Gud forby

TEATER

UT!: Gud er nådelaus, og det hjelp ikkje med milde gåver når guden med det unemnelege namnet vil gjere sine hoser grøne for dei andre i G7. FOTO: MORTEN SKIPENES SMEDSRUD

G7
Av Ingrid Weme Nilsen og Eivind Salen
Regi: Ingrid Weme Nilsen
Scenografi: Milja Salovaara
Med: Syver Åmli Vestmo, Harald Brenna, Arne Reitan, Kingsford Siayor, Kristofer Hivju, Kristine Welde Tranås, Ole Christian Gullvåg, Mona Synnøve Solhaug, Gunnar Eirikson og Kai Kenneth Hanson
Produsert av: Pontenegrinerne med hjelp av Teaterhuset Avant Garden og Trøndelag Teater
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Ein genial idé, mye god humor, men ei oppsetting som ikkje greier å stå løpet ut.

Sju av dei mektigaste landa i verda har laga rikmannsklubben G7 der dei møtest og skaltar og valtar med lagnaden til verdas milliardar heilt utanfor all demokratisk rekkevidde. Dette er vel kjend og stillteiande akseptert jamvel om det ikkje er særleg akseptabelt. Men makta rår, og slik er verda. Mindre kjend er det at den andelege pendanten til økonomi og storpolitikk, dei sju største verdsreligionane, har skipa si eiga G7-gruppe. Gjennom titteskåpet teaterselskapet Pontenegrinerne har laga, og som hadde urpremiere laurdag, får vi nå eit innblikk i kva som skjer når dei gamle gudar, som det både går fram og attende med, møtest for å dele det religiøse verdsherredømet mellom seg og lage langsiktige planar mot den omseggripande sekulariseringa.

Ideen er like enkel som genial, og det er eigentleg merkeleg at ingen har kome på dette før. I ei opphøgd og tilbaketrekt atmosfære, langt frå profane idear, krig, fattigdom og elende, møtest dei sju største gudane og fører ein danna samtale med klåre reglar for kva ein kan og ikkje kan ta opp. Det vil seie, heilt problemfritt er det ikkje. Han guden du veit, som du ikkje kan seie namnet på, er kasta ut av det gode selskap tilsynelatande fordi det ikkje var rom for to på same instrument i gudeorkesteret, men i røynda fordi dei andre ikkje aksepterte alle aksjonane som blei utførde i namnet hans (sjølv om det altså helst ikkje skal uttalast). På møtet vi tar del i, blir Gud (ja han med stor G, du veit) konfrontert med at det skjedde noko tilsvarande i hans namn i fjor sommar, men avfeiar det med at dette var ei einskildhending. Slik, og i tillegg med fullt av ordspel og aforismar, leikar dei to forfattarane seg gjennom eit utal religiøse metaforar i ei tidvis særs humoristisk framsyning der dei seks gudane står fram som pompøse og temmeleg retthaverske, og der Gud (den kristne altså) er ein ganske arrogant jævel i kraft av at han er størst og i tillegg veks raskast. I G7 er det likevel eit tilsynelatande demokrati, men ettersom den nest største er ekskludert, blir det stadig uavgjort i avrøystingane. Det fører til eit handlingslamma forum, heilt til gamle Zevs ramlar inn og krev å få seie noko på vegner av alle dei små og gløymde gudane.

Dei to forfattarane, den eine av dei også som regissør, har  boltra seg i underfundig humor, stundom i beste Monty Python-stil, absurd, og med massevis av openberre gudgitte (!) metaforar og eigentleg ganske sjølvsagte ordspel. Det er ei uvanleg leiken oppsetting. Spelet er godt, dialogen går naturleg og låtten sit laust. Regimessig er det i tillegg mye metateater som står godt til framsyninga. Men etter ei stund tar ho til å gå litt på tomgang. Dramaturgien blir slappara, det blir lenger mellom poenga, og etter kvart endar det heile relativt uforløyst. Det er synd, for med litt meir dyrking av poenga i teksten, samt noko strammare regi mot slutten, hadde denne produksjonen i seg potensial til å kunne bli noko langt meir.

(Meldinga stod i Klassekampen onsdag den 9. mai 2012)

Leave a Reply