Verda er ei bakgardsscene

VILT: Ein hage for ville vekstar og ikkje for prydplanter

TEATER

Som di synes

Av William Shakespeare
Omsett og gjendikta av Hans-Magnus Ystgaard
Regi: Øyvind Brandtzæg
Komponist: Erlend Jentoft
Scenografi: Marie Steen Löwendahl
Koreografi: Tor Ivar Hagen
Kostyme: Jenny Hilmo Teig
Med: Madeleine Nilsen, Cengiz M.S. Nereid, Trond-Ove Skrødal, Maija Skille, Stian Hovland Pedersen, Tor Ivar Hagen, Ståle Kvarme Tørring m. fl.
Produsert av Rabarbrateatret og framført i ein bakgard på Bakklandet i Trondheim


Teater som eit bilde på livet, eller var det omvendt?

For tre år sia sette Rabarbrateatret opp Shakespeares «Ein midtsommarnattsdraum» på Sparbudialekt i ein bakgard på Bakklandet. Det blei akkurat så folkeleg som Shakespeare eigentleg var, absurd, artig, særs sjarmerande og forbausande velspela. Etter eit mellomspel er teaterkompaniet nå kome tilbake att til Shakespeare, – denne gongen til «As you like it», eller «Som di synes» som produksjonen heiter i Hans-Magnus Ystgaards presise og frodige omsetjing/gjendikting til nordtrøndersk. Med stort sett same mannskap som førre gongen, leverer ensemblet nok ein folkekomedie i det eg den gongen kalla «på sjeikspirsk vis», burlesk, velspela, full av frodige innfall og ikkje så reint lite metateater.

Eg skal halde meg frå å gi noko resymé, men dette er altså teateret som ein metafor for livet, eller omvendt. Det universelle teater med den vidgjetne opningsreplikken om at verda er ei scene og at alle må spele si rolle. Handlinga er som ein klassisk romantisk komedie med mange forviklingar, og forkledingar, og ettersom tittelen speglar at dette skulle vere teater slik folk vil ha det, er det sjølvsagt happy ending der ikkje berre helt og heltinne til slutt får kvarandre, men nesten heile ensemblet! Og det endar opp med berre hetero-par jamvel om det undervegs blir spela særs aktivt på det homoseksuelle.

Øyvind Brandtzæg debuterte som instruktør med førre oppsetjinga, og har etter det levert fleire gode regioppgåver. Her har han nok ein gong laga ei ganske tett framsyning med høgt tempo, raske sceneskift og forbausande god personinstruksjon. Oppsetjinga er nok ikkje like vellukka som den førre, men det kan handle like mye om at intrigen her er meir komplisert, i den grad det er nokon intrige, og at det er eit persongalleri som det tar litt for mye av første akt å få presentert. Men her er likevel spel, song, fart, humor og infamitetar så det held, alt ikledd eit passe omtrentleg nivå som står særs godt til den meir eller mindre naturlege scenografien i bakgarden til Brubakken 12. Dette er ein hage for ville vekstar og ikkje for prydplanter.

Som i «Midtsommarnattsdraumen» har Erlend Jentoft skrive ny musikk til oppsetjinga, litt frå kvart prestegjeld som det høver seg for ei slik framsyning. Endå songane blir framførte utan mygg, ber lyden forbausande bra, og songprestasjonane er verkeleg gode. Koreografien er ved Tor Ivar Hagen, og han har laga mange artige, småpompøse og sjølvironiske masseopptrinn, i tillegg til at han får vist kva han sjølv kan både som songar og dansar der han er høgt og lågt i eit særs energisk spel. Det er også Madeleine Nilsen i den berande rolla som Rosalind. Ho er infam, har eit enormt register, er sjarmerande og flørtar både med andre aktørar og oss på tribunen. Ho har ei særs tekstrik rolle, men er trygg der ho leverer replikkane som skotne ut av ei mitraljøse. Som ein kontrast både til Rosalind, og til heile oppsetjinga, er den langt meir attendelente rolla Jaques som blir spela av ein tidvis nesten underspelande Trond-Ove Skrødal. Nettopp gjennom denne triste og melankolske kontrasten, og det særs gode spelet til Skrødal, blir «Som di synes» faktisk noko langt meir enn berre buskis og rein folkekomedie.

One Response to “Verda er ei bakgardsscene”

  1. […] åra etter har Rabarbrateateret sett opp to til av Ystgaards gjendiktingar, «Som di synes» i 2015 og «Trettendagskvelden eller Ka di vil» i fjor. Og båe produksjonane var like vellukka. […]

Leave a Reply