Apokalypsen neste?

REVY

JU-BALLONG: Kva gjer ein når festen er over og ballongen sprekker? FOTO.SAMFUNDET.NO

Jubalong
UKA-13, Studentersamfundet i Trondhjem
Av Forfattarkollegiet
Regi: Sivert Ericson Aarnes og Thomas Andersen
Koreografi: Thea Ericsson Aarnes
Musikalsk ansvarleg: Christian Aftret Eriksen
Scenografi og kostyme: Kulissegjengen og Kostymegjengen
Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT)

Festen burde vere over, men vi må berre ha eit glas til. Det er Olje-Norge i eit nøtteskal!  (Og kanskje også den mest presise oppsummeringa av årets valresultat?)

Studentersamfundet i Trondhjem feira hundreårsjubileum for tre år sia, og det same gjorde Studentersamfundets Interne Teater (SIT). I 1913 sette SIT opp revyen «Maxis», og med heile 20 visingar og stor suksess var grunnlaget lagt for det som frå 1917 blei den første studenter-UKA. Med årets UKE er det difor ein hundreårlang revytradisjon som blir feira, og ei verdig feiring er det blitt.

Studentersamfundet i Trondhjem er spesielt, og det heng i stor grad saman med UKE- og revytradisjonen. For å trygge økonomien for dei neste to åra, og sjølvsagt også for å feire seg sjølv, blir det annakvart år arrangert ei 25 dagars UKE, Norges desidert største kulturfestival, arbeidd fram på dugnad av meir enn 1600 studentar. Sjølv om kulturtilboda er legio, er det revyen som er drivverket i det heile. UKE-revyen i Trondheim har tidvis revolusjonert og vore trendsetjande for norsk revy, tallause er dei songar som etterkvart er blitt allemannseige, og det er ikkje så reint få av norske skodespelarar og instruktørar som har fått grunnutdanninga si i det runde huset ved Elgeseter Bru. Det er difor alltid knytt store forventingar til revyen, og jamvel om det heile blir produsert og framført på dugnad av unge amatørar, er nivået så høgt at her legg ein ikkje vurderingslista lågt.

Ein god revy skal ha ei fin blanding av uhøgtideleg humor, tull og tøys, litt alvor, gode songar, skarp satire og aller helst også eit skråblikk på vår eiga samtid. I tillegg skal han sjølvsagt vere profesjonelt og dyktig framført i alle ledd. Årets revy fyller alle desse kriteria, og det seier ikkje så reint lite. Gjøglargleda har alltid sitte laust i revyane, men ofte er dei blitt litt vel interne og studentikose. Ikkje slik denne gongen. Faktisk kan ein ane ein raud tråd heilt frå UKE-plakaten, via namnet «Jubalong», og til det gjennomgåande temaet i revyen. Det er jubalong, vi er på verdas beste fest, men innerst inne veit vi at alle ting tar slutt, og at rikdomen og festen truleg berre er ein oppblåst ballong som før eller seinare vil sprekke. Referansane til det nyrike Olje-Norge bør vere openberre.

Det startar imponerande med ein feiande og velkoreografert opningssong som fortel om sjampanjeflaska dei fann i kjellaren på førjulsvinteren i 1969, og sia har jubalong vore vår sjargong. Så fell intensiteten litt utover i 1. akt med mange små sketsjar med gode idear, men framleis litt uforløyste. Slikt må ein rekne med, og dette vil nok gå seg til. Men for all del, – både Rosenborgsongen, eit skråblikk på flåtthysteriet, og Trondheimsvisa er nummer som eg vil hugse. Og finalen i første akt er ein ganske genial musikalsk parodi på Melodi Grand Prix der særleg det spanske innslaget var heilt ubetaleleg.

Etter pause blir det berre ein endelaus opptur der høgdepunkta står i kø. Og heile tida med den underliggjande, apokalyptiske vissa om at vi lever i ei boble. Det vil føre alt for langt å referere alle numra, men «Kesam stasjon», ein muslimsk parafrase over det som var barne-TV for dagens studentar, var både tatt på kornet og gjort ellevilt og hysterisk morosamt. Og ei særs vakker, melodiøs og litt sår vise om studenten som let seg drive relativt viljelaust nedover Nidelva og ut på ope hav, har det som skal til for å bli ein evergreen.

UKE og revy er tradisjon, og revyen skal ha både ei drikkevise og ei Trondheimsvise. Drikkevisa er godt integrert i sjampanjefesten vi er vitne til, og Trondheimsvisa har rett nok stole litt av tema frå tidlegare bysongar, som «Munkgata» frå 1975, men denne nydelege franske valsen har alt i seg til å få eit liv etter dette. Det er færre viser i denne revyen enn tidlegare, men musikken er likevel særs til stades. Eit godt og dyktig leia orkester lagar saumlause sceneskift med småsnuttar frå den hundreårige songtradisjonen til revyane. Christian Aftret Eriksen har leika seg musikalsk, og ikkje før nå har eg forstått at Rosenborgsongen eigentleg har stole tema frå Samfundets nasjonalsong, «Nu klinger».

Dei ti studentane i ensemblet er dyktige multitalent som både meistrar spel, song og ikkje minst ganske krevjande koreografi. Det er tempo, raske skift, og det heile blir gjennomført med presisjon og teknisk briljans. Bak det heile står regissørane Sivert Ericson Aarnes og Thomas Andersen. For berre fire år sia var dei båe del av revyensemblet. I staden for profesjonelle instruktørar, har SIT skjønt at her må regissørane ha detalj- og lokalkunnskap, og resultatet er ikkje mindre enn imponerande.

(Meldinga (litt forkorta) stod i Klassekampen tysdag den 8. oktober 2013.)

Leave a Reply