Sorghandtering

TEATER

SKO: Om berre skoa blir tatt vare på, kjem nok mannen attende. FOTO: MARIUS FISKUM

SKO: Om berre skoa blir tatt vare på, kjem nok mannen attende. FOTO: MARIUS FISKUM

«Et år med magiske tanka»
(The Year of Magical Thinking)
Hålogaland Teater, Prøvesalen
Av Joan Didion
Omsett av Terje Skonseng Naudeer
Regi: Anders T. Andersen og Nina Wester
Bearbeidd og framført av: Guri Johnson

Ei fragmentarisk og litt springande forteljing, og lite magi.

Ved middagsbordet på litle nyttårsaftan i 2003 opplever den amerikanske journalisten og forfattaren Joan Didion at mannen hennar gjennom nesten førti år, forfattaren John Dunne, får slag, og trass i omfattande og rask legehjelp står ikkje livet til å redde. Ei snau veke tidlegare fall dottera deira Quintana i koma, og sjølv om ho kjem til hektene etter nokre veker, råkar sjukdom henne att seinare på våren. Etter omfattande hjernekirurgi betrar situasjonen seg i løpet av året. Men hausten 2005 får ho akutt betennelse i bukspyttkjertelen og dør.

Kva gjer slike opplevingar på så stutt tid med eit menneske, og korleis handterer ein sorga og tapet av sine to næraste? Strategiane er ulike, men Didion, med studiar i sosialantropologi bak seg, søkte inn i magien frå andre kulturar. Etter nøyaktig eitt år, og før dottera døydde, skreiv ho ferdig boka «The Year of Magical Thinking» der ho fortel detaljert om dødsfall og sjukdom, og om korleis ho, ikkje alltid like rasjonelt, nytta strategien «Om berre». Om ho berre gjorde slik og slik, og ikkje sånn, ville mannen kanskje kome attende. Boka har ho seinare dramatisert, og nå har Hålogaland Teater sett ho opp som ein monolog, omsett til eit munnleg nordnorsk av Terje Skonseng Naudeer, og bearbeidd og framført av Guri Johnson. Boka blei skrive i desember 2004, men dramatiseringa går eit år lenger og får også med at dottera døyr.

Guri Johnson er ein røynd skodespelar og er trygg og truverdig i rolla som den forteljande Joan Didion. Utan mye scenografi eller andre effektar, berre med litt voice over av dottera som les dikt, er dette godt gamaldags forteljarteater der Johnson ikkje har noko problem korkje med den omfattande teksten, eller med å halde publikum konsentrert.

Av teatrets program og førehandsomtale kan ein få inntrykk av at dette handlar om alle Joan Didions magiske tankar for å overleve og meistre sorga. Men i Nina Westers og Anders T. Andersens regi er presentasjonen i langt større grad ei forteljing om dødsfall og sjukdom, ofte med flashbacks til familiens tidlegare liv i California. Ho blir fragmentarisk og springande presentert, og på eit vis som ikkje alltid gjer det like lett å følgje med i kronologien. Og sjølv om historia om død og sjukdom er sterk og traumatisk, er mestringa og overlevingsstrategiane til Didion langt meir interessante. Dei få magiske tankane vi fekk presentert, var meir maniske, og sa alt for lite om korleis Didion gjennom skriving og magi fekk arbeidd seg gjennom sorga.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 23. november 2015.)

Leave a Reply