Peer med hjartesår

TEATER

KOSMOPOLITT?: I Peers velfødde, men sjuke oljeunivers dukkar sjølvsagt kriseramma europearar opp. FOTO: BENGT WANSELIUS

Peer Gynt
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av  Henrik Ibsen
Regi: Marit Moum Aune
Bearbeiding: Ingrid Weme Nilsen, Marit Moum Aune og ensemblet
Scenografi: Even Børsum
Kostyme: Ingrid Nylander
Koreografi: Arne Fagerholt
Lysdesign: Eivind Myren
Dokkemakar: Turid Bjørnsen
Musikk: Edvard Grieg og Trondheim Symfoniorkester
Med: Espen Klouman Høiner, Terje Strømdahl, Janne Kokkin, Ingrid Bergstrøm, Silje Lundblad, Mads Bones m. fl.

Medan Peer Gynt drar ut for å erobre verda, tar Marit Moum Aune oss med på ei reise i Peers indre.

Marit Moum Aune gjer det ikkje lett for seg. Eg har sett eit utal produksjonar frå hennar hand, men aldri noko så ambisiøst som denne oppsettinga av Peer Gynt. Dette nasjonaleposet der Ibsen held dommedag over det norske, er tolka, fortolka, vrengt og vridd på av ulike regissørar opp gjennom åra, og fikse idear til nye regigrep er nesten meir vanleg enn teksttru oppsettingar. Peer blir ofte spela i retrospekt og med både den unge og gamle på scena samstundes. Når Aune også gjer dette, er det i seg sjølv ikkje spesielt nyskapande. Det nye er at ho har funne ut at Peer Gynt er Ibsen på syre.(!) Ho opnar med Peers møte med Den framande der Peer får eit hjarteinfarkt, og hamnar på sjukehus, og frå sjukesengas morfinrus ser han livet i retrospekt i ei surrealistisk blanding av tid og rom der det meste går føre seg i Peers indre.

Vi får ei oppsetting med ei ytre og fysisk handling rundt sjukesenga med helsepersonell og helikoptermannskap, medan det verbale er Ibsens tekst, rett nok noko modernisert, men likevel ganske tru mot originalen. Det blir ei temmeleg schizofren framstilling, og i lang tid lurde på kva slags fiks idé dette var. Til vi langt om lenge nådde den scena og rollefiguren eg personleg har hatt mest problem med å akseptere i Ibsens univers. Det finst så uendeleg mange flotte og sterke kvinner i dramatikken hans, men den sjølvutslettande og håplaust ventande Solveig er og blir ein tragisk skapnad. Så kjem vi til Solveigs song, nydeleg og sårt framført av Ingrid Bergstrøm, og ståande inne i det som eg brått forstår er eit bankande hjarte. Då dett brikkene på plass for denne meldaren, han frys og kjenner tårene presse på. Det er jo Peer som har hjartesår, – sjølvsagt er han hjartepasient! Etter dette blir alt det surrealistiske fullt forståeleg. Men Aune tok sjansen på å halde meg i uvissa i over ein time. Det tener ho til stor ære at ho har slik tillit til publikum, leikar seg med oss og held oss på pinebenken. Ho tar også for gitt at dei fleste i salen kjenner sin Peer, og når skodespelarane, og særleg Terje Strømdahl som den gamle Peer, kjem til eitt av dei mange velkjende sitata, blir det berre kasta ut i salen som ein humoreske. Og publikum ler og tek villig i mot.

Denne oppsettinga er også særs ambisiøs som produksjon. Det er ikkje spart på noko, samstundes som det uttrykksmessig likevel er blitt ei nøktern framsyning med rikeleg, men kresen bruk av effektar. Scenografien til Even Børsum er ei blanding av det klinisk reine sjukehuset, og eit nesten surrealistisk virvar av indre organ, tarmar og blodårer. Særleg er det siste blitt ei fantastisk ramme om Peer i Dovregubbens hall, ei ramme som gjer møtet med trolla langt meir forståeleg samstundes som det er blitt ei frodig og burlesk einskildscene som kan stå heilt på eigne bein. Slik også med Prestens tale, som i sitt enkle og reine uttrykk står i skarp kontrast til trolla, men som i Mads Bones godt framførde monolog blir minst like verknadsfull. Trøndelag Teater har fått Trondheim Symfoniorkester til å lage ei nyinnspeling av Edvard Griegs scenemusikk, og trass i at dette er ein særs moderne versjon av Peer Gynt, står musikken forbløffande godt som kommentar og illustrasjon til dei ulike scenene.

Sjølv om Peer Gynt er Ibsens ramsalte kritikk av norsk veremåte, og om å vere seg sjølv nok, lar vi oss som oftast likevel forføre og fengsle av denne dritsekken og løgnhalsen utan indre substans. Marit Moum Aune har ikkje latt det samfunnskritiske høvet gå frå seg, og har lagt inn ein god del politiske kommentarar som ho på genialt vis har funne rot for i Ibsens tekst. Slik er denne produksjonen blitt eit uvanleg dagsaktuelt skråblikk på det pågåande stortingsvalet, og når Peer hamnar på rom med fem av statsleiarane i Europa, som ligg sjuke med Eurokrisa, syner det berre kor mye ein kan finne i Ibsens manus for den som vil leite. Med Turid Bjørnsens fantastiske dokker, er denne scena blitt ein nydeleg kommentar, i ei akkurat passe blanding av surrealisme, komikk og politisk teater.

Marit Moum Aune har vrengt Peer Gynt og tatt oss med til det indre, til mannen utan ryggrad eller kjerne, og held han opp for oss avkledd all ytre staffasje, naken og med hjartesår. Terje Strømdahl og Espen Klouman Høiner som den gamle og unge Peer, er båe samstundes til stades, Strømdahl kommenterande frå morfinrusen i sjukesenga, og Høiner illustrerande på scena. Det er eit intrikat samspel som skal gjerast særs godt for at vi heile tida skal forstå endringane i tid og rom. Men det er to strålande opplagde skodespelarar som meistrar den vanskelege vekslinga til fulle. Ved at båe er på scena samstundes, får Peer også høve til å møte seg sjølv. I det tilbakeskodande perspektivet er dette blitt til mange fine scener, som til dømes mor Åses død, og også ei der det syner seg at Bøygen faktisk er Peer sjølv.

Denne produksjonen er eit ensemble- og regiteater på sitt beste, og eit kollektivt løft av det heilt store, men også ei særs visuell framsyning der Arne Fagerholts koreografi saman med lys, musikk, masker, dokker og scenografi gjer han til ei sanseleg oppleving som understrekar og illustrerer regissørens berande idé. Marit Moum Aune tar oss med på ei spennande og nyskapande reise til Peers indre, finn uventa og dagsaktuelle tema i tekstgrunnlaget og provar at, – ja; Peer Gynt er verkeleg Ibsen på syre!

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 9. september 2013.)

Leave a Reply