Med kalkulator og regneark

”Hundre hemmeligheter” på Trøndelag Teater fekk to Heddaprisar, men var for lite kostnadseffektiv.  FOTO: GT NERGAARD

TO NM I SCENEKUNST: ”Hundre hemmeligheter” på Trøndelag Teater fekk to Heddaprisar, men var for lite kostnadseffektiv. FOTO: GT NERGAARD

Okey, okey, eg legg meg flat og vedgår alt! Kjære riksrevisjonen; – Det er mi skuld. Når de nå går til åtak på Rogaland Teater og Trøndelag Teater for å drive for lite kostnadseffektivt, og å gi bort for mange gratisbillettar, må eg berre krype til korset og be så mye om orsaking. Gjennom snart 40 år har eg sett fleire hundre produksjonar på Trøndelag Teater, og eg kan ikkje minnast når eg sist betalte for meg. På Rogaland Teater har eg ikkje sett riktig så mange framsyningar, men der har eg til gjengjeld aldri betalt for billetten. Det kan nok ikkje vere særleg kostnadseffektiv drift ved desse teatra når dei gir ut gratisbillettar i eininga.

For den som har vondt for å følgje med, er saka denne: Riksrevisjonen har granska dei seks scenekunstselskapa der staten er eigar eller deleigar, og funne at regionteatra i Stavanger og Trondheim ikkje har drive kostnadseffektivt i 2011 til 2014. Dei glade økonomar, utstyrte med regneark og kalkulator, har ikkje vurdert den kunstnarlege verksemda, dei har ikkje eingong gjesta dei to teatra. (!) For dette er verkeleg vulgærversjonen av «New Public Management», det som i korte trekk tyder at alt skal vurderast som verksemder med mål om lønsam produksjon, og i dette meiningslause regimet gjer ein alt om til varer. Pasientar på sjukehus er ei vare som skal reparerast som i ein bilverkstad, skuleelevane er halvfabrikata som skal foredlast, og kunsten er ikkje lenger opplevingar som gir livet meining, men ei omsetteleg vare som skal seljast i ein marknad. Lærarar og helsepersonell har slite med dette målehysteriet alt for lenge, og nå er det også kome til kulturen.

Trøndelag Teater har i 2014 late for mange kome inn gratis. Dette skriv seg frå framsyninga «Hundre hemmeligheter». Det var ein samproduksjon mellom frigruppa Cirka Teater i Trondheim og Trøndelag Teater, ei eksepsjonelt god framsyning som fekk Heddapris for både beste barne- og ungdomsframsyning, og for audiovisuell design. På forståeleg norsk tyder dette to NM-gull i teater, noko som burde avkrevje respekt frå dei fleste. Men ikkje for riksrevisjonen. Altfor mange fekk sjå framsyninga gratis. Det er nemlig ikkje alltid slik at kvalitet og salssuksess er det same. Dei fleste teaterframsyningar er anten for vaksne, som går i teatret av eiga vilje, eller for barneskulebarn og yngre som blir tatt med av føresette. Dette var noko så sjeldsynt som ei framsyning for tenåringar, og der er tilbodet så fråverande at ungdomane aldri har fått nokon kultur for å oppsøke teatret åleine. Så i staden for å spele for glisne benkeradar, inviterte teatret ungdomar inn for å oppleve stor scenekunst. Kanskje trefte dei nokon som vil kome att, kanskje ikkje. Men gratisbillettane var ikkje noko økonomisk tap, og alternativet hadde vore langt verre.

På Rogaland Teater sette dei i fjor opp «Hamlet» i ei meir enn tretimars oppsetting utan å stryke eitt ord. Det var ein fantastisk produksjon som fekk Heddapris for årets framsyning og for beste mannlege skodespelar, i tillegg til nominasjon for beste regi. Også det to NM-gull i teater, pluss ein delt sølvmedalje! Men det er klårt det hadde vore langt meir «kostnadseffektivt» om teatret hadde kappa i teksten og framført han som ein monolog utan scenografi.

Samfunnsoppdraget til dei offentleg finansierte teatra i Norge er å gjere scenekunst av høg kvalitet tilgjengeleg for flest mogeleg, og å fremje kunstnarleg utvikling og fornying. Som teatermeldar i ein dryg mannsalder, og som medlem av Heddajuryen dei siste tre åra, veit eg faktisk litt om kvaliteten på dei ulike teatra i landet. Det er nesten så det grensar til det komiske at det er nettopp Rogaland og Trøndelag Teater som er skyteskiva til riksrevisjonen. I dei siste åra er det ikkje nokon sceneinstitusjon i Norge som har forsynt seg betre med Heddaprisar enn nettopp desse to teatra. Og vi måler ikkje kunstnarleg kvalitet med måleband og kalkulator.

(Denne artikkelen stod i lokalavisa OPP i Oppdal fredag den 27. november 2015.)

Leave a Reply