Dramaturganes inntogsmarsj

TEATER

STØV: Arkivarane bles støv av den nynorske kanon, og syner at han er sprell levande. FOTO: DAG JENSSEN

Ein god dag kjem aldri for tidleg

Det Norske Teatret, scene 3
Konsept og regi: Ingrid Weme Nilsen
Dramaturg: Ola E. Bø og Bodil Kvamme
Scenografi: Mia Runningen
Med: Siren Jørgensen, Katrine Lunde Mackenzie og Randolf Walderhaug
Musikk: Carl Fredrik Falkenberg, Ole Marius Melhuus og Rannveig Ryeng
Eit samarbeid mellom Det Norske Teatret, Sogn og Fjordane Teater og Hordaland Teater

Sjølvsagt ein hyllest til nynorsken og språkåret, men først og fremst den beste pedagogiske forklåringa på kva ein dramaturg er.

Eg hadde arbeidd som teatermeldar i mange, mange år før eg tok til å forstå kva ein dramaturg er og gjer, og sjølv dramaturgane har hatt problem med å forklåre oppgåva si. Men etter denne framsyninga er all tvil feid til sides. Dette var dramaturganes sårt tiltrengte scenedebut i eit muntert, leikent og delvis alvorsamt lite stykke som fekk meg som nynorskbrukar til å føle meg som del av eit univers som er langt større og meir mangslunge enn eg hittil hadde trudd. «Ein god dag kjem aldri for tidleg» er ei framsyning til verkeleg å bli glad i.

Tilsynelatande er dette eit upretensiøst lite stykke scenekunst, blott til lyst, og laga for å underhalde, og for å hylle Aasen, det norske folkemålet, og den nynorske kanon i dette språkåret. Korkje meir eller mindre. Trudde eg. Men skinnet bedrar. For dette er langt meir for den som vil leite og sjå. Og særleg for dei av oss som er glade i både teater og nynorsk er her uendelege mye å gle seg over. Når eg nå har lira av meg all denne panegyriske rosen, må eg kanskje grunngi entusiasmen min og fortelje lesaren kva framsyninga dreier seg om.

Vi er i arkivet til eit teater, det kan vere på Det Norske Teatret, på Sogn og Fjordane Teater eller på Hordaland Teater. Desse tre er det som står bak produksjonen, og sams for dei er at dei alle har nynorsk som hovudmål. I eit lett støvete og litt slitt arkiv møter vi sjefen (Siren Jørgensen) og den tilsette (Randolf Walderhaug). Dette er tydeleg kontoret Gud gløymde, ein plass der lite skjer, og der ein slags intellektuell leik og rivalisering, og kanskje også ein ørliten flørt mellom dei to, er det som får dagane til å gå. Så får dei brått besøk av ein dramaturg (Katrine Lunde Mackenzie) som har ei liste med tekstar dei må finne fram så fort som råd. Teatret skal setje opp eit stykke som heiter «Ein god dag kjem aldri for seint» (eit Aasensitat) med ulike tekstar frå den nynorske litterære kanon, og så er vi i gang.

Dette er metateater på sitt beste, for det handlar sjølvsagt om seg sjølv, og om vegen fram til produksjon. Dei to arkivarane syner seg å vere langt meir kreative enn førsteinntrykket skulle tilseie, og dei grip inn i dramaturgien som var dei både dramaturg og regissør. Opplegget var at dette skulle bli eit potpurri over ulike norske tekstar frå Ivar Aasen til Olaug Nilssen. Det kunne lett ha blitt ei endelaus og ganske keisam vareoppteljing, akkurat slik ein kan forvente på eit arkiv. I staden er det blitt ein laussloppen, velspela, artig og intelligent kabaret som både er sjølvironisk og stappfull av undertekst. Litt diskret, i bakkant av arkivet står eit lite husorkester. At det heiter Ark Ivars er symptomatisk for den humoren som gjennomsyrer denne framsyninga. Med akkompagnement frå dei tre i bakgrunnen syng, dansar og leikar dei tre på scena seg gjennom dramaturgens liste med ein god porsjon kreative, og tidvis både elleville og absurde innspel frå arkivarane. Det er eit strålande opplagd ensemble som både syng, resiterer og dansar, og som greier å lage sjarmerande humor av det meste. Personinstruksjonen er framifrå.

Bak produksjonen står ikkje mindre enn tre dramaturgar. Dei krediterte er Ola E. Bø med lang fartstid på Det Norske Teatret og Bodil Kvamme frå Sogn og Fjordane Teater. Men også Ingrid Weme Nilsen, som har både konsept og regi, er eigentleg tilsett som dramaturg ved Det Norske Teatret. I tillegg har ho i vel ti år leia gruppa Pontenegrinerne, og dei siste åra har ho arbeidd ved Teaterhuset Avant Garden i Trondheim og som dramaturg og regissør på Trøndelag Teater. Der har ho regissert ei rekke temmeleg ulike produksjonar frå ein nydeleg tolking av Pinters «Ein liten irritasjon» til nyskrive norsk dramatikk, både frå hennar eiga hand og andres. Eg har vore så heldig å få sjå det meste, og har gledd meg over utviklinga, men at ho også skulle ha slik fingerspisskjensle for det nynorske var heilt uventa. Her er mye sjølvironisk nynorskhumor som tar den særs interne kampen mellom «an-be-het-else» og «leik-skap-nad» på kornet. Og sjølvironien gjeld i like stor grad teatermetaforar, dramaturgi og regi når skodespelarane mot slutten seier at nå må vi ha forsoning og eit grensesprengjande avslutningsnummer. Som om ikkje dette skulle vere nok, greier dei det kunststykket å presentere heile tretti ulike songar og tekstar frå den rike nynorske skattkista utan at det blir oppramsing. Treng eg eigentleg seie meir?

Leave a Reply