Å vere utanfor

TEATER

UTANFOR: Vampyren Eli, ein metafor for dei som står utanfor. FOTO: ESPEN STORHAUG/BANJO MEDIA

La den rette komme inn
Basert på roman av John Ajvide Lindquist
Omsett av Ketil Kolstad
Regi og dramatisering: Jakob Hultcrantz Hansson
Scenografi og kostyme: Fridjon Rafnsson
Musikk: Markus Hultcrantz
Lysdesign: Lars Lunder
Med: Nina Åkerlund, Hanne Gjerstad Henrichsen, Rune Temte, Hanne Brincker Fjerdingstad, Lavrans Haga og Espen Mauno.
Nord-Trøndelag Teater, Dampsaga Kulturhus, Steinkjer
På turné i Nord-Trøndelag fram til 14/12.

Ein sosialrealistisk vampyrhistorie frå svensk drabantbykulde, varmt og vakkert om det stygge og groteske.

Den svenske forfattaren John Ajvide Lindquist debuterte i 2004 med boka «La den rette komme inn», noko så uvanleg som ein sosialrealistisk vampyrroman. Boka blei ein suksess, fekk raskt kultstatus, og er alt filmatisert to gongar, ein svensk versjon frå 2008, og ein amerikansk frå 2010. For to år sia blei historia dramatisert for scena og urframført på Uppsala Stadsteater. Og basert på produksjonen i Uppsala hadde Nord-Trøndelag Teater torsdag  norgespremiere i Steinkjer.

Lindquist har skrive ei historie med mange lag, og flust med metaforar for dei som vil sjå. Utgangspunktet er ei ganske vanleg urban setting der det går ein ritualmordar laus og spreier ei uhygge både scenografi, lyssetting og effektar formidlar på utsøkt vis. Tolvåringen Oskar (Hanne Gjerstad Henrichsen), som blir brutalt mobba og mishandla, men som ikkje vågar å seie noko til mora, blir fasinert av mordaren og drapa. Kanskje med bakgrunn i Oskars eigne ønske om hemn? Så treff han den jamgamle jenta Eli (Nina Åkerlund), og eit sårt og spesielt venskap utviklar seg. Eli er også på utsida ettersom ho faktisk er vampyr og eigentleg 200 år gamal. Og i samspelet mellom desse to plaga og forhutla menneska byr oppsettinga på ein del særs varme og velspela scener. Nina Åkerlunds rolletolking som vampyrjenta var så overtydande at det var ei heil lita teaterframsyning i seg sjølv.

I «La den rette komme inn» er det mange parallelle historier som fungerer både saman og kvar for seg. Ein kriminal, litt urban sosialrealisme og ei vampyrhistorie, i tillegg til ungdommeleg kjærleik. Og sams for dei alle er problemet med å stå utanfor. Jakob Hultcrantz Hansson, som hadde ansvar for både  dramatisering og regi i Uppsala, er henta inn som instruktør. Han har laga ei særs vakker framsyning i tydinga det stygges estetikk, med ein utsøkt scenografi som skapar dei naudsynte rom og sceneskift og som samstundes set den litt mørke og dystre stemninga, og i tillegg nydeleg musikk og diskret, men effektfull lyssetting. Det er sjølvsagt ikkje vampyrar og ritualmord utan blod, men Hansson har halde seg frå fråtsing i effektar, og i staden presentert dei så nøkternt og kresent at det gjer verknaden ekstra sterk.

Men så heftar det likevel diverre eit stort minus ved framsyninga. Eg har korkje lese romanen eller sett filmen, og det skal heller ikkje vere ein føresetnad for å sjå teater. Slik historia blei presentert i sceneversjonen, var ho delvis uforståeleg, og i alle fall tok det alt for lang tid før eg skjøna kva det eigentleg handla om. Mye blei faktisk ikkje klårt før eg las meg opp på innhaldet etter framsyninga. Romanen og filmen har kultstatus og sine trufaste fans og følgjarar, men for alle oss andre mangla det diverre mye på det narrative. Det er synd, for denne framsyninga har elles det meste som skal til for å nå eit stort publikum.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 20. november 2012) 

Leave a Reply