Sivilisasjon?

TEATER

PRIMITIV: Kanskje er ikkje avstanden attende til prehistoriske vesen så stor? FOTO: MAYA WILSENS

Eden Central
Konsept og regi: Manah Depauw
Lysdesign og scenografi: Raphael Rubbens
Kostyme: Manah Depauw, Cathy Weyders, Ada Rajszys og Cathy Peraux
Med: Soetkin Demey, François De Jonge, Nicolas Delalieux, Jessica Batut og Blaise Ludik
Teaterhuset Avant Garden, Verkstadhallen.

Ei vakker og tankevekkande framsyning om menneskeleg sivilisasjonshistorie.

Då Mahatma Gandhi ein gong blei spurt av ein journalist om kva han meinte om vestleg sivilisasjon, svara han: – Eg trur det ville ha vore ein god idé! Denne historia rann meg i hu då eg så Eden Central av  Manah Depauw på Teaterhuset Avant Garden. For det er ikkje berre sivilisasjonskritikk Depauw presenterer. Ho reiser også heilt relevante spørsmål om kor langt menneska eigentleg har kome med si eiga sivilisering. Temaet var for så vidt delvis det same då kompaniet hennar gjesta Trondheim for tre år sia med Endless Medication, men der den framsyninga var ganske trashy, og i form temmeleg barokk, er denne produksjonen både langt meir vakker og ikkje minst lettare å forstå. Det er ei intelligent, annleis og særs velspela oppsetting Depauw presenterer, og det er ikkje vanskeleg å skjøne at ho blir rekna som noko av det mest spennande i belgisk teater for tida.

Manah Depauw tar oss gjennom evolusjonshistoria til pre-paradisisk tid, før syndefallet og til eit særs tidleg stadium der apeliknande individ med både humoristiske og ikkje minst lett attkjennelege  menneskelege trekk utforskar kvarandre, kopulerer, et kvarandre sine lus og i det heile tatt oppfører seg på eit vis vi vil påstå er ganske primitivt. Men slik Depauw framstiller det (og som mellom andre Gandhi vil gi ho rett i), er det kanskje ikkje så mye som har skjedd i temminga av dei dyriske og primitive driftene og kreftene våre på nokre tusen år. Eg skal ikkje røpe kva som skjer, men i Depauws retrospektive univers syner det seg etter kvart at ikkje alt er like retrospektivt.

Ved sida av å vere ein produksjon som i høgste grad kan mane til ettertanke om kor ”synd om människan” det framleis er, er Eden Central også ei særs visuell framsyning. Det blir spela utan ord, berre med lydar og gutturale uttrykk, men i ei temmeleg fysisk form som dei fem på scena meistrar framifrå. I vaskesetel og førehandsinfo blir dette framstilt som trash. Det er heilt feil. Framsyninga er eigentleg både narrativ og uvanleg vakker, nærast estetiserande i bruk av kostyme, scenografi, rekvisittar og ikkje minst det fysiske spelet. Og trass i det ganske alvorlege og kritiske skråblikket på kor kort menneska har kome, er det også ei temmeleg humoristisk oppsetting.

Framsyninga er vist i Bergen og Oslo den siste veka, og onsdag og torsdag er det framleis mogeleg å få sett henne i Verkstadhallen på Svartlamon. Etter det må du reise utanlands. Treng eg seie meir?

Leave a Reply