Parallelle tekstar

KOMMENTATOR: Henriette Marøs særeigne komiske talent med kommenterande innspel er ikkje nok til å sy framsyninga saman. FOTO:SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

TEATER

Petra von Kants bitre tårer
Trøndelag Teater, Studioscena
Av Rainer Werner Fassbinder
Omsett av Kjell Askildsen
Supplerande tekst: Eirik Fauske
Regi og visuell design: Erlend Samnøen
Lysdesign: Sivert Lundstrøm
Med: Silje Lundblad, Mira Dyrnes Askelund, Henriette Marø og Kathrine Thorborg Johansen

Eit godt og leikent forsøk på å kontrastere og utfordre ein eksisterande tekst, men det blir meir leik enn drama.

Rainer Werner Fassbinder skreiv opphavleg «Petra von Kants bitre tårer» for scena, men det er filmatiseringa hans frå 1972 dei fleste hugsar. Historia om den vellukka, men manipulerande og sjølvopptekne Petra von Kant er eit kammerspel i fem aktar der alt skjer i det kombinerte husværet og studioet hennar. Nå har Trøndelag Teater fått Eirik Fauske til å skrive supplerande tekstar som kommenterer og grip inn i handlinga. Fauske er ein ung dramatikar som gjorde braksuksess med framsyninga «Gullalðurir» i 2009 der han tok for seg verdshistoria i rekordfart før han følgde opp med den nesten like gode og oljekritiske «Lindås» i 2012. I Erlend Samnøens regi er denne nytolkinga av Fassbinder blitt eit ganske tett kammerspel med eit utal metagrep, full av humor og sjølvironi, men dramaturgisk ikkje heilt vellukka.

Petra von Kant (Silje Lundblad) er ein klesdesignar som har gjort stor profesjonell suksess, men som ikkje har like stort hell med kjærleikslivet sitt. Ho bur saman med Marlene (Mira Dyrnes Askelund) som er ein kombinert hushjelp og designassistent, men som blir behandla som ein slave. Så dukkar venninna Sidonie  (Henriette Marø) opp. Ho har med seg den unge og vakre Karin (Kathrine Thorborg Johansen) som den langt eldre Petra fell pladask for. Petra let umiddelbart Karin flytte inn i husværet som kjærast og modell. Det er eit ganske asynkront forhold både med tanke på alder, kulturell kapital og ikkje minst haldningar. Den eine maktsjuk og manipulerande, og den andre ivrig på å ta til seg av det som livet byr på, i starten kanskje litt naiv, men etter kvart i røynda like manipulerande. Det blir eit ganske intenst kammerspel om folk som er fanga i maktsjuke, kjærleik, begjær og svik.

Erlend Samnøen har vald eit relativt nake scenerom der studioscena berre er møblert med nokre klesrack. I staden nyttar han verbal scenografi, og det opnar så elegant og lovande med at Henriette Marø tar oss med inn i leigegarden og med brei pensel målar ut rom, husvære og bebuarar slik at alt blir heilt tydeleg og ålmenngjort. For kanskje er det tilfeldig at vi hamnar hos Petra og ikkje hos naboen? Med sitt særeigne komiske talent byr Marø på Fauskes kommentarar til og inngrep i Fassbinders tekst. Det er gjort humoristisk og overtydande med fullt av digresjonar og ei mengd metalag. Men etter kvart, og særleg når også to av dei andre skodespelarane går ut av rollene sine og blir forteljarar, blir det vanskelegare. Samnøens regi blir sprikande, det manglar dramaturgi og oppsetjinga blir tidvis litt uklår og forvirrande. Freistnaden på å få Fauskes tekstar til å kontrastere, utfordre og supplere Fassbinder var eit leikent og godt forsøk, men i staden for å utfylle, blei det like ofte to parallelle univers og forteljingar som i for liten grad møtte kvarandre.

(Ei litt forkorta utgåve av denne meldinga stod i Klassekampen tysdag den 29. september 2015.)

Leave a Reply