Ikkje som du trur

MOR OG SON: Tilsynelatande dysfunksjonelle, men det er utanpå. FOTO: GT NERGAARD

TEATER

Konfirmasjonen
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av Jo Strømgren
Regi og scenografi: Jo Strømgren
Kostyme: Bregje van Balen
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Karl-Vidar Lende, Marianne Meløy, Wenche Strømdahl, Jon Lockert Rohde, Jan Frostad, Ingrid Bergstrøm og Hans Petter Nilsen

Umiskjenneleg Strømgren, men likevel ikkje på hans vande nivå.

I Jo Strømgrens univers er ikkje noko slik ein trur det er. Sjølv om det ofte er kjende settingar, og skodespelarane nyttar eigne namn, er alt berre tilsynelatande, og produksjonane hans er fulle av overraskande vendingar. Slik er det også i «Konfirmasjonen» som hadde urpremiere på Trøndelag Teater fredag, og med den særeigne og litt absurde humoren, er dette umiskjenneleg Strømgren. Samstundes braut han med sin eigen tradisjon med mye spenstig koreografi, og oppsettinga hadde ein langt svartare undertone enn det vi er vande med.

I denne produksjonen tar Strømgren oss med til ein konfirmasjon, og som mange andre har gjort før han, syner han oss ein ganske dysfunksjonell familie der det som skulle bli ein triveleg fest, endar i fullt havari. Eller kanskje ikkje, likevel? Karl-Vidar (Lende) ein relativt oppegåande, men tilsynelatande litt keitut konfirmant (kven er ikkje det?) som bur saman med mora si, Marianne (Meløy) i eit husvære som ikkje har vore pussa opp på mange år. Ho er også, i alle fall tilsynelatande, ganske sosialt utilpass. Vi er i 1978, med stadige retrospektive flashbacks til sommaren 1963 då Karl-Vidar blei til, og med dei ganske tidsriktige detaljane, og ikkje minst framtidskommentarane (som vi i 2015 sjølvsagt veit svara på), er dette åleine ein god porsjon artig Strømgrenhumor. I selskapet kjem Mariannes storesyster, Wenche (Strømdahl) og hennar yngre flamme, Jon (Lockert Rohde). Dei er vellukka, men også det berre tilsynelatande. Og så er det morfar Jan (Frostad), med dårleg nyre og eit gamalt alkoholproblem. Presentasjonen av folka, situasjonen og relasjonane er like klein som sjølve settinga, og det er lite Strømgrensk over denne ganske langdryge introen.

Men så dukkar den sjette gjesten opp, «Bente» (Ingrid Bergstrøm), som kjem frå barnevernet, – for å observere! Og då tar det til å svinge litt meir. I Strømgrens univers er mye ulogisk og absurd, og vendingane hyppige, men vi godtek og trur likevel på det meste. Akkurat det er litt meir problematisk denne gongen. Eg skal ikkje fortelje korleis dette familiedramaet endar, men som alle vil forstå, går det langt frå slik vi trur, og personane blir etter kvart i stor grad sine eigne negasjonar. Men vegen dit er i lengste laget, og langt frå så artig som i tidlegare produksjonar.

Scenografien er ei effektiv veksling mellom 1978 og 1963 der det er fysisk og særs tydelege sceneskift utført av «Den underlige mannen» (Hans Petter Nilsen) som er ein slags forteljar og usynleg, men likevel alltid nærverande grå eminense som syr det heile saman. Det ligg mye lagnadstungt i historia til Marianne, og denne forteljaren lettar på sløra for oss. Det er eit godt grep, men blir likevel noko uforløyst . Spelet er gjennomgåande godt, og særleg Karl-Vidar Lende er dyktig i den vanskelege rolla som konfirmanten. Strømgrens regi er alltid prega av det absurde overspelet, og som oftast balanserer han det meisterleg, men denne gongen blei det i meste laget.

«Konfirmasjonen» er Strømgrens produksjon nummer 100, eit imponerande lite jubileum. Og sjølv om det er ei god historie han fortel, og ho som vanleg er full av humor og uventa vriar og såleis er god underhaldning, har han nok levert langt betre før. 

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. september 2015.)

Leave a Reply