Sufflørens stemmerett

SUFFLIREKVISITTAR: 40 grams papir bråkar minst, gule ark gir ikkje refleks, lampa må vere Flos og dressen grå. FOTO: OLE EKKER

TEATER 

Suffløren    
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av Andreas T. Olsson

Omsett av Trond-Ove Skrødal

Regi, scenografi og kostyme: Line Fougner Christensen
Med: Trond-Ove Skrødal og Gerd Aaker

Mye god internhumor og ein uvanleg bra finale, men vegen fram var i lengste laget.

Frå den klassiske suffliboksen har suffløren, scenekunstens tryggingsnett, bistått og hjelpt skodespelarar gjennom alle tider. Nå er han etter kvart hamna i ein langt synlegare posisjon midt på første rad, om han ikkje då blir offer for tidas innsparing og rasjonalisering. Dette og meir til er det den unge svenske skodespelaren og dramatikaren Andreas T. Olsson tok opp i «Sufflören – en teaterviskning» som han skreiv som avgangsframsyning på teaterskulen i 2013. Same haust blei monologen framført på Dramaten i Stockholm der han gjorde stor suksess. Nå har Trond-Ove Skrødal omsett teksten, og laurdag var det norgespremiere på Trøndelag Teater med nettopp Skrødal i hovudrolla, og med Gerd Aaker, som har vore sufflør ved teatret i førti år, i ei sjarmerande birolle.

For den som hugsar Peter Sellers i filmen, «Being there», om den enkle gartnaren Chance som levde eit liv i fiksjonen, er her mye å kjenne att. Vår sufflør er kunnskapsrik så det held, kjenner sine klassikarar, verseføter og vanskelege omgrep, han kan replikkane på rams, har fingertippkjensle med omsyn til timing, for ikkje å snakke om lydnivå og retning på si langt frå kviskrande hjelp. Og han er nøye og stolt. Manus blir prenta ut på spesialimportert gult 40 grams papir som korkje støyar eller blendar publikum. Og leselyset hans kjem sjølvsagt frå ei kostbar italiensk Flos-lampe. Alt er planlagt, regissert og skrive ned. Men teater er ikkje livet, og vår mann er så innlevd i fiksjonen at kvardagen som korkje har manus eller regi, blir vanskeleg.

Om dette har Olsson skrive intelligent og kunnskapsrikt som ein hyllest til teatret, men først og fremst til ei av dei mange unnselege yrkesgruppene som er heilt naudsynte for å skape stor kunst. Frå sin anonyme plass ser suffløren skodespelarar som er høge på seg sjølve, men som gjer irriterande feil, og i denne framsyninga får han på sjarmerande vis kome fram på scena og fortelje om faget sitt, kjærleiken til dramatikken, frustrasjonane og indirekte kor dårleg han er til å takle det som ikkje er på scena.

Framsyninga har eit logisk problem. I opninga er det eitt eller anna som har gått feil, suffløren hamnar i rampelyset og deretter på scena, men kva han gjer der, og kvifor han held fram med å vere der, er litt vanskeleg å fatte. Men når ein godtek det, og let framsyninga bli sufflørens «five minutes of fame», så er her mye å gle seg over. Skrødal skildrar suffløren med kjærleik, innleving og mye lun humor sjølv om oppsettinga er grunnleggjande trist. Det seier seg sjølv at teaterreferansane må vere mange, men tidvis blei humoren vel intern og referansane for kompliserte. Langt betre blei det der Skrødal hadde gjort lokale tillempingar og latt kjende norske regissørar og teaterkritikarar få gjennomgå. Ein merka tydeleg på responsen i salen at Marit Moum Aune er langt betre kjend for det trønderske publikummet enn Cyrano de Bergerac. Framsyninga har ein sjeldan god og poengtert finale, men i Line Fougner Christensens regi, er vegen fram blitt i lengste laget. Referansane er for mange og kompliserte og logikken haltar litt. Men det er likevel blitt ei lun og varm framsyning, ein hyllest til ein liten mann og ei unnseleg yrkesgruppe. Og ei lita konfekteske for den som er glad i teater.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 23. februar 2015.)

Leave a Reply