Leik med kontrastar

TEATER

AVKLEDD: Bak vakre ord og flott fasade kokar det meste ned til det basale, - begjæret . FOTO: OLE EKKER

Runddans
Trøndelag Teater, Gamle Scene
Av Arthur Schnitzler
Omsett av Øyvind Berg
Regi: Maren Bjørseth
Scenografi og kostyme: Marjolijn Brouwer
Lysdesign: Eivind Myren
Med: Janne Kokkin, Mads Bones, Silje Lundblad og Kenneth Homstad

Ei leiken, kontrastfylt, humoristisk, men likevel djupt alvorleg oppsetting om kva som eigentleg skjuler seg bak dei store orda om kjærleiken.

«Runddans» (Reigen) av den austerrikske forfattaren Arthur Schnitzler har hatt ein lang veg fram til scena. Teksten blei skriven i 1897, men ikkje oppført før i 1920, og lenge blei stykket sett på som pornografisk. I dag er det få som vil la seg provosere, men i staden er det lett å bli  imponert over kor moderne denne teksten framleis er. Som namnet tilseier, får vi ei oppsetting som nærast går i loop i ein evig runddans, slik livet også ofte kan fortone seg. Gjennom ti tablå møter vi to og to personar framstilt av i alt fire skodespelarar der den eine held fram i neste tablå og slik får det heile til å bli nettopp ein runddans som heng saman utan at dei einskilde scenene har så alt for mye med kvarandre å gjere.

Her møter vi ulike menneske frå dei fleste sosiale lag, men når Schnitzler kler av dei fernissen, blir dei alle ganske like. Det kan vere store ord og mye patos som flyg forbi i sjølvhøgtideleg og tidvis heilt absurd tomprat. Men bak overflata og dei flotte orda om ekte og djup kjærleik ligg heile tida det usminka begjæret, rein attrå og ønsket om den kortvarige rusen i ein augneblinks ekstase. Det er fortald med stor menneskeleg innsikt, og med ikkje så reint lite humor. I Øyvind Bergs ganske moderne omsetting er mye att av det litt pompøse og høgtidelege i språket, og det er med på å understreke kontrasten til det langt meir kvardagslege innhaldet.

«Runddans» er blitt ei særs vellukka oppsetting, og mye av årsaka til det skuldast den leikne og kontrastfylde regien til Maren Bjørseth. Ho er relativ nyutdanna regissør frå Amsterdam Kunsthøgskule, men er openbert ein instruktør vi vil sjå meir til i tida som kjem. I elegant samarbeid med scenografien til Marjolijn Brouwer har ho laga ei gjennomført og særs heilskapeleg oppsetting som spelar på mange ulike lag, men som heile tida dreier seg (i dobbel tyding) om det same. Uakta kven vi er, kor fint vi snakkar, og kor elegant vi ter oss, er det ikkje anna att enn det dyriske begjæret når ein skrellar bort all staffasjen. Dette er for så vidt gamalt nytt, men det er sjeldan det blir presentert så lekkert, absurd og humoristisk, og samstundes så avslørande.

Scenografien er enkel, men likevel symboltung utan å vere påtrengande, og det er ein elegant  og ikkje så reint lite erotisk bruk av dreiescena som heile tida understrekar tematikken. Personinstruksjonen er framifrå, og det er eit strålande opplagt og særs samspelt ensemble som gir oss eit humoristisk, lett erotisk, ganske surrealistisk og temmeleg innsiktsfullt innblikk i menneskeleg veremåte. «Runddans» vil ikkje lenger provosere nokon, men i staden er det blitt ein velspela liten humoreske med massevis av lag. Rett og slett god underhaldning.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 17. februar 2014.)

Leave a Reply