Djevelsk allianse

TEATER

TIL HELVETE: Fausts kjøpslåing med djevelen fører sjølvsagt rett i undergangen. FOTO: KRISTINN GUDLAUGSSON

Faust for kids
Konsept: Hildur Kristinsdottir og Matilde Holdhus
Etter Faust av Johann Wolfgang von Goethe
Regi: Hildur Kristinsdottir
Scenografi: Petter Alstad og Bård Vaag Stangnes
Med: Maria Dommersnes Ramvi, Anders Høgli og Tora Nilsen
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Ei grenseoverskridande framsyning som syner at teater for barn ikkje treng å vere så pedagogisk, moralsk og ikkje minst lettfatteleg som vi er vande med å tru.

På 50- og 60-talet fanst det eit magasin som heitte «Illustrerte klassikere», og som i røynda var eit teikneseriehefte som populariserte kjende verk frå verdslitteraturen og gjorde dei tilgjengelege for folk flest. Då eg for mange år sia gjekk på skule i USA, fanst det hefte vi kunne kjøpe som ga enkle synopsis av dei mest omfattande og kompliserte verk slik at vi ikkje skulle trenge å lese originalen. For alt eg i mi naive vankunne veit, er slikt tilgjengeleg framleis og kanskje også på norsk. Mange kunne nok tenke seg slike lettvinte løysingar for å auke sin klassiske kapital utan for stor innsats, men sams for desse prosjekta er at ein like gjerne kunne kalle dei klassikarar for dummies. Dei er i beste fall resymé, og formidlar lite av kjensler, nyansar, idear og alt det underteksten i eit drama eller ein roman inneheld.

Bak denne temmeleg omstendelege innleiinga ligg eit forsøk på å forklåre lesaren kva «Faust for kids» ikkje er. Prosjektgruppa bak det som skal bli trilogien «Klassikere for kids» har langt høgare ambisjonar enn å lage resymé av den litterære kanon. Og dei er motige nok til ikkje berre å komprimere Goethes Faust ned til knappe tre kvarter, men også å gi han ei form som gjer han presentabel og truleg også fattbar for ungar ned til ti år. Det er dristig, ukonvensjonelt, og temmeleg imponerande, og om ikkje resultatet av første presentasjon var heilt vellukka på alle område, skal folka bak likevel ha enorm kred for forsøket og vilja. Eg gler meg til det som kjem.

Faust er ein vitskapsmann som ikkje er heilt ung lenger. Han les alle bøkene i verda, men di meir han les, di meir innser han kor lite han veit. Dette er diverre ganske kjend stoff også for alle oss som berre har lese brøkdelen av det Faust har konsumert. For å bøte på problemet, går han inn i ein allianse med djevelen sjølv der Faust for det første skal bli ung att, og i tillegg få meir kunnskap og oppleve kjærleiken. Til gjengjeld gir han Mefisto sjela si i pant. Som dei fleste veit, er det alltid ein Catch 22 ved slike alliansar, og det går, – ja nettopp, – til helvete  for vår mann. Slik er stenografiversjonen av Faust, og innhaldsmessig er ikkje «Faust for kids» mye lenger enn dette. Men ved godt spel, utsøkt miming, lyd- og rekvisitteffektar, og ved å ta seg særs god tid, uakta at det faktisk går ganske fort, greier det vesle ensemblet likevel å formidle stemningar, uhygge, det litt skumle, og ikkje minst dei større eksistensielle spørsmåla på eit vis som tar godt vare på originalen.

Det er fantastisk å sjå eit prosjekt som vågar å presentere noko tilsynelatande vanskeleg og utilgjengeleg i ei tapping som gjer det forståeleg for ungar ned til ti år utan at det blir tabloid, fordummande, eller overpedagogisk. Her var moralsk og pedagogisk hakkebakkelirumlarum fullstendig fråverande, og eg trur aldri eg har sett ei framsyning for barn som har hatt så stor tillit til publikummet sitt. Framleis er det sjølvsagt mye ein ikkje får med seg, og oppsettinga har ikkje heilt funne forma, men dette var meir enn godt nok til at eg gler meg til framhaldet, og er spent på kva som blir det neste.

Leave a Reply