Outsourca kjensler

TEATER

ANDROGYNT: Som eit spark til castingproblematikken er kjønnsidentiteten til Bendixen og Tveterås ganske uklår. FOTO: GLEN MUSK/ADRESSEAVISEN

Jeg anser deg for å være et ualminnelig begavet ungt menneske
Av Angelina Josephine Stojčevska  (og Kjersti Tveterås og Kine Bendixen)
Regi: Angelina Josephine Stojčevska
Med: Kjersti Tveterås og Kine Bendixen
Trøndelag Teater, Gamle scene

Eit teaterstunt, og ein pendant til klassikarane som vi gjerne skulle ha sett oftare på norske scener.

Teater er som all annan kunst ikkje eit museum, men ein prosess. Eit manus kan aldri bli anna enn ei skisse for regissørens vidare arbeid. Og det endelege resultatet er avhengig av eit utal andre parameter som kan endre seg frå dag til dag. Dette burde vere elementært, men likevel sit det rettigheitseigarar som krev detaljstyring av regi, scenografi, casting og jamvel teaterplakat. Det er diverre først 70 år etter forfattarens død at det er fritt fram. Slik har Trøndelag Teater dei siste åra opplevd at dramatikarar som Samuel Beckett og Arthur Miller ikkje kan spelast i det som burde vere desse dramatikaranes and. For fire år sia måtte teatret ta «Mens vi venter på Godot» av plakaten rett før premiere avdi det ikkje fekk løyve til å la dei to ventande vere kvinner. Og rett før jul fekk teatret beskjed om at det ikkje kom på tale å nytte Kjersti Tveterås i to mannlege biroller i Arthur Millers «En handelsreisendes død». For eit lite, norsk regionteater er det sjølvsagt fåfengt å ta kampen opp mot amerikanske juristar. I staden gir teatret svar på tiltale, og set opp ei ny, lita framsyning som ein pendant til det heile.

Etter ein månads manusarbeid og ni prøvedagar, var det laurdag urpremiere på «Jeg anser deg for å være et ualminnelig begavet ungt menneske» med teatrets eldste og yngste skodespelarar (Kine Bendixen og Kjersti Tveterås) i rollene, og med manus og regi av Angelina Josephine Stojčevska, registudent på Kunsthøgskolen i Oslo. Tittelen er eit sitat frå Miller, og her er flust med lenker til opphavet. Som ein kommentar til bakgrunnen for det heile, er dei to på scena transvestittar, og tema er skråblikk på det karrieresamfunnet som berre er blitt verre og verre i dei vel 60 åra som er gått etter urpremieren på «En handelsreisendes død». Nå er det ikkje lenger berre arbeid som blir outsourca, men også kjenslene våre. Det er blitt ei særs humoristisk oppsetting, full av overraskingar, gags og skråblikk, kanskje litt internt, men for ei framsyning som berre blir spela ni gongar, og for maks 30 personar om gongen, må det vere lov å vere litt selektiv. Teatret har kalla det eit vorspiel til Miller, men for dei mange uinnvia, kunne det like gjerne ha vore ein epilog.

«Begavet» er upretensiøst og kanskje ikkje stor kunst, men eit teaterstunt vi gjerne skulle ha sett meir av på norske scener. Her får vi presentert eit lovande regitalent i fri utfalding, saman med ein røynd skodespelar og ei Kjersti Tveterås som på energisk og overtydande vis syner at ho kan nyttast til kva det skal vere, heilt sikkert også til å spele både Howard og Bernard der ho peikar nase til amerikansk utdatert rettigheitsjus.

Leave a Reply