Sjarmerande og djupt alvorleg

TEATER

FLY: Ein superhelt må kunne ta heilt av og fly. FOTO: TORLEIF KVINNESLAND

FLY: Ein superhelt må kunne ta heilt av og fly. FOTO: TORLEIF KVINNESLAND

«Om bare Lyseblå kunne bli superhelt»
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Katja Brita Lindeberg Produksjoner
Idé, konsept og regi: Katja Brita Lindeberg
Komponist: Martin Mulholland
Lysdesign: Eirik Brenne Torsethaugen
Med: Dagfinn Tutturen

Mangefasettert og treffsikkert portrett av ein usikker unggut.

Lyseblå er ein gut som mange andre, tøff og med stålkontroll på nokre få område, men eigentleg både utrygg og litt redd. For å dekke over det usikre, framstår han så barsk og modig som mogeleg, men inni seg veit han at det er ikkje slik han er eller vil vere. På guterommet, der han er konge, har han sitt eige univers frå ein stor koffert med kosedyr til alskens tidsriktige robotar og leikar. Her er det han som regjerer, og eigentleg vil han vere som Spiderman eller andre superheltar, ein som kan redde folk i naud.

Katja Brita Lindeberg presenterer med oppsettinga «Om berre Lyseblå kunne bli superhelt» ein nydeleg og sjarmerande studie i eit barnesinn, tatt så på kornet at alle i salen, uakta alder, kjenner seg att. Med utstudert mimikk, keitute rørsler og gjenkjenneleg framferd introduserer Dagfinn Tutturen oss på eit særs humoristisk vis for Lyseblå. Vi er med han på guterommet der han trygt kan leve ut draumane sine og syne oss kva han leikar med og er opptatt av. Her er det langt til både lærarar og alle dei andre dumme, sjølv om vi tidvis blir minna om at det både er mobbarar og andre der ute. Vi ler og kosar oss med han, og det heile er eit varmt, trygt og artig framført portrett av ein litt usikker gut. Til låtten brått set seg fast hjå publikum, og handlinga tek ei langt meir brutal retning. Eg skal ikkje røpe kva som skjer, men korleis Lindeberg med ein dramaturgisk genistrek greier å ta dramatikken ned att gjennom mellom anna dyktig interaktivt spel av Tutturen, er ikkje anna enn imponerande.

Dette er ei framsyning der sjølve historia og handlingsforløpet ikkje er det viktige i seg sjølv, men korleis Lindebergs regi og Tutturens spel presenterer det. Kreativ rekvisittbruk, god og kommenterande musikk, fin lysdesign og bruk av lydkulisser, framifrå spel og ein dramaturgi og regi med mange overraskande grep gjer denne vesle oppettinga til ein innsiktsfull studie i barnesinnet og eit særs mangefasettert og treffsikkert portrett av ein usikker unggut.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 28. november 2015.)

Leave a Reply