Sommaren alt skjedde

KLEINT: Pappa blir homo, og sjølv blir eg kyssa på! FOTO: GISLE BJØRNEBY

TEATER

Den sommeren pappa ble homo
Hålogaland Teater, Scene vest
Av Endre Lund Eriksen

Dramatisert av Toril Solvang
Regi: Petter Næss
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Med: Kristian Fr. Figenschow jr, Trond Peter Stamsø Munch, Guri Johnson, Tom Stian Lenningsvik, Kristine Myhre Tunheim og ungdommar frå «Lille HT»

Eit varmt, humoristisk og litt sårt oppgjer med mange ulike fordommar, presentert frå ungdommens synsstad.

Tenk deg at du er ein gut på 13 og skal ha ein heil sommar saman med bikkja di og den nyskilde far din i ei lita campingvogn på jordet til Roger Berg i gudsforlatne Nordfjordbotn. Berg er homo, og er tydeleg ute etter far din. Det einaste forsonande er at Berg også har ei dotter, Indiane, som er jamgamal med deg, men noko meir avansert. I tillegg er veret dårleg og det er inga mobildekning så du kan få teksta med kameraten din. Dette er det nitriste scenarioet for Arvidsjaur (som har fått namnet sitt etter campingplassen i Nord-Sverige der han i si tid blei unnfanga, men som likar best å heite Arvid). Desse fargerike figurane, samt ei tispe med løpetid, og ei litt sær kunstnardame, er menasjeriet som Endre Lund Eriksen presenterer i ungdomsromanen «Den sommeren pappa ble homo» frå 2012. Etter at han debuterte i 2002 har Eriksen skrive heile 17 barne- og ungdomsromanar og tre drama/filmmanus, og han har vunne eit utal prisar. Nå har Toril Solvang dramatisert den siste romanen hans, og onsdag var det urpremiere på Hålogaland Teater.

Som lesaren vil forstå, er det ei absurd og burlesk historie som blir rulla ut, ganske vill og gal, men samstundes både humoristisk, sår, varm, litt pinleg og mye meir. Det er den særs vanskelege puberteten tatt heilt på alvor, det er skilsmisseproblematikk, litt homofobi, spørsmålet om å bli sett, gryande kjærleik og sjalusi i mange ulike fasettar, og eit friskt og ungdommeleg oppgjer med fordommar på fleire plan.

Hålogaland Teater har, saman med Rogaland Teater, vore leiande i å utvikle barneteater, og «Lille HT» har fostra mange gode aktørar dei siste åra. Det fekk vi mellom anna sjå med Toril Solvangs imponerande oppsetting av «Medeas Barn» for to år sia med ungar i alle roller. I årets produksjon er det i realiteten Arvid og Indiane som har hovudrollene, og dei blir spela av to alternerande par frå «Lille HT». Romanen er bygd opp som ei dagbok, og slik er også dramatiseringa der Arvid i tablå etter tablå fortel kva som skjer og korleis han opplever det. Det er ei enorm tekstmengde som dei to unge handterer på strak arm, og med imponerande innleving. Petter Næss har gjort eit framifrå stykke personinstruksjon i tillegg til at han har tatt godt vare på den særs direkte språkbruken frå romanen. Her er det rett fram utan omskriving. Men så godt innpakka i humor som dette er, er det ikkje egna til å sjokkere så mange. I alle fall ikkje dei unge i salen.

Petter Næss har laga ei varm, leiken og velspela framsyning, akkurat passe overspela og karikert. Gjermund Andresens relativt enkle scenografi og effektive bruk av dreiescena gir godt spelerom i tillegg til at han skapar små visuelle konfektar både av skyggebilde og artig rekvisittbruk.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 4. mai 2015.)

One Response to “Sommaren alt skjedde”

  1. […] fem år sia sette Hålogaland Teater opp «Den sommeren pappa ble homo» basert på romanen av same namn av Endre Lund Eriksen. Det resulterte i Heddapris for beste barne- […]

Leave a Reply