Og bakom syng Statoil

TEATER

VÅR ÆRE OG VÅR MAKT?: Eit forsøk på å grave seg ned i historia om det norske oljeeventyret. FOTO: SIGNE BECKER

Lindås
Av Eirik Fauske med familie
Regi: Eirik Fauske
Scenografi: Signe Becker
Med: Erlend Samnøen, Terese Vangstad, Tov Sletta, Ingvild Meland og Eirik Fauske
Teaterhuset Avant Garden, Trondheim

Historia om det norske oljeeventyret fortald gjennom ein sjølvbiografisk rapport frå forfattarens oppvekst.

Eirik Fauske overraska mange med oppsettinga ”Gullalðurir” for eit par år sia der han oppsummerte dei siste 40 000 åra på intelligent og kreativt vis, og med hjelp av dyktige aktørar frå skodespelarutdanninga i Nord-Trøndelag. Nå har han tatt med seg nokre av dei same folka, gått litt stuttare attende i historia og utforska sin eigen barndom. I 1982 busette familien Fauske seg i tettstaden Lindås, ei mil sør for Mongstad der Norges største oljeraffineri ligg. Tretti år etter er Lindås framleis ein vekstkommune, meir prega av oljeverksemda enn dei fleste andre kommunar, medan oppveksten til Eirik og dei to syskena hans er historie. I framsyninga ”Lindås”, som hadde urpremiere på Teaterhuset Avant Garden onsdag, freistar Fauske å grave seg attende på sporet av ei tapt tid.

Vi blir presentert for heile familien Fauske der Eirik spelar seg sjølv, og gjennom små humoristiske og historiske tablå er vi med familien gjennom kvardag, trivialitetar og nokre høgtider. Som i ”Gullalðurir” nyttar han anekdotiske scener om heilt kvardagslege ting til å fortelje den store historia. For i bakgrunnen lurar olja, og bakom alt dukkar Statoil fram på godt og vondt.

I ein naivistisk stil der aktørane ganske lågmælt og utan særleg innleving fortel eller gestaltar både stort og smått utan forsøk på å lage noka form for hierarki i handlinga, blir vi tatt med inn i familien Fauskes liv og Eiriks oppvekst. Scena er relativt nake, og dei rekvisittar som trengst, ligg klåre langs scenekanten. Både spel og dramaturgi er temmeleg monoton, men ettersom framsyninga er full av litt surrealistisk, underfundig, og tilsynelatande ufrivillig humor, blir dette likevel aldri keisamt.

Og for å understreke det lett absurde og kvasihistoriske i det heile, dukkar Erik Pontoppidan opp i handlinga. Han var biskop i Bergen på midten av 1700-talet, og er vel mest kjend for si forklåring til Luthers katekisme. Men han skreiv også ”Det første Forsøg paa Norges naturlige Historie”, eit slags topografisk leksikon der han presenterte ein systematisk oversikt over naturrikdommane i landet. I framsyninga blir dette bokverket fleire gongar presentert og lest frå, men med ei attgjeving som om det skulle ha vore spådommar skrive av Nostradamus.

Sjølv om produksjonen har store islett av humor, er bakteppet likevel ganske svart og dystopisk. Eg trur eg ser kva det er Fauske vil fortelje, men eg er ikkje overtydd om at han får det heilt fram, og avslutninga blir for meg uklår og noko uforløyst. Det er populært å skrive sjølvbiografisk for tida, men det er ikkje ein enkel sjanger. Å gjere det private ålment kan vere ei vanskeleg utfordring. Denne framsyninga blir rett nok aldri privat, men eg er ikkje overtydd om at han greier å syne det ålmenne gjennom dei personlege tablåa. Det er blitt ein leiken, litt svart, noko absurd og særs humoristisk oppsetting, men trass i dette og mange gode einskildscener, lever nok ikkje produksjonen heilt opp til dei ambisjonane eg trur han har.

”Lindås” blir spela i Trondheim fram til 13. februar, og på Black Box i Oslo frå 8. til 11. mars.

 (Meldinga stod i Klassekampen fredag den 10. februar 2012)

Leave a Reply