Med mora i kulissene

ÅLEINE?: Blant horer og kriminelle, og med forbausande mye omsorg og kjærleik veks Adrian opp. FOTO: OLE EKKER

TEATER

Adrian Posepilt
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av Kristian Kristiansen

Dramatisert av Petter Rosenlund
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Nora Furuholmen
Musikk: Håvard Lund
Med: Mads Bones, Martha Standal, Harald Brenna, Kathrine Torborg Johansen, Silje Lundblad, Helle Ottesen, Janne Kokkin, Jon Lockert Rohde og Kenneth Homstad

Ei stilisert nydramatisering av Kristian Kristiansens gode miljøskildring frå 1600-talet. Men var det noko som forsvann på vegen?

Kristian Kristiansens romantrilogi om Adrian Posepilt er dramatisert og sett i scene fleire gongar, både av NRK, teaterlaget i BUL og av Trøndelag Teater. Kristiansen er det næraste Trondheim har ein bydiktar, og skreiv historiske romanar om kvardagslivet i byen på 1600-talet der han med grundig research og fantastisk innleving skildra livet til fattigfolk. Første bandet i trilogien handlar om den foreldrelause Adrian som veks opp i Verkshuset, nærast eit kvinnefengsel for horer og utstøytte, og som sju år gamal blir overført til Blådegnhuset der han blir ein posepilt, ein slags offentleg autorisert og godkjend tiggargut. Kristiansen gav liv til kvardagen til desse blådegnane, og trilogien er ein stor sosial roman om tida rundt den største bybrannen i Trondheim.

For sytten år sia debuterte Petter Rosenlund som dramatikar med «En umulig gutt» på Trøndelag Teater. Nå er han attende same stad med ei nydramatisering av «Adrian Posepilt». Han har gått hardt til verks, og mange av dei som er glade i bøkene om Adrian vil fort kunne bli provoserte. For her er det kanskje blitt meir Brecht enn Kristiansen. I staden for dei rike miljøskildringane og det episke i originalen, har Rosenlund laga eit særs stilisert og noko fragmentarisk forteljarteater. Det kan ein like eller mislike, og mye er nok gått tapt i prosessen, men han har likevel greidd å skape ei oppsetting som det er lett å bli rørt av.

Kjersti Haugen og Nora Furuholmen som regissør og scenograf har vore særs tru mot den nye dramatiseringa og laga ei minimalistisk oppsetting utan noka form for ytre staffasje. Scenografien er ei lang, slak trapp med trebriskar, og illuderer godt det spartanske i både Verkshuset  og Blådegnhuset, og kostyma er relativt generelle og nøytrale, og ikkje frå 1600-talet. Her er det ordet og forteljinga som er i sentrum.

I retrospekt tar vi til på Ilevollen der fjorten år gamle Adrian (Mads Bones) ser på ferdafolket og veit at ei av dei er mora hans, men ikkje kven. Adrian blei født i løynd og ved eit tilfelle brakt til Verkshuset der han mot alle odds fekk vekse opp i lag med horer og kriminelle, kvinner som i samveret med Adrian med eitt fekk noko viktig inn i livet. Til og med styraren, Tosten (Harald Brenna), syner menneskelege trekk og blir glad i guten. Jamvel om dette er eit tøft tilvere og beinharde realitetar, er livet blant kvinnene likevel fylt av varme og kjærleik. Etter kvart som Adrian veks til, blir han utsett for både mishandling og svik, men hjå dei mest utstøytte har han likevel ei trygg hamn.

Lenge trudde Adrian at mora ikkje eksisterte, eller var ei av kvinnene i Verkshuset, men i eit vakkert sanningas augneblink mot slutten forstår han at ho finst der ute. Morsfiguren er blitt eit sentralt element i oppsettinga. Som ein skugge i kulissene følgjer ho livet hans, nydeleg formidla med stilisert dans av Martha Standal.

«Adrian Posepilt» er blitt eit stramt og velregissert forteljar- og tablåteater med glimrande ensemblespel og ein strålande opplagt Mads Bones i hovudrolla. Det er godt gjort av ein 33-åring å formidle ein gut frå spedbarn til fjorten, men det seier også litt om den særs stiliserte forma oppsettinga har fått. Ho er vakker og rørande, men har kanskje likevel mista noko på vegen. Og så lurer eg på kven som er målgruppa til teatret? Historia om Adrian burde i utgangspunktet vere ei typisk familieframsyning, men den forma denne oppsettinga nå har fått, gjer ho neppe egna for dei yngste.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 1. september 2014.)

Leave a Reply