Koreografert konsert

TEATER

CATWALK: Ei danseframsyning på ein smal catwalk blir ei tvangstrøye av ei scenografisk løysing. FOTO: GT NERGAARD/INGRID LOEN

Hair
Av: Gerome Ragni, James Rado og Galt MacDermot
Omsetting: Helge Hagerup
Regi: Carl Jørgen Kiønig
Koreografi: Patrick King
Scenografi og kostyme: Milja Salovaara Musikalsk leiing: Åsmund Flaten
Med: Mads Bones, Ingrid Bergstrøm, Jon Lockert Rohde, Mari Haugen Smistad, Kohinoor Nordberg, Hans Petter Nilsen m. fl.
Trøndelag Teater, Hovudscena

Når lydkøyringa er katastrofalt dårleg i ei teateroppsetting som i røynda berre er ein koreografert konsert, blir diverre resultatet deretter.

Då Ragni, Rado og MacDermot sette opp ”Hair” første gong i oktober 1967, var dei utruleg klårsynte og nesten profetiske. Verdas første rockemusikal og ein trendsettar innan sjangeren, trefte samtida hundre prosent med ein imponerande timing. Rett nok hadde borgarrettskampen vara nokre år, motstanden mot Vietnamkrigen var aukande, og hippierørsla hadde hatt sin ”summer of love”, men det var først året etter at det heile eksploderte med studentopprør, drapa på King og Kennedy og bråket rundt det demokratiske nominasjonsmøtet i Chicago. På nærast profetisk vis skreiv dei tre ein musikal som femna det meste av den nye ungdomskulturen, både av overflatefenomen og verkeleg opprør. Bakteppet var sjølvsagt Vietnamkrigen og redsla for å bli utkalla. Politisk handla det om pasifisme, antirasisme og fredsarbeid, men her var også eit utal andre tidstypiske element som musikken, seksuell frigjering, opprør mot konformitet i både klesveg og utsjånad, dopbruken og forløparen til new age med både orientalsk mystisisme, nyreligiøsitet og litt astrologi. Med framifrå og særs tidsriktig musikk, blei ”Hair” eit ikon for ein heil ungdomsgenerasjon. Men som vi veit (”All the revolutionaries are on Decca”), kan alt bli kommersialisert og anten gjort ufarleg eller til si eiga motsetning.

Trøndelag teaters oppsetting av ”Hair” fell mellom eit utal stolar, og det er vanskeleg å sjå så mange andre ambisjonar bak denne produksjonen enn å spele god musikk for å fylle teaterseta. Regissør Carl Jørgen Kiønig har følgt broadwaymanuset frå 1968 nesten slavisk, men utan at vi ser særlege spor av regi. Oppsettinga er som ein koreografert konsert, og langt frå den narrative framstillinga mange vil hugse frå filmen frå 1979. Vi møter ungdomane i New York, dit også Claude (Mads Bones) kjem. Han er redd for å få innkalling til Vietnam, og slite mellom samfunnets og foreldras krav, og sine eigne ønskje og ideal. Så langt er det forståeleg, men resten av handlinga blir ganske vanskeleg å få tak på, sjølv for den som var ung og endåtil  budde i USA på denne tida. Det ser ut som regissøren har abdisert og overlate scena til koreografen Patrick King.

Milja Salovaara har gjort mange gode scenografiske løysingar på Trøndelag teater, men ikkje denne gongen. Her har ho delt salen i to der publikum sit på kvar si side av ein catwalk. Når mesteparten av framsyninga er dans, og scena er lang og smal, får ein ikkje utnytta det store formatet på hovudscena, og det blir i staden uendeleg mye springing fram og attende. Eit dyktig orkester, som vanleg solid leia av Åsmund Flaten, dreg framsyninga i gang med nokre gode riff i eit særs feitt lydbilde, og forventingane blei faktisk ganske store. Men så kjem ”Aquarius”, og det heile fell fullstendig til jorda. Når ein har ambisjonar om å vere eitt av landets beste musikalteater, må lyden vere tilnærma perfekt. Lydkøyringa i denne oppsettinga grensa til det katastrofalt dårlege når det galdt song og tale. Forvrenging, støy og manglande volum kombinert med mye dårleg diksjon gjorde at det var uråd å få med seg det som blei sagt og sunge. Dei  røynde skodespelarane Ingrid Bergstrøm, Mads Bones og Hans Petter Nilsen, og også Mari Haugen Smistad, hadde nok volum til å få fram sitt, og berga såleis mye av oppsettinga, men ein stor del av det øvrige forsvann i skrål og skrik. Teatret har hyra inn mange dyktige dansarar til denne produksjonen, men på grunn av den tronge sceneløysinga fekk dei ikkje rom til å utfalde seg sjølv om her rett nok var dyktige einskildprestasjonar, som særleg Jon Ole Olstad.

Med manglande regi, og i hovudsak dans og song, får ikkje skodespelarane mye spelerom. Mads Bones hadde likevel kontroll, og fylte rolla som Claude fullt ut jamvel om han eigentleg korkje er dansar eller songar. Og Ingrid Bergstrøm ga oss ei tolking av ”Easy to be Hard” som var sår, inderleg og ekte. Då vi endeleg kom til finalen, greidde ensemblet omsider å vere eit kor med trøkk, energi og volum, og ”Let the Sunshine in” fekk det faktisk til å svinge. Men det var alt for seint.

Leave a Reply