Ei desperat handling

TEATER

DESPERASJON: Kva skjer når dei næraste, også di eiga mor, sviktar? FOTO:  SOGN OG FJORDANE TEATER

DESPERASJON: Kva skjer når dei næraste, også di eiga mor, sviktar? FOTO: SOGN OG FJORDANE TEATER

«Fjordmann»
Sogn og Fjordane Teater, Sogndal Kulturhus
Av: Stig Amdam
Regi: Stig Amdam
Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes
Med: Stian Isaksen, Lars Sørbø, Katrine Lunde Mackenzie og Gunhild Hjertaas

Eit sterkt og velspela psykososialt drama, men neppe særleg eigna til å forstå terrorhandlingar.

Kva er det som får tilsynelatande veltilpassa unge menn til å gå til så avskyelege terrorhandlingar som dei vi har opplevd dei siste åra? Dramatikaren og skodespelaren Stig Amdam er blant dei mange som har stilt seg dette spørsmålet. Med oppsetjinga ”Fjordmann”, som han sjølv både har skrive og regissert, freistar han å forstå, men ikkje forsvare. Av den litt spekulative tittelen som er nesten identisk med pseudonymet til bloggaren Peder Nøstvold Jensen, og ikkje minst eit utal lite tilfeldige likskapar med Breiviks oppvekst og bakgrunn, er det skapt eit bilde av at dette skulle dreie seg om 22. juli. Det er heilt feil. Sogn og Fjordane Teaters oppsetjing har korkje religiøse eller særleg sterke politiske overtonar. I staden er det eit tidvis særs sterkt psykososialt drama om ein gut som har vore offer for omsorgssvikt.

Mads Trodal (Stian Isaksen) er ein 21 år gamal arbeidslaus mann som bur saman med mora på eit lite småbruk ein avsidesliggjande stad ved fjorden. Einaste nabo er eit asylmottak. Mads ligg rett nok under for konspirasjonsteoriar om at Bilderberggruppa styrer verda, men han er empatisk, har enorm omsorg for mora som openbert er sjuk, er opptatt av sjølvberging og økologisk landbruk, og har ikkje noko i mot asylsøkjarane i nabolaget. Det er mora (Katrine Lunde Mackenzie) som er rasisten. Faren (Lars Sørbø) er ein avdanka rockemusikar med framtida bak seg, ein sjølvopptatt faen som aldri har stilt opp for sonen. Den fjerde personen er barndomsvenninna Lise (Gunhild Hjertaas), den einaste normale, og den som kunne ha blitt eit haldepunkt i livet til Mads. Gjennom ulike samspelstablå mellom desse fire, deira eigne  versjonar av historia, og diverse videoopptak, får vi i retrospekt presentert kva som skjedde fram til Mads til slutt sette fyr på asylmottaket og drap ti personar inklusive seg sjølv.

Som freistnad på å forstå ein terrorist, er dette ganske mislukka. Historia til Mads har for store logiske brester til å bli truverdig. Når han som offer for konspirasjonsteoriar insisterer på å kutte ut mobil og ikkje nytte betalingskort eller leggje att andre elektroniske spor, blir det heilt uforståeleg at han samstundes skal ha lagt ut mye av teoriane sine på nett. Og når han sjølv meiner at berre tre prosent av asylsøkjarane er jihadistar, blir eit vilkårleg mordbrannåtak på eit asylmottak heller ikkje til å forstå som ei gjennomtenkt politisk handling.

I staden for ein politisk forkvakla ungdom, ser eg den gradvise utviklinga av Mads frå ein fortvila gut som greier å halde lokk på frustrasjonane sine,  til det i ei rekkje intense og særs velspela konfrontasjonar med foreldra renn over for han. Og i avmakta går han til desperate skritt. Det er jo også ein forklaringsmodell, men neppe særleg dekkjande for terrorhandlingar frå kvite, unge menn. Som eit portrett av ein desperat ung mann er framsyninga derimot tidvis glimrande. Regien er stram, og dramaturgien særs god. Den lett stiliserte scenografien til Åse Hegrenes gir godt spelerom for alle dei ulike tablåa samstundes som han illustrerar det ganske nedslitne småbruket. Spelet til dei fire er framifrå, intenst og energisk, og det formeleg gnistrar av dei mange heftige konfrontasjonane.  Eit særs velspela og godt psykologisk drama, men inga forklåring på terrorisme.

 (Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 5. desember 2015.)

Leave a Reply