mye, men som berre tidvis får det til.

Då Jens Bjørneboe skreiv «Jonas» i 1955, var det eit bitande oppgjer med eit skuleverk som var leia av det han kalla «salamandrar», ein pedagogikk som ikkje såg og tok omsyn til den einskilde eleven, og som ikkje hadde rom for ungar med skrive- og lesevanskar. Det var ein kraftig politisk pamflett for ein alternativ pedagogikk. Romanen hadde i tillegg fleire parallelle forteljingar med bakteppe i storpolitikk og verdskrigen, som flukt, jødeforfølging og også  kulturløyse og den norske språkpolitikken.

I Rolf Almes dramatisering og ganske radikale modernisering er det freista å ta vare på alle desse aspekta og lage ei framsyning som i botnen har historia om Jonas, ein liten gut på flukt frå overgrep og uforstand, men som også er innom ganske mye anna, og tidvis litt for mye.

Framsyninga er delt i 22 tablå som alle er nummerert og har eiga overskrift som aktørane stavar seg gjennom som i ei lesebok. Fem vaksne menn i dress går ut og inn av dei ulike rollene relativt saumlaust i ei metaframsyning der det stadig vekk er direkte referansar til originalmanuset. Men medan «Jonas» er skrive i en etterkrigstid med sosialdemokratisk einingsskule og kamp mot samnorsk, har Alme skrive inn dagens situasjon med flyktningkrise og religiøs fanatisme. Læraren på den alternative skulen er traumatisert syrisk flyktning og tyskarungen Bobbi, som blir ven med Jonas, er innvandrar. Alt dette er dyktig gjort og ei naturleg vidareutvikling av Bjørneboes prosjekt. Kampen mot kulturløysa og samnorsken, er langt mindre elegant. Den autoritære representanten for skuleverket, lærar Strange, snakkar eit arkaisk og oppkonstruert nynorsk, og sjølv om dette skal vere ei visualisering av kor uforståeleg alt framstår for Jonas, blei det vel klisjeaktig. Meir oppfinnsam er årsaka til at Jonas ikkje kan å lese. I dagens multikulturelle Norge er Jonas polsk, og kan rett og slett ikkje norsk.

Dei fem i ensemblet, to norske og ein polsk skodespelarar, samt to danske parkour-artistar, fyller dei mange ulike rollene særs godt med stor energi og overtydande fysisk spel, og ved hjelp av enkel men særs oppfinnsam scenografi og videobruk, framstår dei tidvis som store mobbegjengar og langt fleire enn dei er.

Rolf Alme har gjort ei god, radikal og spennande modernisering av «Jonas» der grunnelementa framleis er til stades, men der dagens situasjon er det nye bakteppet. Dei størte problema er at han blir vel insisterande i religionskritikken og oppgjeret med dagens flyktningpolitikk, og at han ikkje heilt greier å avgrense seg.

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 25. januar 2016.)

 

Leave a Reply