Brecht heilt inn til til beinet

TEATER

Tolvskillingsoperaen 
Av Bertolt Brecht og Kurt Weill
Omsett av Ragnar Olsen
Regi: Gabor Zsambeki
Scenografi: Csörsz Khell
Kostyme: Milja Salovaara
Musikk: Åsmund Flaten
Med: Mads Bones, Ingrid Bergstrøm, Jan Grønli, Pål Christian Eggen, Mari Haugen Smistad  m.fl.
Trøndelag Teater, Gamle scene

Bildet: 
GODSLEGE: Desse liknar kanskje meir på Kasper, Jesper og Jonatan enn på dei hardbarka skurkane i Londons underverd? FOTO: GT NERGAARD

I staden for Brechts medvitne sjangerblanding, kan kontrastane og blandinga her bli eit poeng i seg sjølv.

Med Tolvskillingsoperaen revolusjonerte Bertolt Brecht teatret som kunstform. Saman med komponisten Kurt Weill laga han i 1928 eit politisk teater som ved medvite å ta opp i seg element frå det meste av folkeleg formidlings- og teaterkunst, nådde eit langt breiare publikum enn det som politisk teater normalt greidde. Men som mange andre dyktige radikale kunstnarar både før og etter Brecht har opplevd, blei han fort forsøkt ufarleggjort og innlemma i den borgarlege kanon. Tolvskillingsoperaen har i over åtti år gått for fulle hus over heile verda, men blir særs ofte spela som ein operette der musikken til Weill er det viktige, og Brechts samfunnskritikk berre blir eit bleikt bakteppe. Dette har Trøndelag Teater ønska å gjere noko med i oppsettinga som hadde premiere torsdag. Denne gongen skulle det bli Brecht til musikk av Weill, og ikkje motsett. Til dette har dei hyra inn den ungarske instruktøren Gabor Zsambeki som har tatt med seg sin faste scenograf, Csörsz Khell. Det er blitt ei ganske annleis oppsetting. Men jamvel om det er tydeleg at dette er ein produksjon som skal vere tru mot Brecht, er eg er ikkje heilt overtydd om at resultatet er blitt fullstendig etter intensjonane.

Brecht var ein relativt kynisk teatermann og nytta den sjangeren og dei grepa som ville nå publikum og fremme bodskapen best, uakta om dei var henta frå borgarleg varietéteater, tradisjonell komedie, opera eller kva det måtte vere. Sjangerblandinga kunne vere stor om det tente formålet. I tillegg var den såkalla framandgjeringseffekten sentral, – ideen om at teater er teater, og ikkje røyndom. Alt dette er tatt vel vare på i Trøndelag Teaters oppsetting. Ho blir vist på Gamle Scene, ein typisk tradisjonell teatersalong så langt frå ein black box som det går an å kome. Scenografien er heilt openberre kulisser og utan den minste illusjon om å syne røyndomen. Skodespelarane sit i utkanten av scena og nærast ventar på tur, alt i Brechts and, og særs velfungerande. Sjangerblandinga er total, og det blir ausa på med metaforar og innslag med referansar i spennet frå bibelhistorie til populærkultur. Og oppi det heile er musikalpreget tona kraftig ned ved at tonefølgjet berre er Åsmund Flatens særs dyktige pianoakkompagnement.

Det er med andre ord ein produksjon som er enormt ambisiøs, og som vil revitalisere Brecht og lage teater i hans and. Tolvskillingsoperaen handlar om det grådige mennesket, og er i utgangspunktet ein beisk samfunnssatire og kapitalismekritikk, ikledd populærkulturens form, og med ein Dickensk setting. Vi er i London der den brutale og kyniske storforbrytaren Mackie Kniven (Mads Bones) i løyndom giftar seg med Polly (Ingrid Bergstrøm). Ho er dotter av Jonathan Peachum (Jan Grønli), eigaren av byens tiggarsyndikat. Dette ekteskapet likar Peachum dårleg, og han vil ha svigersonen arrestert og hengd. Men den gjennomkorrupte politisjefen Tiger-Brown (Pål Christian Eggen) er ven med Mackie, og ut av dette blir det masse intrigar der dronningkroning, horehus og småforbrytarar av alle slag er del av det ganske fargerike bakteppet. Både i Brechts tekst, og i Zsambekis regi er det spel på kontrastar både i innhald og uttrykk. Når Mackie skal hengast, er politiet mest opptatt av trivialitetar som å tenne ein sigarett, og scenografien til Khell vekslar mellom minimalisme og det nesten barokke, berre for å nemne eit par døme. Oppi det heile er dei gjennomført brutale og kyniske aktørane som Mackie og Peachum framstilt på ein relativt veik og nesten litt godsleg måte. Slik er framsyninga blitt ei oppsetting der det motsetningsfylte og sjangerblandinga er heilt berande element. Problemet er at det tidvis tar litt overhand. Når Brecht nytta slikt, var det ei meining bak, mens det her kan sjå ut som det nokon gongar blir eit poeng i seg sjølv. Slik balanserer produksjonen hårfint mellom Brecht og ei litt meir postmodernistisk tilnærming der alt er like gyldig.

I freistnaden på å få til meir Brecht, forsvinn nok noko av heilskapen, men samstundes har denne produksjonen likevel atskillig å by på.  Zsambeki gir oss eit utal fine detaljar, og særleg i personinstruksjonen finn eg mye godt handverk. Det er gjennomgåande gode skodespelarprestasjonar, og Mads Bones som Mackie får omsider høve til å vise spennet sitt som både komikar, karakterskodespelar og songar. Melodiane til Weill er ikkje enkle, og med berre piano som akkompagnement, kan ein ikkje lene seg på feite lydbilde. Songprestasjonane til ensemblet er difor ganske imponerande, og særleg var Mari Haugen Smistad forrykande i rolla som hora Jenny.

Scenografien til  Csörsz Khell fungerte framifrå, og opningsscena med filmklipp og ei gradvis avdekking av scene og skodespelarar lag for lag, var spesielt vellukka. Bruken av stumfilmens plakatannonsering for å markere avbrot ved songinnslaga, var også ein effekt som kledde framsyninga.

Gabor Zsambeki har laga ein ambisiøs produksjon som er ein freistnad på å presentere Brecht skore heilt inn til beinet. I hovudsak får han det til, men i spelet på det motsetnadsfylte  mistar han nokre gongar litt av grepet om heilskapen.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 19. september 2011)

Leave a Reply