Breva til Gud

BREV: Oscar skriv brev til Gud, nærast i form av ei dagbok. FOTO: LASSE BERRE

TEATER

Oscar og den rosa damen
Trøndelag Teater, Studioscena
Av Éric-Emmanuel Schmitt
Omsett av Ragnhild Sølvberg og Kjersti Haugen
Dramatisering og regi: Kjersti Haugen
Scenografi: Kjersti Haugen
Med: Ragnhild Sølvberg

 

Ei varm historie om kjærleik og den tabubelagde døden.

Oscar er ti år, har kreft og veit han skal døy. Men hjå familien og sjukehuspersonalet er døden så tabubelagt at det er ingen som snakkar om han. Med eitt unnatak. Ei av pleiarane, Beste-Rosa, vågar å vere ærleg med Oscar, og mellom dei to utviklar det seg eit fortruleg, varmt og særs nært forhold. Tilliks med foreldra sine er ikkje Oscar spesielt religiøs, han er lurt ein gong med julenissen, og lar seg ikkje bløffe ein gong til. Likevel greier Beste-Rosa å introdusere han for ein gud som meir blir ein samtalepartnar og brevvenn, enn ein allmektig kraft som kan gjere under. Oscar tar til å skrive brev til Gud, og saman med Beste-Rosa, som er ei dame med høgst uvanlege ressursar, går han inn i ei fiktiv verd der han blir ti år eldre for kvar dag. Slik får Oscar eit langt og innhaldsrikt liv, og gjennom breva til Gud får vi følgje han på livets opp- og nedturar, gjennom pubertet, kjærleik, svik, forsoning, alderdom og død. Det er ei vakker og vemodig forteljing som det er vanskeleg ikkje å bli gripen av, og som trass i alvoret også har ganske mye humor.

Historia er basert på ei av bøkene i ein lengre romansyklus av den franske forfattaren Éric-Emmanuel Schmitt. Produksjonen på Trøndelag Teater er eit samarbeid mellom Kjersti Haugen og Ragnhild Sølvberg. Saman har dei omsett teksten, Kjersti Haugen har ansvaret for dramatisering og regi, og stykket blir framført av Ragnhild Sølvberg. I form er det i hovudsak presentert gjennom dei ulike breva Oscar skriv til Gud, men det er langt frå noko lesestykke eller monolog, – meir ei forsiktig dramatisering. Sølvberg er både Oscar og Beste-Rosa samt nokre andre av folka rundt tiåringen, og i det særs teksttunge stykket hoppar ho ut og inn av dei ulike rollene saumlaust og med den største eleganse. Det er ganske imponerande, for ho har ikkje anna å hjelpe seg med enn stemmeleie og kroppsspråk. Med Sølvberg som vegvisar er det lett å leve seg inn i Oscars univers, og det er ein god prestasjon å greie å halde publikums merksemd så stramt i dryge ein time og ført minutt utan pause. Den norske omsettinga er munnleg og fell naturleg, og personinstruksjonen er framifrå.

Kjersti Haugen har vald ein scenografi med ei ganske nake scene med eit slakt skråplan, i starten forma som eit brev, men etter kvart som tumleplass for Oscar og brevskrivinga hans. Av annan ytre staffasje er det berre litt diskret musikk og forsiktig ljossetting. Her er det forteljinga og ordet som er det viktige. Det er gode val, og både Haugen og Sølvberg har gjort maksimalt ut av historia om Oscar. Særleg når dei kretsar rundt den tabuomspunne døden blir dette både sterkt og lærerikt. Men eg er diverre ikkje like nøgd med alt i tekstgrunnlaget. Det er sjølvsagt ikkje alltid at godt teater må vere truverdig, og ofte må ein berre akseptere eit univers som ikkje er heilt logisk. Men denne veslevaksne Oscar blir nok oftare talerøyr for forfattarens moralske og religiøse idear enn for ein ti år gamal kreftsjuk gut. Etter kvart blir historia vel søt og pedagogisk korrekt, og mange av visdomspoenga som kjem frå tiåringen får eit strok av godtkjøpsfilosofi av den typen folk postar og deler på Facebook. Men det skuggar ikkje over det faktum at Ragnhild Sølvberg har gitt oss ei varm og tankevekkjande framsyning om det vi alle ein gong skal gjennom, men som vi likevel har så vanskeleg for å snakke om.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 14. januar 2014.)

Leave a Reply