Bak gardina

LØYND: Frå sin løynde plass bak gardina har Bjørg full kontroll over nabolaget. Eller? FOTO: SIV HILDE MEEN

TEATER  

I vår familie kan vi snakke om alt
Nord-Trøndelag Teater, Stiklestad
Av Rasmus Rohde
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Jenny Hilmo Teig
Med: Hildegunn Eggen

Monolog om å sjå og bry seg, framført intenst og gripande..

Bjørg og Tormod er eit mellomaldrande ektepar som har sine løynde rom slik det er med dei fleste av oss. For deira del er det skamma og sjølvbebreidinga som er den store elefanten i rommet. I nabohuset flyttar det inn eit yngre par med to barn, Iver på berre nokre få år, og Emma som så vidt er blitt tenåring. Frå plassen sin bak gardina held Bjørg oversikt over det meste i det vesle nabolaget, og også dei nye naboane. Ho oppdagar raskt at ikkje alt er som det skal, og at Emma slit med anoreksi. Gjennom ungjenta får ho flashbacks til si eiga dotter og hennar lagnad. Men kva gjer ei nabokjerring? Bryr ho seg, eller ser ho ein annan veg? Bjørg bryr seg, og om det var så lurt, skal eg ikkje røpe her, men at det ikkje er uproblematisk å blande seg inn i naboens familieliv, kan neppe vere noka overrasking.

Rasmus Rohde er kjend mellom anna frå bandet Rasmus og Verdens Beste Band som i si tid hausta to spelemannsprisar (Kyssing e hæsli og Puppan te pappa), men også frå å ha skrive manus og musikk til fleire teateroppsetjingar. I både teater- og musikkproduksjonane ser vi tydeleg at han har eit skarpt og godt blikk for kva som rører seg blant barn og ungdom. Nå har han skrive eit stykke om å sjå og å bry seg, om verdien av å bli sett og tatt på alvor og om anoreksi. Sjølv om bakteppet er ungdomens problem med skrantande sjølvbilde og ekstreme krav til kropp og utsjånad, tar Rohde likevel steget opp til i vel så stor grad å beskrive kva som rører seg bak dei ulike familiefasadane i det som etter kvart blir eit ganske intenst psykologisk drama. Det er mange gode og treffande observasjonar, men Rohde kunne nok ha vore meir kresen i det tekstlege der klisjeane stundom sit vel laust.

I utgangspunktet er denne oppsetjinga ein monolog der Hildegunn Eggen spelar nabokjerringa Bjørg som fortel og avdekkar lag for lag av historia. Dette gjer ho som ei forteljing til dotter si. Men i tillegg spelar Eggen også alle dei andre i nabolaget, eit titals menneske samt ein hund, og saumlaust hoppar ho fram og attende mellom vaksne og barn, kvinner og menn. Ho tar seg god tid, dvelar der det er naudsynt, og etter ei litt nølande opning stig intensiteten raskt. Hildegunn Eggen er ein heilt spesiell formidlar med ei særeiga utstråling, og sjølv om historia tidvis er noko føreseieleg, greier ho å halde publikum i eit solid grep utan noko daudpunkt. Det er inderleg og stundom ganske gripande. Kjersti Haugen har hatt regien. Den er minimalistisk, men med særs god personinstruksjon. Minimalistisk er også scenografien til Jenny Hilmo Teig. Ho har tidlegare hatt ansvar for mye kostymedesign, men eg trur dette er debuten som scenograf. Den var særs vellukka. Eit vindauge, to gardiner, og meir treng ein ikkje. Så enkelt og effektfullt kan det gjerast.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 24. oktober 2015.) 

Leave a Reply