Er forsoning mogeleg?

HAVSENS BUNN: Når Eyolf druknar, tar han i realiteten foreldra med seg, samstundes som han framleis står som ein mur mellom dei. FOTO: OLE EKKER

TEATER

Lille Eyolf
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av Henrik Ibsen

Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Bård Lie Thorbjørnsen
Lysdesign: Eivind Myren
Lyddesign: Mikael Gullikstad
Med: Kenneth Homstad, Renate Reinsve, Ingrid Bergstrøm, Mads Bones, Kine Bendixen og Filip Flaten-Hoff/Erling Johannes Rinnan Green

Ei symboltung og velspela oppsetting som ved å femne om alt for mye, slit med å finne retninga.

«Lille Eyolf» frå 1894 er eitt av Ibsens siste drama, og som i dei tre andre samtidige, er det nok ein gong meisteren som held dommedag over seg sjølv. Det er livet i retrospekt der kallet har fått ta for stor plass framfor menneskelege relasjonar, og det er behovet for forsoning. Alfred Allmers (Kenneth Homstad) har ennå ikkje noko langt liv å sjå attende på, men dramatiske hendingar gjer tida for oppsummering mogen alt i ung alder. Han held på med sitt store verk om «Det menneskelege ansvar» når han finn ut at den ni år gamle sonen i staden skal fylle resten av livet hans. Eyolf er delvis lamma i beinet etter å ha ramla ned frå eit stellebord då foreldra hadde seg, og skuldkjensla er blitt ein usynleg mur mellom Rita (Renate Reinsve) og Alfred. Så dukkar ein sterkt metaforisk skapnad opp. Rottejomfrua (Kine Bendixen) er ein slags mytisk renovasjonsarbeidar som driv ut alt som «nagar og gnagar», og ho lokkar Eyolf ut i vatnet så han druknar. Som om det vanskeleg forholdet mellom to foreldre som har forsømt og mista eit barn ikkje skulle vere nok, bringer Ibsen etter kvart atskillig fleire tema til torgs. Her er Alfreds nesten incestuøse forhold til det han trur er sin eigen halvsøster. Her er sjølvrealisering, kjærleik, sjalusi, skuld, forsoning, kallstankar, livsløgner og meininga med livet.

Truleg fordi det er så mange store eksistensielle spørsmål som skal handsamast på kort tid, er ikkje «Lille Eyolf» av Ibsens mest spela drama. Men det siste året er stykket blitt sett opp på i alt fire av institusjonsteatra våre. Kjersti Haugen har med oppsettingar av «Et dukkehjem» og «Gjengangere» dei siste åra vist seg som ein spennande Ibsentolkar som er i stand til å gi oss mye ny innsikt. Det greier ho ikkje denne gongen. Ved å freiste å femne om alt, mistar ho noko av retninga. Det er rett nok blitt ei stram, velspela, visuell og ikkje så reint lite erotisk framsyning, og med ein finale som er nesten meir konkluderande enn Ibsen, men eg ser likevel ikkje heilt kva Haugen vil fortelje meg.

Bård Lie Thorbjørnsen er ein særs ambisiøs scenograf, og sjølv med den avgrensa plassen på Gamle scene, greier han likevel å skape fantastiske illusjonar. Ikkje berre er det slik at rottejomfrua er den som eigentleg har regien, ho syner seg å vere heile scenografien! Og i tråd med Ibsens tese om forvandlinga skjer det ein scenisk metamorfose når Eyolf dør og vi alle hamnar på «havsens bunn». Det er symboltungt og godt formidla.

Kjersti Haugen har gitt oppsettinga ei moderne og forenkla språkdrakt som står godt til og gir identitet til skodespelarane. Handlinga er også litt tidlaus og ganske modernisert utan å gå på akkord med Ibsen. Renate Reinsve og Kenneth Homstad gir oss eit kriseramma ektepar der kjærleiken for lengst er gått ut på dato, og der dei båe desperat leitar etter nye løysingar. Det er formidla overtydande, intenst, med høg temperatur, tidvis dampande erotisk og temmeleg direkte. Dei er absolutt til å tru på. Med unnatak av finalen, som ofte kan tolkast ironisk, men som her blir ei merkeleg og litt teatralsk forsoning, og noko overtydeleg i uttrykket.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 10. februar 2015.)

 

Leave a Reply