Når Julie får Romeo

TEATER

BALKONGSCENA: Som klovnar blir Romeo og Julie raskt avkledd. FOTO: THEODOR WITH

Julie + Romeo
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Katja Brita Lindeberg Produksjoner
Konsept: Katja Brita Lindeberg
Manus:  Katja Brita Lindeberg, Hans Petter Nilsen og Nora Evensen
Regi: Nora Evensen
Scenografi: Ørjan Wiklund
Musikk: Magnus Børmark
Med: Katja Brita Lindeberg og Hans Petter Nilsen

Eit godt og artig konsept som diverre ikkje greier å stå løpet ut.

 

Katja Brita Lindeberg har ein mastergrad i fysisk komedie frå Teaterhögskolan i Stockholm, og har dei siste åra utforska klovnerolla, mellom anna i oppsettinga «Klinsj» frå 2011 der ho saman med musikaren Magnus Børmark presenterte kontrastane mellom boksing og klovneri. Nå er ho attende med ein ny produksjon, og nok ein gong nyttar ho klovnen og delar av hans både komiske og litt såre uttrykksmåte. Med seg på scena har ho Hans Petter Nilsen som har permisjon frå Trøndelag Teater, og som i det siste har turnert med ei framifrå tolking av Dario Fos monologar, «Mistero Buffo». Det er med andre ord skodespelarar som er røynde både når det gjeld komikk og fysisk teater.

Saman med regissør Nora Evensen har dei to skrive ei historie om kva som skjer når Julie får Romeo og dei to flyttar saman. Det er ei forteljing om kjærleikens vilkår, om draumane, løfta, forventningane og dei heilt urealistiske ideane som får ta overhand når hormona får rå. Frå den særs søte, og ganske klisjéfylde romantikken, kjem etter kvart kvardagen, sjalusien, sviktande kommunikasjon, motsetningane og alt det som dei fleste av oss kjenner så alt for godt. Oppsettinga er ikkje akkurat «Scener frå eit ekteskap», men temaet er det same.

Det opnar artig og lovande som ein klovneparafrase over Shakespeare der dei to med ei klossut eleganse entrar scena og på sjarmerande vis leikar seg gjennom delar av Romeo og Julie, pompøst og med masse humor og sjølvironi. Vi får den naive fjortiskjærleiken ikledd ein komisk ferniss, ei vandring i klisjear og sjablongar. Det blir ganske underhaldande og låtten sit laust i salen.

Men så får dei unge elskande kvarandre, dei to går ut av Shakespeare og inn i kvardagen, og der stoppar det også på scena. Frå å vere ein leiken vri på klassikarane, blir det som skulle vere karikering av stereotypiar og vanlege samlivsmotsetningar, i staden særs føreseieleg og ganske fylt med dei klisjeane dei skulle ha det artig med. Dei to tar med seg klovnenasane, men spelet er langt meir realistisk og relativt fritt for klovneri. Og der dei skulle utforske stereotypiane, blir dei i staden vandrande rundt i dei. Det blir langdrygt, og ikkje på langt nær så artig som i opninga. Det hjelper ikkje at det er to dyktige skodespelarar som spelar godt på både publikum og kvarandre når manuset er for dårleg og oppsettinga manglar dramaturgi.

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 14. november 2013.)

Leave a Reply