Ein Jeppe av vår tid

TEATER

GALGENHUMOR?: Ein sprell levande Jeppe som gir oss eit oppgjer med rikdom, snobberi og menneskeleg dårskap. FOTO: GISLE BJØRNEBY

Jeppe
Hålogaland Teater, scene vest
Fritt etter Ludvig Holberg
Dramatisert av Ketil Høegh og Ragnar Olsen
Regi: Ketil Høegh
Scenografi og kostyme: Nora Furuholmen
Med: Finn Arve Sørbøe, Kristine Henriksen, Ulla Marie Broch, Svein Harry Schöttker Hauge m.fl.

Jeppe som bitande politisk satire, ein Afghanistanveteran det er lett å bli glad. Og så forstår vi endelig kvifor han drikk.

 

Då Ludvig Holberg skreiv «Jeppe paa Bierget» for snart 300 år sia, tok han utgangspunkt i si eiga samtid for å syne menneskas dårskap. Alt for lenge har teatra spela Holberg i tidleg 1700-tals tapping, eller som ein semimodernisert anakronisme utan eigentlege røter i røyndomen. Nå har Hålogaland Teater nyskrive heile historia, og attende er berre tematikken, medan resten er fornøyeleg og lett gjenkjenneleg nåtid. Det er blitt ein velspela, artig og ikkje minst politisk Jeppe, slik Holberg kanskje hadde skrive stykket, hadde han levd i dag.

Jeppe Berg (Finn Arve Sørbøe) er den same drukkenbolten, latsabben og livsløgnaren som før, og Nille (Kristine Henriksen) er like uforsonleg og valdeleg. Men nå er det meir forståeleg kvifor Jeppe er som han er. Han er Afghanistanveteran, og sjølv om vi ikkje får det akkurat gnidd inn, har dei fleste av oss fantasi nok til å forstå at opplevingane frå krigssona kan gjere dei sterkaste av oss både drikkfeldige og meir til. Jeppe er blitt ein latsabb som ikkje ein gong orkar å nave, TIL-supportar, busett i Strandvegen i Tromsø, og gift med stuepiken Nille, tilsett på eitt av byens hotell. På veg til Eurospar for å handle på tikronarsmarknad blir han freista av den lokale pubeigaren, eksilrussar og også han med ei forhistorie i Afghanistan, og i staden for å få handla det han skal, hamnar Jeppe sovande i rennesteinen. Der blir han funne av storinvestoren Mille Farmand (Ulla Marie Broch) og assistenten hennar, Gustav Gravensten (Svein Harry Schöttker Hauge) som same dag skal opne Tromsøs nye storstue, eit nytt fallossymbol av eit hotell med celebre gjestar som Kjell Inge Røkke, Erna Solberg, Helga Pedersen og Liv Ullmann. Å vere rik er som dei fleste vil skjøne, utruleg keisamt, og for å sprite opp kvardagen kjem fru Farmand opp med ein glitrande practical joke om å gjere Jeppe til direktør J.P.Bergh. Og så er vi i gong.

Med mye kunnskap om vår politiske samtid, og om kva som er morosamt og god satire, boltrar Høegh og Olsen seg i gags, og ei salig blanding av ufarleg humor og bitande politisk satire. Det er samtidas uendelege innhaldsløyse, klassemotsetnader, rikdomens stupiditet og ikkje så reint lite sårt alvor som blir rulla ut. Eit strålande opplagt ensemble, leia av ein energisk og sjølvironisk Jeppe, held publikum i age med god timing og treffsikre replikkar nesten heilt til endes. Det er ikkje lett å dra eit slikt drama saman til slutt, og Olsen og Høegh slit nok litt for lenge med å finne den endelege finalen. Men undervegs gir dei oss underhaldning så det held. Om Holberg skal moderniserast, så er det openbert slik det skal gjerast.

 

Leave a Reply