Forføring og aggresjon

PERFORMANCE

PROVOSERT: Vi blir provoserte, vi freistar å forsvare oss, og vi kjenner redsla. FOTO: ArtSceneTrondheim/www.trondheimkunsthall.com

The Mermaid Show
Konsept, regi, tekst og scenografi: Ann Liv Young
Kostyme: Ann Liv Young og Eric Ducharme
Med: Ann Liv Young, Michael Guerrero, Marissa Mickelberg og Stiven Luka
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Når måtte du sist kaste alle kleda dine i vaskemaskina og sjølv gå i dusjen etter ei performanceframsyning?

Den amerikanske performancekunstnaren Ann Liv Young skapte store overskrifter då ho gjesta Norge førre gong med oppsettinga ”Cinderella” hausten 2010. Framsyningane hennar testar ofte ut kor publikums grenser går, og provokasjon er eit viktig formidlingselement.

Denne gongen er ho her med ”The Mermaid Show” der ho har tatt tak i mytane om havfruer. Dei har vore levande i mange kulturar, og går stort sett ut på at havfruene varsla uvêr og ulukke. I følge Young skal dei også vere vesen som på innsmigrande vis lokkar til seg sakeslause sjøfolk for deretter å forføre dei seksuelt og så ete dei opp.

Med bar torso og fiskespord til understell ligg Young i eit lite basseng omkransa av to gastar i matrosdress. Dei les, og ho ligg relativt roleg. Historia er repeterande og litt monotont formidla. Etter kvart tar havfrua til med å slå med sporden med enorm kraft og energi, og vi anar ein innestengd aggresjon som kontrasterast med mjuk, operetteliknande song, delvis framførd i falsett. Her er vi truleg ved kjernen i framsyninga, – motsetninga mellom sinne og det forførande,  eit tema som stadig kjem attende. Alt er verkeleg, og slik er det også når ho (i den framsyninga eg såg) ikkje er nøgd med lyden, stoppar det heile, skjeller ut lydteknikaren, og startar på nytt.

Meir heftig blir det når ho vrengjer seg ut av bassenget og vrikkar seg fram til publikum for å søke folk ho kan forføre. Med ein enorm intensitet legg ho an på den eine etter den andre før ho omsider finn ein som gir etter. Då kjem aggresjonen for fullt. Ho tek fram ein rå aure, og med voldsamt raseri bit ho seg inn i fisken og spyttar og kastar fiskeskjel, slo og blod så det regnar over publikum. Vi blir provoserte, vi freistar å forsvare oss, og vi kjenner redsla. Fisken er nok ein metafor for korleis det går med sjøfolka, og forståeleg som bilde, men kanskje ikkje fullgod som metafor.

Foto: ArtSceneTrondheim/www.trondheimkunsthall.com

”The Mermaid Show” er å samanlikne med mye av det Kristopher Schau gjorde for nokre år sia. I vårt mette tilvære kjedar vi oss til daude, og provokasjon blir ofte eit element for å vekke oss av dvalen, men eg trur ikkje dette er like sjokkerande her som i USA. Den rå fisken tek i stor grad merksemda frå alle dei andre laga framsyninga har, og det er synd. For sjølv om det ikkje er like greitt å få tak på alt Young vil seie, er her masse spennande utforsking av den seksualiserte kvinnerolla der havfrua hennar kan sjåast både som madonna og hore, og aggresjonen som resultat av den innestengde og umogelege kroppen. Og utruleg nok, ligg det faktisk også mye humor i framsyninga. Finalen er like lite føreseieleg som resten, og som i eit gamalt freakshow, endar det med at publikum kan få kjøpe polaroidbilde av seg sjølv og havfrua. At mange faktisk gjer det, syner at Young har oppnådd å gjere noko med oss.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 27. mars 2012)

Leave a Reply