Fragmentarisk

VISUELL: Mye fin visualisering av kontrastane mellom kvardagsdraumar og den brutale røyndomen. FOTO: ESPEN STORHAUG

TEATER 

Tsjernobylfortellinger
Nord-Trøndelag Teater, Steinkjer
Av Ingrid Storholmen
Dramatisert av Ingrid Storholmen og Birgitte Fjeld Bjørsvik
Regi: Birgitte Fjeld Bjørsvik

Scenografi, videodesign og kostyme: Jonas Rein Seehuus
Komponist/lyddesign: Øystein Elle
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Jørn-Bjørn Fuller-Gee, Hanne Brincker, Gisle Hass og Odille Heftye Blehr

Ei framsyning som vil så mye utan å få det heilt til.

Då Tsjernobylulukka skjedde i slutten av april 1986, var Ingrid Storholmen ei knapt 10 år gamal jente i Verdal i Nord-Trøndelag, den delen av Norge som fekk mest av det radioaktive nedfallet frå katastrofen i Ukraina i det gamle Sovjetsamveldet. Framleis er innverknadane  på saue- og reindriftsnæringa i Midt-Norge store. Verdas til nå mest omfattande kjernekraftulukke viste for alle at kloden vår er ein liten plass der ei dramatisk hending ein stad på jorda kunne få dramatiske følgjer for inkjeanande og sakeslause menneske hundrevis av mil unna. I 2002 fekk Storholmen eit reisestipend til Ukraina og Kviterussland der ho gjorde grundig research og intervjua ulike menneske som hadde blitt råka av katastrofen seksten år tidlegare. Arbeidet resulterte i romandebuten hennar «Tsjernobylfortellinger» frå 2009, som fekk særs god mottaking og som i år er nominert til den prestisjetunge prisen Impac Dublin Literary Award.

Saman med Birgitte Fjeld Bjørsvik har Storholmen nå dramatisert romanen, og onsdag var det urpremiere på Nord-Trøndelag Teater i Steinkjer. Eg har ikkje lese boka, men har forstått det slik at ho er ei lenke av ulike forteljingar basert på intervju med folk både innafor og utanfor den forbodne sona rundt kraftverket, på grundig research og på eigne vurderingar. Storholmen har ein heilt klår politisk agenda med å rope eit kraftig varsko mot kjernekraftbruken. Det gjer ho med gode døme i staden for peikefinger og parolar. For fire år sia skjedde ulukka i Fukushima, for tida er 19 nye atomkraftverk under bygging, og berre i Europa er det nesten 200 verk i drift. Denne aktualiseringa av tematikken om dei alt for mange tikkande bombene er nennsamt fletta inn i historia. Dramatiseringa freistar å lage små tablå og både spelemessige og visuelle fabuleringar rundt ein del av desse historiene. I utgangspunktet burde materialet være særs eigna for teater, og ideen og opplegget er godt. Men dei har diverre ikkje lukkast heilt.

I staden for å presentere små forteljingar og tablå som er freista forklåra og visualisert gjennom god lyd- og lysdesign og fin bruk av videoeffektar, er historiene blitt så stutte og fragmentariske at ein aldri kjem inn i forteljinga. Ei i utgangspunktet spennande historie om ein offentleg tilsett som tek med seg dei to ungane sine og rømmer til Sverige utan eingong å varsle kona, blir ikkje meir enn det. Kvifor gjorde han det, kva tenkte han, kva slags kvalar hadde han? Eg sit att og vil inn i historiene, eg vil vite meir, men sjølv om mye er vel tydeleg og overspela, blir det meste uklårt og ganske uforløyst. «Tsjernobylfortellinger» er blitt ei ambisiøs framsyning som vil så alt for mye utan å konsentrere seg, og dermed få det til. Men bak det heile anar eg likevel Storholmens prosjekt og stemme, så personleg fekk eg lyst til å lese romanen. Framsyninga turnerer nå i Trøndelag og skal til Oslo i slutten av månaden.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 10. mars 2015.) 

Leave a Reply