Bak fasaden

SLUTT: Alle nachspiel tar slutt, og som i dei fleste er ikkje finalen den lystelegaste. FOTO: OLA RØE

TEATER 

Hvem er redd for Virginia Woolf?
Hålogaland Teater, Scene øst
Av Edward Albee
Omsett av Ragnar Olsen

Regi og scenografi: Anders T. Andersen

Kostyme: Urd Maria Sørgaard
Lysdesign: Øystein Heitmann
Med: Guri Johnson, Trond Peter Stamsø Munch, Trude Øines og Marius Lien


Menneskeleg dårskap ikledd akademisk ferniss i eit elegant og godt ensemblespel.

Då den amerikanske dramatikaren Edward Albee skreiv «Hvem er redd for Virginia Woolf?» i 1962, var den uvanleg direkte språkbruken ei medverkande årsak til merksemda og suksessen stykket fekk. I dag let vi oss ikkje lenger sjokkere over bannskap og underlivsreferansar. Men Hålogaland Teaters oppsetting syner at tida slett ikkje har løpt frå dette ikoniske stykket som framleis har sprengkraft, og som nådelaust og effektfullt kler av det opplyste småborgarskapet all staffasje.

Vi er definitivt attende i 1962, i eit relativt tidsriktig interiør hjå det middelaldrande ekteparet Martha (Guri Johnson) og George (Trond Peter Stamsø Munch). Ho er dotter av rektor på universitetet, og han ein historielærar som ikkje har fått til den akademiske karrieren han ønskte seg. Det har vore universitetsfest, og i seine nattetimar held Martha nachspiel der ho har invitert det langt yngre paret Nick (Marius Lien) og Honey (Trude Øines). Og så tar den verbale krigen til.

Nick og Honey blir sjokkerte vitne til korleis vertskapet verbalt går inn for å øydeleggje kvarandre. Og når alkoholinntaket tiltar, blir også dei yngre med på notane. I det ytre er dette ein intellektuell leik om, på eit mest mogeleg sårande vis, å audmjuke dei andre, ein verbal pingpong utført med ein god porsjon eleganse og eigentleg ganske underhaldande. Men i røynda handlar det om at Albee avslører og avkler oss livsløgner, staffasje, pompøsitet og alt som utgjer den tilsynelatande vellukka fasaden. I det amerikanske universitetsmiljøet for femti år sia ville dei nok gjerne framstå som frigjorde og uavhengige av krava til vellukka konformitet. Men Albee syner oss fire menneske som verbalt kanskje er meir liberale enn vanleg, men som med omsyn til den småborgarlege hangen til å framstå vellukka, er akkurat like ynkelege som folk flest. Å heve seg over samfunnets norm om at ein er mislukka som barnlaus, syner seg å vere minst like vanskeleg for ein akademikar som for alle andre. Sjølv om akkurat dette aspektet kanskje ikkje er like viktig i dag, er det likevel eit utmerka bilde på at livsløgner og ønsket om å vere vellukka sit djupt i alle lag.

Ein viktig grunn til at denne oppsettinga treff så godt utan å bli eit historisk titteskap, er nok språket. Ragnar Olsen har omsett Albees tekst til eit direkte og munnleg, men likevel akademisk og særs truverdig nordnorsk. I Anders T. Andersens regi, og scenografi, er dette blitt eit intenst og dramatisk kammerspel. Og med god personinstruksjon er det også eit uvanleg godt ensemblespel der alle fasettane til dei fire blir presist og godt formidla. Utan unnatak. Eg må likevel få framheve Trude Øines si overtydande tolking av Honey, den mest anonyme av dei fire, men som med sitt intense nærvær får fram eit imponerande vell av nyansar.

«Hvem er redd for Virginia Woolf?» er eit avslørande drama om menneskeleg dårskap. Men det er samstundes så presist observert, og fornærmingane så mange og elegante, at underhaldningsverdien også blir ganske stor. Anders T. Andersen presenterer oppsettinga som eit stykke svart humor der balansegangen mellom det komiske og det tragiske er hårfin. Noko av intensiteten på scena avtar rett nok mot slutten, men det er vel berre symptomatisk? Nachspiel endar aldri bra.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 2. februar 2015.)

Leave a Reply