Å handle særs lokalt

SKAL/SKAL IKKJE: Er det bærekraftig å setje barn til verda når det alt er sju milliardar der ute? FOTO: ARILD MOEN

TEATER

Pusterom
Teatret Vårt, Molde – Storyville
Av Duncan Macmillan
Omsett av Grete Kleppen
Regi og bearbeiding: Terje Skonseng Naudeer
Med: Lars Melsæter Rydjord og Line Heie Hallem

Mikrokosmos er ikkje enkelt når makrokosmos er så komplisert.

Eit par i slutten av tjueåra er på Ikea, og openbert har han sagt noko om å få barn. Der startar framsyninga «Pusterom», og vi blir gjennom halvannan time med på ein verbal pingpong mellom dei to, Han (Lars Melsæter Rydjord) og Ho (Line Heie Hallem), namnlause representantar for ein generasjon som har tatt inn over seg verdas miljø- og befolkningsmessige utfordringar, som er opplyste, og ikkje minst gode menneske, – det kjem dei stadig attende til. Men som likevel sit fast i kjønnsroller, stereotypiar og fordommar som dei fleste andre. Skal ein setje barn til verda når det alt er sju milliardar der ute? Er det kan hende betre å adoptere? Og kva er klimarekneskapen for eit barn? Kanskje aktiv dødshjelp til heile menneskeslekta ville vere betre? Dette er noko av det dei to balar med, først i spørsmålet om dei skal få barn saman. Dernest i den store diskusjonen om korleis ein taklar forhold, og til sjuande og sist livet. Med andre ord temmeleg eksistensielt.

«Lungs» frå 2011 av den britiske forfattaren og dramatikaren Duncan Macmillan har vunne prisar i både England og USA, og har hausta stor fagnad båe stadar. For ei veke sia var det norgespremiere på Teatret Vårt i Molde i Grete Kleppens omsetjing til eit munnleg og naturleg norsk. Terje Skonseng Naudeer har vald ei særs nake presentasjonsform der Han og Ho spelar på ei strippa scene framfor ein grøn vegg av lauvblad. Det er nesten som eit iscenesett forteljarteater, og sjølv om vi hoppar ofte og langt i både tid og rom, og i røynda følgjer Han og Ho gjennom heile livet, fungerer forma særs godt. For det er dialogen mellom dei to som er det viktige. Punktum. Det er ei særs tekstrik framsyning med imponerande timing og presisjon av dei to, særleg med tanke på at dei ikkje har ei einaste ytre «krykkje» å stø seg på.

Sjølv om tema i «Pusterom» er mange, er hovudsaka korleis vi opptrer og pratar saman i forhold. To som eigentleg er meint for kvarandre, som slit, som ikkje skjønar det alle andre ser, og som ventar for lenge, eller som likevel får kvarandre til slutt. Dette er gjort utallege gongar både på scene og lerret tidlegare, og jamvel om «Pusterom» både er humoristisk, tar problemstillingar på kornet og er til å kjenne seg att i, meiner eg personleg at oppsettinga ikkje kjem opp mot dei beste i sjangeren. Det heng i hovudsak saman med tekstgrunnlaget. Det er godt kjend at det er skilnadar på menn og kvinner, men ein treng ikkje reindyrke stereotypiane ut i det fordomsfulle av den grunn. Ho er i «Pusterom» gjort særs irrasjonell, og tidvis nesten hysterisk. Det stemmer nok med ein del mannlege oppfatningar av kvinnekjønnet, men i denne teksten blei det overspela. Og slik sett fremma det fordommar i staden for innsikt. Det ga seg også uttrykk i spelet der Han fekk vere rasjonell og truverdig, medan Ho blei overspela. Det er mogeleg desse stereotypiane framleis er vanlege i England og USA, men eg vil tru at ein her heime har kome eit skritt lenger. Trass i desse innvendingane er «Pusterom» tidvis både underhaldande og til å kjenne seg att i. Ettertanken sit også laust, særleg etter grubleria rundt klimarekneskapen for eit barn. Skal ein tru dei, er det ikkje mye bærekraft i menneskelivet. «Pusterom» spelast nå i Molde, og skal fram til midten av mai på turné i Møre og Romsdal.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 30. mars 2015.)

 

One Response to “Å handle særs lokalt”

  1. […] gle seg til å sjå «Pust» (Lungs) på Riksteateret. Det hadde opphaveleg norgespremiere på Teatret Vårt i Molde i 2015 og blei to år seinare sett opp på Rogaland Teater i ei betre omsetjing. Eg såg og […]

Leave a Reply