Levde liv

DANS

EKTE VARE: Kanskje ikkje gratie og teknisk briljans, men definitivt levde liv. FOTO: LENA KNUTLI

Patina
Idé og koreografi: Arne Fagerholt
Med: Seniordansen, Orkanger
Trøndelag Teater, Studioscena

Lite teknisk briljans, men levde liv og koreografert autentisitet.

Dans er ikkje berre tåspiss-sko og piruettar. Dans er koreografert rørsle. Det syner Arne Fagerholt oss til fulle på Studioscena på Trøndelag Teater eit par veker framover. Etter ein eventyrleg karriere som dansar, koreograf, og også skodespelar, har Fagerholt flytta heim til Orkdal der han nå er kulturleiar. For eit drygt år sia såg han Seniordansarane øve i Kulturhuset, og fekk ideen til ei framsyning med godt vaksne damer. Etter eit års øving var det premiere på Orkanger i september, nå gjestar produksjonen Trøndelag Teater, og til sommaren blir det gjestespel i Operaen i Bjørvika.

«Patina» heiter framsyninga, og det står for å eldast med ynde. Her er 24 kvinner i alderen 65 til 87 år, alle med levde liv og sine historier, og fullstendig uretusjerte. I dette og i opparbeidd livsvisdom ligg det vakre, meiner Fagerholt, og det freistar han å vise gjennom ei framsyning bygd opp av ulike tablå som syner oss ein koreografert livsfrise, generasjonars gong, kjærleik, draumar og tap. Det tar til med tretten år gamle Sara Marie Syrstad som med barnets undring og leik hoppar paradis og gjer enkle dansetrinn før damene kjem inn i kvite underkjolar. Ei litt famlande opning der det er mange problem med synkroniseringa, men likevel gratie og verdigheit så det held. Etter kvart kler damene på seg, og gjennom ei rekke tablå får vi presentert livets mange fasettar frå krig og okkupasjon til tap, lengt, gråt over sorg og glede,  og sjølvsagt også til kjærleiken. Tonefølgjet er alt frå norske 50-talssvisker via Gluck, Chopin og Satie til Pat Boone. I denne blandinga av likt og ulikt syner damene oss livet både frå fram- og baksida. Ikkje alt er like vellukka, men framsyninga er på sitt sterkaste når ho freistar å fortelje ei historie. Det var til dømes imponerande å sjå kor mye smerte og innleving ei kvinne åleine med ein stol greidde å formidle. Og sjølvsagt er det sjarmerande når damene flørtar hemningslaust med publikum og endåtil byr på hoftevrikk!

Finalen blir eit gjensyn med opningsdansen og den unge Syrstad, og syner oss at livet er ein syklus. Ringen er slutta. Arne Fagerholt har vist at dans ikkje treng å vere virtuositet og teknisk briljans, men like mye innleving og velkoreografert rørsle. Alt er ikkje like bra, men det framsyninga manglar i det tekniske, tek ho mangfaldig att i sjarm og ikkje minst autentisitet. Dette er ekte vare!

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 8. desember 2012.)

Leave a Reply