Sjelefred og hemn

TEATER

KOLORITT: Gradvis ser Alfred (Arne O. Reitan) at alt og alle kan kjøpast, og at sjølv politimannen (Herbert Nordrum) let seg korrumpere med nye sko. FOTO: GT NERGAARD

Besøk av gammel dame
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Friedrich Dürrenmatt
Omsett av Øyvind Berg
Regi: Tyra Tønnessen
Koreografi: Tor Ivar Hagen
Scenografi og kostyme: Bård Lie Thorbjørnsen
Musikalsk leiar: Åsmund Flaten
Med: Arne O. Reitan, Marianne Meløy, Kjersti Tveterås, m. fl.

Kor prinsippfaste er menneska eigentleg, og er vi til sjuande og sist alle leigemordarar berre prisen er høg nok?

Tenk deg at du bur i det sveitsiske svaret på Detroit, ein by midt i eit grenselaust rikt land, og med mye industri, men der alt nå forfell og ingen lenger har korkje arbeid eller håp om ei framtid. Dette er Güllen, den vesle byen som er arena for Friedrich Dürrenmatts tragikomedie frå 1956, «Besøk av gammel dame». Hit kjem Claire Zachanassian (Marianne Meløy), verdas rikaste kvinne, og eit bysbarn som ikkje har vore heime på vel førti år. Byen står på hovudet framfor vitjinga i von om at ho kanskje skal bringe litt aktivitet og velstand attende til heimstaden sin. Sentral i førebuingane er Alfred Ill (Arne O. Reitan) som var kjærast med Claire i ungdomsåra før ho la Güllen bak seg.

I ei dyster, nesten dystopisk og litt Brechtsk setting, og til musikk av Hans Eisler, møter vi elendet i svart/kvitt når byens store dotter kjem. Ho er ein parodi på ein riking, og gjer ein strålande entré saman med eit heilt menasjeri og sin sjuande (eller var det åttande?) ektemann. Og ho har med seg lovnadar. Ein milliard vil ho skjenke byen, men på eitt vilkår. Dei må ta livet av Alfred for sviket han gjorde for 45 år sia. Svaret er eit klårt og tydeleg nei, framført av borgarmeisteren (Kjersti Tveterås), men med unison ryggdekning frå befolkninga. Dei er demokratar og humanistar må vite, og Goethe har til og med overnatta her ein gong. Pengar er openbert ikkje alt, Alfred pustar letta ut, og det er attende til normalen, – og elendet. Trur vi.

Men så kjem det ei forsiktig, gradvis endring, og det er dette som er grunntemaet i oppsettinga. Pragmatisme vinn stendig terreng framfor prinsippa, og parallelt ser vi korleis den aukande redsla kryp inn i Alfred, framifrå spela av Arne O. Reitan. Der han opphavleg er skurken som har vitna falsk og svike ungdomskjærasten på det grøvste, blir det, etter kvart som befolkninga gradvis let seg overtyde av Mammon, berre Alfred som står att som eit heilt menneske med ein siste porsjon integritet.

Den ytre handlinga er den svikne som ønskjer hemn. Men vel så mye handlar dette om kor lett menneska let seg manipulere og kor lite prinsippfaste vi i røynda er. Det heile er pakka inn i komediens staffasje, og med mye musikk, og ikkje minst i eit særs heilskapleg og tett samarbeid mellom regissør Tyra Tønnessen og scenograf og kostymedesignar Bård Lie Thorbjørnsen. Oppsettinga startar i eit dystert svart/kvitt der alle aktørane er nærast gråe, medan ho gradvis endrar koloritt til alle så nær som Alfred er i fargar. Det er elegant gjort, og det er også scenografien som er ein særs effektfull kombinasjon av eit skråplan og ei dreiescene. Tønnessen har eit talrikt ensemble, men har greidd å gi dei alle nok å spele på til at vi anar individualiteten til samtlege. Kanskje med unnatak av Claire, som blir vanskeleg å få heilt tak på, men kan hende er det meininga? Grunntonen i framsyninga blir understreka av Åsmund Flatens leikne musikkval i ei herleg blanding av Eisler, korallar, Elvis og sjølvkomponerte innslag. Men eg skulle gjerne ha sett meir av dette leikne og lausslopne også i spelet. Framsyninga er, trass i alvoret, ein absurd komedie, og på premieren sleit ho med å finne forma. I alt for stor grad fekk vi to parallelle historier som ikkje heilt høyrde saman, og ensemblet sleppte seg litt for lite laus. Eg vel å tru at dette skuldast premierenervar, for her er nok av absurditetar å leike seg med.

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 10. februar 2014.)

Leave a Reply