Krig og trivialitetar

TEATER

TOLV ÅR: Erik kopierer ein tolvåring som er drepen, medan Lisa meiner han ikkje hadde eit liv som var verd å leve. FOTO: EIRIK BRENNE TORSETHAUGEN

Krig og fred
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim
Av Eirik Fauske
Regi: Erlend Samnøen
Scenografi: Marie Steen Löwendahl og Ingrid Tønder
Med: Lisa Birkenes Thun, Kristoffer Veiersted og Erik Bauck Bårdstu

Med «Krig og fred» syner Eirik Fauske nok ein gong at han er ein dramatikar vi må rekne med i tida som kjem.

For fire år sia skreiv og produserte Eirik Fauske framsyninga ”Gullalðurir”  der han på rekordtid oppsummerte dei siste 40 000 åras evolusjonshistorie innsiktsfullt og annleis. For halvtanna år sia dramatiserte han den norske oljehistoria med oppsettinga «Lindås» der han såg dei siste 30 åras utvikling gjennom augo til si eiga familie i nærleiken av Mongstad. Og båe gongane nytta han aktørar frå skodespelarutdanninga ved Høgskolen i Nord-Trøndelag (HiNT) der han sjølv er utdanna. Nå er han attende med ein produksjon om nok eit viktig tema, og også denne gongen i samarbeid med HiNT. I det såkalla «demokratiprosjektet» ved skolen er tre forfattarar bedne om å skrive kvar sin heilaftans tekst for avgangsstudentane.  Fauske er sjølvsagt ein av dei tre, og tysdag var det urpremiere på «Krig og fred» på Teaterhuset Avant Garden i Trondheim.

I «Lindås» var Erlend Samnøen med som skodespelar, men denne gongen har han ansvaret for regien. Saman har Fauske og Samnøen laga ei oppsetting om fenomena krig og fred, og kor hårfine skilnader det kan vere mellom dei i dag ettersom Norge er og har vore involvert i det dei fleste vil kalle krig, men som med norsk nytale har fått alle mogelege eufemistiske nemningar. Valden og krigen er kome nærare etter at informasjon og nyhende berre er nokre tasteklikk unna og nabojenta drog til Afghanistan. Men er det røyndomen vi får? Og tar vi han verkeleg inn over oss? Eller er alt saman berre ein slags war game og relativt uverkeleg? Og er det kanskje også skilnad på oss og dei? Dette er tema Fauske og Samnøen problematiserer gjennom ei oppsetting som er full av paradoks, humor, sjølvironi og uventa vendingar.

Framsyninga er bygd opp som ei naivistisk skisse til ei teateroppsetting med høgtlesne scenetilvisingar og der kvar scene blir innannonsert med nummer og namn. I ei særs leiken metaform der skodespelarane spelar seg sjølve, på same tid er både pompøse og sjølvironiske, og der scenetilvisingane blir til undervegs og faktisk også omfattar publikum, blir vi tatt med frå krigens alvor til eigne kvardagslege trivialitetar, og frå eit motsett droneåtak til eit støyande nachspiel. Som alt anna Fauske har skrive, er det godt observert og formidla, gjerne litt surrealistisk, fullt av humor, men med den dystopiske røyndomen rett attom.

Erlend Samnøens regi har tatt godt vare på Fauskes tekst og idé, og han har også hatt ei særs god hand om personinstruksjonen av dei tre på scena. Bortsett frå at dei er litt språkleg usikre, kjem dei alle særs godt frå oppgåva. Men det er nok likevel Fauskes tekstgrunnlag eg først og fremst vil hugse. Med det eg har sett frå Eirik Fauskes hand dei siste fire åra, er dette ein dramatikar vi heilt sikkert vil høyre meir frå. Tekstane hans så langt er intelligente, litt absurde, humoristiske, ofte med ei uventa vinkling, og alltid vesentlege.

(Meldinga stod i Klassekampen torsdag den 31. oktober 2013)

Leave a Reply