Om utsjånad og identitet

TEATER

TATT VED NASEN: Lette legg seg under kniven, og kirurgen tar til med nasen. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

The Ugly One
Der Häßliche (2007)
Av: Marius von Mayenburg
Regi: Andreas Aass Engstrøm
Scenografi: Aurora Schønfeldt Larsen og Sindre Kruse
Kostymedesign: Marie Riise Hagerud
Med: Odin Budal Søgnen, Magnus Kolberg Eriksen, Therese Gjelsten og Niklas L. Eriksson
Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
Knaus, Studentersamfundet i Trondhjem

Eit artig og lett surrealistisk stykke om utsjånad, plastikkirurgi og kva reell identitet er.

Det er mye som ikkje er som det skal, og alt ser ikkje alltid ut slik det er. Dette får vere ein kryptisk intro til meldinga av ”The Ugly One” av den tyske dramatikaren Marius von Mayenburg. Han er berre førti år gamal, men har alt ei rekke drama bak seg frå debuten i 1996. Dette stykket er eitt av hans siste, og heiter opphavleg ”Der Häßliche”. Kvifor SIT har vald å nytte den engelske tittelen får vere ei gåte, men her er langt meir enn tittelen som ikkje ser ut som det skal.

Lette (Odin Budal Søgnen) er ein framgangsrik og innovativ forskar som har funne opp, patentert og utvikla ein sterkstrømsbrytar som openbert kan meir enn å bli slått av og på. Den vil han til Sveits for å presentere, men sjefen hans, Scheffler (Magnus Kolberg Eriksen), seier nei, og sender i staden assistenten Karlmann (Niklas L. Eriksson). Årsaka er brutal, men slik er røyndomen. Lette er for stygg til å kunne promotere og selje noko som helst. Ja, ikkje berre det, men han er tydeleg så hinsides stygg at det knapt finst verre skapnad. Trass i dette er han sjølv heilt uvitande om sin eigen utsjånad, og i tillegg godt gift med Fanny (Therese Gjelsten) som elskar han høgt, rett nok utan å våge å feste blikket på andletet hans. Allereie dette er ganske surrealistisk, men for å understreke det absurde har SIT vald ein person som har ein heilt ordinær utsjånad. Verfremdungseffekten er altså total, men her er meir i vente.

Eg skal ikkje røpe korleis det går, men Lette vel å fikse på utsjånaden sin, og i det ytre er visst resultatet ganske spektakulært sjølv om han på scena er akkurat den same. Når andre aktørar etter kvart vil ha, og også får, det same andletet utan at maske, sminke eller andre effektar skulle indikere noko i den retninga, blir utfordringa for publikum stor. Som om ikkje dette var nok, går dei fire skodespelarane ut og inn av i alle fall dobbelt så mange roller i saumlause overgangar der starten på ei setning kan tilhøyre ein person medan slutten kjem frå ein annan.

”The Ugly One” handlar om skjønnheitshysteriet, om jakta på det perfekte, om kva som skjer når alle blir kloningar av det fullkomne, og om kva personlegdom og identitet eigentleg er. Det er eit stykke som set eit særs skrått og også humoristisk blikk på samtida. Men samstundes er presentasjonen blitt ein surrealistisk leik med publikum om identitet og roller. Slik går handlinga på i alle fall to plan. Eg har ikkje sett denne produksjonen før, og veit ikkje kor mye av den absurde presentasjonen som ligg i teksten, eller om det er SIT sine regival. Men for meg var faktisk regi og spel langt meir interessant enn von Mayenburgs tekst. Han har tatt for seg eit tema som er overmoge og laga ein del humor rundt det, men historia hans blir for meg litt føreseieleg, noko slitsam og ganske uforløyst. Regigrepet og spelet er derimot langt betre. Det er mye tekst, høgt tempo, mange roller og utallege sceneskift som dei fire handterer særs bra. Spelet kan vere noko ujamt, og tidvis også litt prega av overspel, men særleg vekslinga mellom ulike roller greier dei bra.

Eg har nok sett betre produksjonar frå SIT enn denne, men teatret skal absolutt ha ros for den gjennomført surrealistiske tilnærminga, og ikkje minst for tilliten dei viser publikum ved å gi fullstendig blaffen i om folk ser ut som dei skal eller ikkje.

Leave a Reply