Fleirstemt blandakor

TEATER

MIMIKK: Når alle nå kan nytte røysta som dei vil, kan tagal mimikk stundom vere ein vel så effektiv stemme. FOTO: GT NERGAARD


Stemt
– En feiring av den allmenne stemmeretten
Av Marianne Meløy
Regi: Øyvind Brandtzæg
Komponist/musikalsk ansvarleg: Trygve Brøske
Med: Marianne Meløy
Trøndelag Teater, Theatercaféen

Noko så umogeleg som ein fleirstemt monolog.

Det er hundre år sia røysteretten i Norge blei ålmenn, og det er sjølvsagt verd mang ei feiring. Men Marianne Meløy er ikkje Marianne Meløy utan også å setje skråblikk og vri og vrenge på det meste. Med utgangspunkt i at røysta er meir enn ei ytring annakvart år, men også kva vi seier, syng og skrålar til dagleg, og ikkje minst i kva for leie og korleis vi gjer det, har ho laga ein halvannan times musikalsk kabaret der ho let eit utal stemmer kome til orde i det som etter kvart blir eit temmeleg fleirstemt blandakor.

Marianne Meløy er eit multitalent. Som skodespelar har ho eit enormt register frå det urkomiske til det djupt alvorlege. I tillegg har ho gjennom både ulike teaterproduksjonar og ei årrekkje som fast kåsør i Norgesglasset i NRK P1også synt seg som ein dugandes skribent. Med bakgrunn frå heimplassen sin i Vesterålen og eit ganske mangefasettert typegalleri presenterer ho nå ein kakofoni av forskjellige røyster og historier der det einaste dei har sams er at dette er stemmebruk på ulike nivå. Med utgangspunkt i at alle må få synge med sitt nebb, byr ho på barokke, artige, tragikomiske og kvardagslege fortellingar, tilsynelatande presentert etter innfallsmetoden, der du verkeleg skal halde tunga rett i munnen for å henge med. Poenga sit laust og låtten i salen likeeins. Her er leik og oppgjer med mytar, her er uvant vri på det vi trudde vi kjente, og her er kvardagsfilosofiske vurderingar i hysterisk morosam påkleding. I eit stort tempo og så godt som utan pausar byr ho på utsegner og historier frå det ein til slutt vil tru må vere alle personane på heimplassen hennar, og vel så det. Samt ikkje så reint få kvinnelege politikarar.

Tekstane hennar er underfundige og gode. Dei er fulle av humor og uventa vendingar. Med god regihjelp av Øyvind Brandtzæg er framføringa presis og i eit godt samspel med komponisten Trygve Brøske som både akkompagnerer og kommenterer. Marianne Meløy er fortruleg med både tekst og typar, for dette er så avgjort hennar eige stoff, og publikum ser ut til å ha det fortreffeleg. Men eg må likevel vedgå at eg har sett ho meir vellukka, som til dømes i julekabareten med Trønderhøns for halvtanna år sia. Der fekk historiene hennar vere frittståande tablå i ein større samanheng, og med tid og rom for pausar, medan det i «Stemt» stundom blir i meste laget, og der det ofte ikkje er stor nok skilnad på likt og ulikt, eller stemt og ustemt for å nytte hennar eigen terminologi.

Å innføre ålmenn røysterett for alle var sjølvsagt ei politisk handling, og jamvel om dette ikkje er spesielt kontroversielt i dag, har feiringa til Meløy også ein agenda bak all humoren. Det er både mannssjåvinisme og andre fordommar som får gjennomgå, men tøffast er ho kan hende med sine eigne. I beste David Letterman-stil syr ho det heile saman med ei kåring av dei ti beste replikkar frå norske kvinnelege politikarar der spennet i innhaldets klokskap, eller mangel på slikt, syner at kvinner nok ikkje skil seg så mye frå menn akkurat på det området.

I denne feiringa av alskens stemmebruk, i spennet mellom å ytre seg politisk til song og kvardagsbabbel, er Meløy paradoksalt nok best i dei stille og nesten tause partia. Det er når mimikken og det lydlause ettertenksame får overdøyve – ja nettopp overdøyve – den vanlege pratinga, at ho treff mest. Når alle nå kan nytte røysta si som dei vil, er det kanskje symptomatisk at det er den tagale som blir høyrt?

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 19. april 2013)

Leave a Reply