Fantasi og undring

Kari Trestakk    

RÅSTOFF: Kan dette etter kvart bli eit slott? FOTO: AMUND GRIMSTAD

Fritt etter Asbjørnsen og Moe
Konsept: Anne Helga Henning og Barbro Djupvik
Regi: Barbro Djupvik
Installasjon: Anne Helga Henning
Komposisjon, musikk og skodespelar: Siri Gjære
Dansar: Ingeborg Dugstad Sanders
Verkstadhallen, Svartlamon


Ei multikunstnarleg oppsetting som freistar å få fram undringa og skaparemna hjå publikum.

Det er ReMida-festival på Svartlamon i Trondheim med utstilling, konsert, servering, byttemarknad og teater. Fire kvinner med ulik bakgrunn, men med eit sams mål om å skape undring og fantasi, har laga ei multikunstnarleg oppsetting med utgangspunkt i folkeeventyret om Kari Trestakk, og sundag var det premiere i Verkstadhallen på Svartlamon. Barbro Djupvik har teatererfaring både som skodespelar og instruktør, Anne Helga Henning er utdanna biletkunstnar og har jobba mye med og for barn, Siri Gjære er singer/songwriter med bakgrunn frå jazz, men til tider ganske sjangeroverskridande, og Ingeborg Dugstad Sanders er dansar og for tida aktiv i både DansiT og Danselaboratoriet i tillegg til eigne produksjonar. Med desse ulike kunstfelta i bagasjen, har dei  fire laga eit interaktivt og visuelt fortellarteater med mye innslag av dans og musikk, og med rikeleg råstoff for fantasien.

Eventyret om Kari Trestakk og den blå stuten er opphavleg presentert i Asbjørnsen og Moes samling av folkeeventyr, og er ei ganske langdryg og repeterande fortelling som på mange vis liknar historia om Askepott. I ei tid då ungane kan ha fleire stesysken enn sysken, og stemor er nesten like vanleg som mor, er det neppe heilt politisk korrekt med desse eventyra der stemora og stesyskena utan unnatak er både stygge og vonde. I denne produksjonen har dei difor kutta ut den stygge systera, men til gjengjeld gjort stemora heilt umenneskeleg vond. Og dei har også fjerna siste halvparten der kampen står om å få prinsen slik at historia naturleg sluttar når Kari og stuten kjem fram til slottet. Det er gode val.

I ein scenografi som er meir ein installasjon av likt og ulikt henta ut frå ReMidasenteret, er det lite som i utgangspunktet minnar om skog, slott eller beitemark for oksar. Men slik kong Midas (som har gjeve namn til ReMida) kan få gull av alt han rører ved, er det utruleg kva Anne Helga Henning greier å få ut av dei underlegaste rekvisittar. Eventyret tar til med at Gjære fortel, og Henning og Sanders står som saltstøtter og illuderer trær. Men så går dei tre ut av framføringa, vender seg til publikum og får dei unge i salen til å fortelle korleis prinsessa og oksen skal framførast. Og Sanders tek meldingane og gir masse liv til dei båe. Deretter blir vi med på ei visuell reise gjennom tre skogar og mye slåssing med troll før stuten og prinsessa omsider kjem fram til slottet. Det får vi først ei aning om som eit fjernt Soria Moria som er videoprojisert, men når det skal illuderast, tek dette verkeleg av som eit kreativt prosjekt. Henning innser at oppgåva blir for stor, og inviterer i staden alle dei små byggmeistrane og arkitektane i salen opp på dugnad, og om du har god nok fantasi, så vil du sjå at det etter kvart veks fram eit magisk byggverk som publikum blir invitert inn i.

Denne oppsettinga av Kari Trestakk er ei verkeleg mangefasettert framsyning som i hovudsak vender seg til dei mellom fem og ti, men som nok kan pirre fantasien også til andre aldersgrupper. Den opphavlege historia er nesten halvert, men fortellinga kan nok likevel bli noko lang fordi det er parti som blir litt for dvelande. Produksjonen verkar ikkje heilt ferdig, og kan nok framleis fortettast og raffinerast, men grunnlaget er der så absolutt. Ettersom oppsettinga er interaktiv, er ho avhengig av publikum, og vil endre karakter frå gong til gong. Det set krav til dei tre på scena, og det vi fekk sjå på premieren, synte at dette tok dei på strak arm. Men premierepublikum er diverre premierepublikum sjølv på Svartlamon, og eg trur at ei setting med færre vaksne, og fleire barn i salen vil kunne bli langt meir spennande. Førebels blei oppsettinga berre vist to gongar under ReMida-festivalen, men ho bør absolutt få eit større publikum.

Leave a Reply