Draum og mareritt

TEATER

Håndverkerne
Av Line Knutzon
Omsett av Ingrid Weme Nilsen
Regi: Kjersti Haugen
Koreografi: Erlend Samnøen
Scenografi og kostyme: Per Kristian Solbakken
Med: Ane Skumsvoll, Trond-Ove Skrødal, Hans Petter Nilsen m.fl.
Trøndelag Teater, Hovudscena

Bildet:
HUMOR?: Ei berr handverkarrumpe kan illustrere nivået på humoren i denne oppsettinga. FOTO: GT NERGAARD

Ei framsyning så full av fordommar og klisjear at det tidvis blir pinleg.

Oppussingshysteriet i kongeriket kjenner ingen grenser, og gjennomsnittleg levetid for ei kjøkkeninnreiing skal vere berre sju år. My home is my castle er mantraet, og her står det om kjøpt lykke, status og prestisje. Paradokset er at dei ganske velståande, som gladeleg betalar tigongen for ein designararmatur når ein meir vanleg ofte er av betre kvalitet, gjerne skal spare nokre kroner på svarte handverkarar og underbetalte austeuropearar. Det kan bli dyrekjøpt sparing, og dette er det den danske dramatikaren Line Knutzon har tatt tak i då ho skreiv ”Håndverkerne” i 2008. I fjor var det norgespremiere i Stavanger, i vår blei det sett opp på Det norske, og nå er det Trøndelag Teater sin tur.

Ekteparet Manfred (Trond-Ove Skrødal) og Alice (Ane Skumsvoll) er i ferd med å realisere draumebustaden, og til det arbeidet har dei hyra inn ein gjeng svartarbeidarar under leiing av Glen (Hans Petter Nilsen), ein kynisk manipulator og notorisk bløffmakar. Arbeidet tar lengre tid enn stipulert, og kostnadane er gallopperande. Manfred og Alice blir fangar i sin eigen heim, og urøynde som dei er, godtek dei både kostnadssprekk og uforståeleg fagterminologi. Til det til slutt renn over for dei båe. Alt dette er kjend stoff, og også for den som har nytta skikkelege handverkarar, kan eit oppussingsprosjekt vere ei enorm tolmodsprøve. Her er med andre ord masse å ta tak i for den rette forfattaren. Men Line Knutzon har openbert ikkje greidd det. 

Knutzon har befolka scena med outrerte og overkarikerte figurar, ikledd alle fordommane som finst både om arrogante og jålete rikfolk, og dumme og udugelege kroppsarbeidarar. Det blir tidvis både plumpt og pinleg.

Første akt er eit forsøk på ein relativt realistisk komedie, men ho er så overspela, full av klisjear og kjønsstereotypiar at det blir korkje truverdig eller spesielt morosamt. I andre akta går oppsettinga over i det absurde, og her er Knutzon litt  meir på heimebane, men aldri nok til å redde framsyninga.

Meininga med stykket er nok å gjere narr av overklassens snobberi, kunnskapsmangel om elementære praktiske ting, og egoistiske redsle for å betale skatt, men teksten legg i staden vel så mye opp til det motsette. Det må vere eit tankekors at Manfred, som er den som skal gjerast til lått, er den vi etter kvart får mest sympati for. I staden er det den stupide arbeidarklassen som får gjennomgå. Regissør Kjersti Haugen har nok sett dette problemet, og freista å rette opp noko ved å føre inn ein verkeleg handverkar som kjem inn i andre akt og set skåpet ettertrykkeleg på plass. Det er stykkets desiderte høgdepunkt, eit godt grep, men langt frå nok.

Det er dyktige skodespelarar i alle roller, og dei slit og gjer så godt dei kan, men med dårleg fundament, kan det aldri bli eit godt byggverk. Olve Løseth, som polsk gjestearbeidar, var den einaste med ei rolle som ikkje var overkarikert, og slik blei han både den mest truverdige og kanskje også den artigaste. Ja, for sjølvsagt er det både komiske situasjonar og morosame replikkar innimellom, men i hovudsak er humoren så gamaldags og fordomsfull at det berre blir trist.

Scenografien til Per Kristian Solbakken, til forveksling lik den som blei nytta både i Oslo og Stavanger, er stilfull og god, ganske illustrerande, og eit par overraskande og temmeleg drastiske sceneskift var særs vellukka. Oppsettinga nyttar både mye koreografi og velkjend musikk for å illustrere situasjonar og stemningar. Det kunne ha fungert, men fordi alt er så overtydeleg, blir det berre utvendige påhitt som fragmenterer framsyninga. Men i dei kontrasterande opningsscenene i første og andre akt var effektane nytta med ein eleganse som resten av framsyninga mangla.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 6. september 2011.)

One Response to “Draum og mareritt”

  1. Jeg har stor respekt for deg som anmelder, Amund, og ser på deg som den beste vi har. Derfor tillater jeg meg å kommentere denne, som jeg synes er glimrende – det er ikke Line Knutzon som har «befolket scenen med outrerte og overkarikerte figurar». Det er et regí-spørsmål. Ikke forfatteren. Jeg er glad du trekker fram Olve! Rollen er som skrevet for han. Gleder meg tilå lese videre anmeldelser av deg, de er de beste! mvh Espen

Leave a Reply