Kompromisslaust forteljarteater

TEATER

DRAUMEN: Den store, endelege kjærleiken kan ende som ei vond hildring. FOTO: KJETIL MOSLÅTTEN

Ikke forlat meg
Brageteatret, Union Scene, Drammen
Av Stig Sæterbakken
Dramatisering, regi og scenografi: Terje Skonseng Naudeer
Video: Sabina Jacobsson
Med: Eirik Risholm Velle

Ei nådelaust ærleg forteljing om gryande seksualitet, kjærleik og sjalusi .


Stig Sæterbakkens roman «Ikke forlat meg» frå 2009 er noko av det mest ærlege, nådelause og intense eg har lese om kjærleik og sjalusi. Ein skulle tru at verdslitteraturen for lengst var metta når det gjeld desse heilt fundamentale sidene ved menneskeleg eksistens, men så syner det seg at det stadig er andre krokar og irrgangar som kan belysast på nye og innsiktsfulle måtar. Sæterbakkens spesielle forteljargrep er, i tillegg til den heilt kompromisslause utleveringa av hovudpersonen Aksel, med på å gjere romanen til ei nesten suggererande lesaroppleving. Historia tar til på midten av 80-talet når Aksel står på terskelen til å ta sitt eige liv etter å ha opplevd sitt livs kjærleik og den ekstremt destruktive sjalusien. Og gjennom ei forteljarrøyst i du-form får vi presentert Aksels liv frå slutten av ungdomsskulen, og fram til han 21 år gamal vel å gjere slutt på alt.

Aksel er ein gut som mange andre, ein relativt anonym person utan spesielle venner. Ikkje eit mobbeoffer, men likevel med store problem i sosialiseringa, og i tillegg med ein pubertet som kanskje er sterkare enn hjå dei fleste? Så tar han til på gymnaset hausten 1980, og verda opnar seg og blir heilt annleis, han avstandsforelskar seg i henne han er overtydd om skal vere den endelege kjærleiken, og etter fleire månader går draumen i oppfylling, og han og Amalie blir kjærestar. Den store ungdomsforelskinga, fantastisk levande skildra, men med eit ganske ulikt bakteppe, kultur, og ikkje minst haldning til kjærleiken, blir etter kvart Aksels drepande sjalusi heilt øydeleggjande for forholdet. Og det går altså til helvete.

Dette er historia, og både hovudinnhald og konklusjon blir fortalt alt i opningskapittelet, så eg røpar ikkje noko ved å fortelje dette. Det spesielle er ikkje historia, men kombinasjonen av det retrospektive forteljargrepet der Sæterbakken lag for lag gir oss meir og meir forståing og innsikt, kombinert med den grenselaust ærlege utleveringa av Aksels pubertet, kjærleik, sjalusi og psyke.

For første gong er nå Sæterbakken blitt dramatisert, og laurdag var det urpremiere på «Ikke forlat meg» på Brageteatret i Drammen. Terje Skonseng Naudeer har ansvar for både dramatisering, regi og scenografi. Han har vald ei ekstremt varsam form for dramatisering som blir nesten reint forteljarteater. Berre med eit bakteppe med ulike videoprojeksjonar står Aksel (Eirik Risholm Velle) på scena og fortel historia i same intense og suggererande du-form som Sæterbakken har nytta i romanen. Teksten er sjølvsagt korta ein del ned i den om lag ein time lange framsyninga, men er framleis særs tru mot boka. I sju tablå føljer vi Aksels historie bakover i tid frå den suicidale slutten, gjennom lagvis avdekking av destruktiv sjalusi kombinert med grenselaus kjærleik, og tilbake til den store kjærleiken slik berre ein sekstenåring kan oppleve han. Eirik Risholm Velle har ikkje fått mye å spele på anna enn historia, stemmeleie og mimikk, eller om han snur seg mot eller frå publikum. Det er ei særs tekstrik og krevjande oppgåve, og han greier fint vekslingane i dei små nyansane mellom ulike øydeleggjande og livgivande kjensler. Han nyttar sin eigen sunnmørsdialekt, og sjølv om Sæterbakkens historie og univers er frå Lillehammer, gjer språket historia endå meir truverdig, personleg, intens og utleverande. Videoprojeksjonane på bakteppet understrekar og illustrerer dei ulike fasane i Aksels liv, men er gjort diskret og forsiktig.

I hovudsak har Naudeer lukkast med å formidle det uvanleg kompromisslause, destruktive og samstundes vakre i Aksels historie. Men ikkje alle fasettane i Sæterbakkens rike fargepaljett har kome med. Der eg opplever Aksels forteljing i romanen som ei blanding av sinne overfor Amalie kombinert med ein stor dose sjølvinnsikt i form av at han veit han gjer gale, men gjer det likevel, blir dramatiseringa litt meir eindimensjonal der det blir mest aggressivt og bebreidande sinne. Men stemninga, den fantastiske kombinasjonen av vakker kjærleik og gruvsam sjalusi, er her til fulle. Premierepublikummet var openbert tatt av forteljinga, men den verkelege premieren blir når framsyninga skal visast for den eigentlege målgruppa i vidaregåande skular i Buskerud i samarbeid med Den kulturelle skulesekken. Dette er usminka teater om ei ungdomstid fylt av seksuell oppvakning og store kjensler av alle slag. I tillegg skal framsyninga nå på turné i Buskerud før ho kjem til Litteraturhuset i Oslo 28. februar.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 3. februar 2014.)

Leave a Reply