Mennesket og maktene

ENKELT: Med ikkje stort andre rekvisittar enn ein taukveil greier dei fire på scena å ta oss inn i Melvilles store univers. FOTO: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

TEATER

Moby Dick
Trøndelag Teater, Studioscena
Basert på romanen av Herman Melville

Omsett av Bjørn Alex Herrman
Regi og dramatisering: Ole Johan Skjelbred
Visuell konsulent: Marco Vaglieri
Kostyme: Ane Aasheim
Lysdesign: Gøril Nordgaard
Lyddesign: Jon Platou Selvig og Anders Schille
Med: Kenneth Homstad, Espen Klouman Høiner, Herbert Nordrum og Kjersti Tveterås

Ei leiken, kreativ, velspela og mangefasettert oppsetting om menneskeleg hovmod. Og mye meir.

Herman Melvilles ikoniske roman frå 1851 om den kvite kvalen Moby Dick og den besette kaptein Ahab som ikkje skyr noko middel for å få hemn over dyret som tidlegare har frårøva han ein fot, og gjennom det også halve livet, er filma og dramatisert eit utal gongar. Boka er ein heil romansyklus i seg sjølv, eit verk der Melville ikkje heilt greidde å avgrense seg. I botnen ligg forteljaren og hans arbeid og reise på kvalfangarskuta Pequod under diktatorisk leiing av kaptein Ahab der dei først og fremst søkjer den kvite kvalen. Men her er i tillegg store leksikalske utgreiingar, og tolkinga av romanen er meir enn legio frå det religiøse via menneskeleg overmot, til dagens miljøvernperspektiv og you name it.

Romanen har etter kvart gitt inspirasjon til ei rekkje spektakulære filmar og drama som freistar å syne menneskets kamp med og mot naturen. Ole Johan Skjelbred har gått heilt motsett til verks. Den 750 sider lange romanen er blitt eit manus på 42 sider, og gjennom ei uvanleg stutt prøvetid har regissør og dei fire på scena arbeidd seg fram til laurdagens premiere. Det blei ei heilt annleis, men særs velspela og god teateroppleving, – eit ensemblespel av det sjeldne.

I staden for å dramatisere dei store hendingane, tar Skjelbred oss med på ei indre reise der vi får sinnsstemningar og sinnbilde hjå fire av mannskapet på Pequod. Gjennom mange tablå, ei rekkje særs velformidla monologar, godt ensemblespel, og utan annan scenografi enn ein taukveil, ein duk, ein stol og eit orgel samt litt hjelp av vindmaskin og røyk, for ikkje å gløyme utsøkt lyd- og lysbruk, greier dei fire på scena i løpet av berre nitti minutt å ta oss med inn i Melvilles store drama og halde oss fengsla. Skjelbred er relativt tru mot Melville og lar det framleis vere høve til å lese inn mange tolkingar. Men når det er eit faktum at utvinninga av den fossile olja («den svarte olja») faktisk gjorde spermasettkvalfangsten og jakta på den «kvite» spermasettolja litt mindre interessant, er avstanden mellom kvalfangst og moderne oljeindustri stuttare enn ein skulle tru. Og den griske og omsynslause rovdrifta på ressursane gjeld for båe næringar. Det er difor heilt naturleg at Skjelbred lar mannskapet også møte ein representant for den norske oljeindustrien i ein liten humoreske som endar i nok ein leksikalsk monolog, like turr som han er humoristisk.

«Moby Dick» er eit uvanleg velspela og tett ensemblespel der aktørane står særs godt til kvarandre. Og det er openbert stoff dei har vore med på å utvikle sjølve, for det er formidla så leikent, avslappa og naturleg, og med masse små metapåfunn og humor. Sjølv om dei skal gjennom eit enormt verk på rekordtid, tar dei seg likevel god tid, og lar einskilde tablå bli dvelande så det verkeleg held. Denne produksjonen syner at med ein god ide og dyktige folk i alle ledd er det fullt mogeleg å lage godt teater om ikkje på sparebluss, så i alle fall med låge kostnadar. At finalen blei litt uforløyst, får vere ei sak mannskapet får jobbe vidare med. «Moby Dick» blir spela på Trøndelag Teater i fjorten dagar framover, og skal visast på Black Box i Oslo i slutten av november.

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. september 2014.)

Leave a Reply