Surrealisme og ironi

PEPPAR: Reven får peppar i dobbel tyding av bakarane. FOTO: NINA HEDVIG ERIKSEN

HAKKEBAKKESKOGEN
(Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen)
Av Thorbjørn Egner
Regi: Hallvard Lydvo
Scenografi: Elin Stangnes
Lysdesign: Trond Dybfest
Musikk: Øyvind Jo Heimdal Eik
Produsert og framført av Teaterlaget i BUL Nidaros
Tårnet på Munkholmen, Trondheim

Ei litt surrealistisk, uvanleg morosam, og ganske velspela oppsetting som først og fremst er særs sjarmerande.

Trondheim midt i juni plar vere regn og temperaturar som får deg til å ønske deg til mildare plassar. Men så har vi eit årvisst arrangement som gjer at vi får varmen i oss lell. I år er det 29. gongen teaterlaget i BUL, Nidaros set opp sommarteater i tårnet på Munkholmen, og under over alle under hadde vêrgudane denne gongen sjekka kalenderen før dei gjekk på arbeid, så ventinga i Ravnkloa, båtturen ut og heile settinga var akkurat slik det burde vere på denne tida av året. I det kalde tårnet lèt vi ullpledd vere ullpledd, og lèt oss i staden forføre av eit sjarmerande menasjeri.

Det er  hundre år sia Thorbjørn Egner blei født, og teaterlaget i BUL markerer jubileet ved å sette opp Hakkebakkeskogen. Mye kan seiast om dette høgst tvilsame, utopiske, sosialdemokratiske universet til Egner der antagonismane blir løyste utan større problem, og i strid med både naturen sjølv, biologi og kva som måtte vere berekraftig. Det er ei moralistisk historie utan rot i røyndomen, og ho tar etter kvart til å bli ganske utdatert. Men så er det samstundes ein så viktig del av fellesarven og kulturgrunnlaget vårt, og i tillegg så fullt av humor, sjarm, gode songar og artige figurar, at vi likevel stadig lèt oss forføre. Slik også denne gongen.

Hallvard Lydvo har regissert fleire oppsettingar for BUL, og kjenner både det menneskelege materiellet han har til rådvelde, og dei fysiske rammevilkåra godt. Sommarteatret er vanlegvis av og for dei unge, og dette var ikkje noko unnatak. Berre nokre få vaksne, og resten pur unge, urøynde, men spelevillige aktørar. Og for ei casting! Etter ein ouverture der vi får presentert heile menasjeriet i denne vesle skogen, går vi rett inn i handlinga med ei pangopning med reven. Nadia Kummeneje set standarden frå første strofe, songsikker, scenevand, trygg og hundre prosent tilstades heile tida. – BUL har kosta på seg mygg, var det første eg tenkte, før eg oppdaga at nei da, ho berre song høgt, godt, tydeleg og med god diksjon. Reven er frå Egners hand skurken i historia, men Kummenejes rev er definitivt helten i denne produksjonen. Ho eig framsyninga og har ein mimikk og eit kroppsspråk som kunne ha passert på kva scene som helst. Med eit spel som er prega av rølp og ramp, set ho ein surrealistisk standard som dreg inn i oppsettinga ein ironi Egner ikkje hadde, men som er naudsynt for at denne historia skal ha eit framtidig liv. Om jenta er eit naturtalent, eller om Lydvo har ei ekstremt god hand om personinstruksjonen, eller om det er ein kombinasjon av båe, veit eg ikkje, men reven i denne skogen er ei framsyning i seg sjølv.

Men Lydvo hadde meir i ermet. Det er mange songnummer i oppsettinga, og utan mygg skal det ei trygg og god røyst til for å bere i dei vanskelege akustiske forholda i tårnet. Musikken var denne gongen skore ned til berre Øyvind Jo Heimdal Eik på tangentar. Det fungerte utmerka for då fekk vi tonefølgje i staden for eit orkester som drukna dei unge solistane i lyd. Songnumra var utan unnatak gode og tydelege, og meir kan ein neppe forlange av purunge amatørar.

Tårnet på Munkholmen er korkje fleksibelt eller spesielt eigna til å spele teater. Med ei vanskeleg scenografisk løysing, og med mange unge amatørar blir det sjølvsagt transportscener og tidvis haltande dramaturgi. Men eg lèt det passere for her er så mye anna å gle seg over. Reven er ein fuling, men klatremusa står ikkje mye attende. Gjermund Bungum Gorset er berre elleve år, men er trygg og ikkje minst sjarmerande til tusen i ein tekst- og songtung rolle som den livsnytande hedonisten som står i skarp kontrast til Egners alter ego, den særs moralistiske, og eigentleg litt ufordragelege Morten Skogmus (Sigrid Farstad).

Reven bringer inn mye sjølvironi og god humor, men det som verkeleg ber bod om at dette stykket kanskje likevel kan ha livets rett, er at Lydvo har brakt inn eit kraftig surrealistisk element, som særleg blir tydeleg med elgen. I elgrolla (og rolla som mannen på nabogarden) tar Tor Einar Bekken, til vanleg kjend som ein dyktig musikar med kunstnarnamnet Dr. Bekken, han heilt ut og vel så det, og syner at han har eit komisk talent av det heilt sjeldne. Med eit sirupstreigt underspel som fungerer absurd og særs humoristisk, gir han oppsettinga ein dimensjon som syner at den ironiske dimensjonen kan gi Hakkebakkeskogen eit nytt løft.

Nok ein gong har teaterlaget i BUL, Nidaros laga ei sjarmerande, varm og velspela framsyning som er eigna til å underhalde og more både vaksen og ung. Kanskje er eg lettrørt, men eg lèt meg stadig forføre i det scenografisk umogelege tårnet på Munkholmen.

Leave a Reply