Ei humoristisk skisse

C’EST MOI: Kan ei avriven hand og ei grøn kryssfinertavle vere nok til å løyse ei mordgåte? FOTO: INGVILD HOLM

TEATER

MOI, MORD
Av og med Ingvild Holm
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Ei kvasivitskapleg og humoristisk skisse, men korkje eigna til å løyse mordgåter eller stille eit særleg skarpt søkelys på makta i kulturlivet.

Den både særeigne og nyskapande teatergruppa Baktruppen la ned verksemda si for to år sia, mye grunna vanskelege rammevilkår både med omsyn til byråkrati og økonomi. Ingvild Holm, eitt av medlemma i teaterkollektivet, har nå gått solo, og laga ein produksjon der ho på eit kvasivitskapleg og humoristisk vis freistar å løyse ei mordgåte, og onsdag var det urpremiere på Teaterhuset Avant Garden i Trondheim. Framsyninga er, etter det Holm fortel, niande episode av ei gransking av forholda for kulturen der ho etterforskar liket av eit teater som har stått opp att som kulturell strategi, eller som eit trojansk esel(?), og der Erasmus Montanus bur seg på ein intervensjon i maktapparatet! Om du alt har ramla av, er det fullt forståeleg, for i dette ganske surrealistiske universet sit metaforane laust, dei er ikkje alltid like presise, og det er referansar både til Foucault og Wittgenstein. Men sjølv om det heile er halde i ein tilsynelatande akademisk stil, er det nok mest (den sviktande) logikken til Erasmus Montanus som er den berande, og ikkje ein vitskapleg diskurs eller nøktern gransking.

Holm har i dobbel tyding tatt med seg mye bagasje frå Baktruppen, og scenografi og rekvisittar ber på sjarmerande vis preg av å vere samanraska, men gjer likevel nytta. Nokre kryssfinerplater, eit par masker, ei avriven hand og eit slitt piano er det som skal til. Som i Baktruppen går det litt over stokk og stein, og slik skal det vere. Presis synkronisering og nøye innstuderte  sceneskift er framandord. I staden følgjer vi den noko ubehjelpelege  granskaren gjennom tre kvarter med tilsynelatande tull og tøys, men som stadig vekk, – men ikkje alltid – syner seg å vere intelligent tull og tøys.

Ingvild Holms agenda skal vere å rette eit kritisk søkelys mot paradoks og mysterium i norsk kunstpolitikk og kulturforsking. Målet er slik sett ganske pretensiøst. Men forma hennar er så slentrande og fri, og så full av surrealistiske sidesprang, at det er vanskeleg å ta ho heilt alvorleg, eller å forstå når ho skjemtar, og når ho meiner alvor. Slik leikar ho seg med publikum, og driv på eit vis litt ap med oss. Dette er i høgste grad metateater som handlar vel så mye om seg sjølv som om noko meir grunnleggande.

«Moi, Mord» er blitt ei humoristisk og underhaldande lita framsyning, og seier mye om namedropping, akademisk snobberi og kvasivitskap. Men om det er slik at Holm verkeleg ønskjer å sette skråblikk på kunstpolitikk og kulturforsking, har eg vanskeleg for å følgje henne heilt. Om det då ikkje er at kulturbyråkratiet eigentleg berre er svada og tomt snakk, for i så fall er «Moi, Mord» ganske treffande. Samstundes blir vel dét litt for enkelt. Framsyninga er i så måte meir å sjå på som ei humoristisk skisse, enn som eit endeleg prosjekt.

 (Meldinga stod i Klassekampen fredag den 22. februar 2013.)

Leave a Reply