Å tenke lokalt

BYVISE: Trondheim er ein trasig plass heilt til ein opplever alternativet. FOTO: FOTOGJENGEN.SAMFUNDET.NO

REVY

IMITI
Av: Forfattarkollegiet
Instruktør: Trond Lie
Koreografi: Kathrine Chi
Scenografi: Adeline Søreide og Snorre Foss Westman
Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT)
UKA 11, Studentersamfundet i Trondhjem, Storsalen

Revyen er best når han greier å lage uventa vri på kjende omgrep som å tenke globalt og handle lokalt. 

I fjor var Studentersamfundet i Trondhjem 100 år, og året før feira ein at studentane hadde vore herrar i eige hus i 80 år. Ikkje noko av dette hadde vore mogeleg utan den økonomiske dugnaden som heiter UKA. Annakvart år sia 1917 har det vore arrangert UKE, ein biennale som har vakse seg til å bli landets største kulturarrangement med tallause seminar og konsertar, fem teaterproduksjonar, og ein god porsjon fest. Rundt 1400 studentar let studia ligge i tre veker og jobbar dugnad for å sikre det raude, runde huset ved Elgeseter bru økonomi til å kunne drivast i to nye år. Motoren i arrangementet er revyen, og han har ofte stått for både fornying og noko av det beste i norsk revyhistorie.

Det er mye tradisjon knytt til UKA. Berre UKE-namnet er ei sak for seg. Det skal helst ha tre stavingar og minst tre tydingar. Årets namn, IMITI, har alt dette. I tillegg til det openberre om imitering, er det ein harselas med alle dei som meiner at alt var betre ”i mi tid”, og samstundes eit hint til dagens studentar om at dei også berre har si tid. For denne meldaren, som har sett nitten UKE-revyar, er namnet såleis ei viktig påminning. Men i UKA ligg så mye historie, at det likevel er uråd å sjå revyen isolert frå den tradisjonen han er ein del av. Dei beste revyane har hatt ei god blanding av alvor og tull der ein har tatt opp aktuelle tema frå verdssituasjonen til det lokale og heilt studentikose, og der skarpe skråblikk med politisk brodd har veksla med det elleville og laussleppte. Alt pakka inn i relativt profesjonell framføring.

Etter mange gode revyar på åtti- og nittitalet, blei fleire av revyane etter årtusenskiftet så sjølvsentrerte at ein skulle tru studentane levde i eit vakuum avgrensa av studentbyane, universitetet og  Studentersamfundet. Revyen ”Skabaré” for to år sia var eit positivt steg attende til blandinga av ablegøyer og god samfunnssatire. IMITI har lite av dette, og er i hovudsak opptatt av trendar, lokale forhold og skråblikk på trivialitetar. Norge er i krig, det har vore ein arabisk vår, polisen smeltar, og terroråtaket i sommar har gjort noko vesentleg med dei fleste av oss. Alt dette er fråverande i denne revyen. Det får vere forfattarkollegiets val, og det er sjølvsagt umogeleg å lage noko morosamt om 22. juli, men ein kunne i alle fall vente at innslaga blei ”vaska” og vurdert opp mot det som skjedde og vårt framleis særs ferske kollektive minne. Ein sketsj om gravferda til ein ungdom som kom bort for to månader sia, var så umusikalsk og smaklaus at ein kan lure på kor forfattarkollegiet har vore i det siste. Eg har også vanskar med å sjå det komiske i blandinga av Anne Frank, SS og ein omn, og spør meg om dette er uttrykk for ein meir kynisk og kald humor, eller berre ein pinleg mangel på dømmekraft.

UKE-revyen skal ha både ei Trondheimsvise og ei drikkevise. Byvisa, som handla om at Trondheim var for ille heilt til ein flytta til Fosen som var endå verre, får neppe eit liv etter dette, men drikkevisa synte kor godt resultatet kan bli når ein tek eit kjend omgrep og gir det nytt innhald. Det som kjenneteiknar dei andre høgdepunkta i revyen er ein tilsvarande leik med det uventa. Ei mollstemd vise om den trulause studenten var ein lågmælt og vakker hyllest til Studentersamfundet. Ein enkel og litt naiv monolog om Bergen, og ein særs velkoreografert sketsj om menn og matlaging synte båe kor lite som skal til når timinga er perfekt og framføringa tilsvarande. Og sams for dei båe var sluttpoeng som verkeleg satt. Mange av dei øvrige innslaga blei uforløyste fordi dei mangla den avsluttande snerten sjølv om dei både var artige, hadde gode poeng og var vel framført. Og motsett var det med ein ganske fordomsfull og pinleg samesketsj som hadde god punchline, men mangla resten!

Sceneløysinga var enkel og utan annan scenografi enn boksar som gjekk opp og ned av scenegolvet. Det fungerte utmerka, og likeeins plasseringa av eit halvvegs synleg og særs dyktig orkester på eit galleri på bakscena. Revyen blei spela i høgt tempo med raske og saumlause sceneskift, og han er relativt godt koreografert. Ensemblet på ni er gjennomgåande både gode skodespelarar og songarar. Særleg i nokre av monologane fekk vi presentert framifrå prestasjonar med god timing.

Sjølv om bypremieren laurdag hadde ein del tekniske problem, er det meste ved framføringa særs godt teknisk gjennomført. I form er denne revyen såleis utmerka, men innhaldet står diverre noko attende både tema- og tekstmessig.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 11. oktober 2011)

 

Leave a Reply