Draumen om ei kyrkje

TEATER

Fru Guri av Edøy
Av Peggy Kristine Kruse
Regi: Ronald Rørvik
Komponist og orkesterleiar: Asgeir Gjøstøl
Scenografi: Ronald Rørvik og Anne Spets
Kostyme: Anne Spets
Med: Turid Røen Kroknes, Lasse Valdal, Per Kjerstad, Oddrun Valestrand, Ketil Hugaas m.fl.
Gurisenteret, Smøla

Bildetekst:
MILD OG MYNDIG: Fru Guri (Turid Røen Kroknes) er ei både mild og myndig kvinne. FOTO: WIGDIS WOLLAN

Eit historisk spel om sterke og myndige kvinner i ei uroleg tid.

Den vesle øykommunen Smøla på Nordmøre hyser heile to viktige minne frå den tidlegkristne tida i landet. På øya Kuløy har det i hundrevis av år stått ein runestein, den såkalla Kulisteinen, som kan vere så gamal som frå Håkon den Godes første kristningsforsøk på midten av 900-talet. Og på naboøya, Edøya, står ei steinkyrkje som truleg blei bygd i kong Sverres tid rundt 1190. Då ein feira at kyrkja var 800 år i 1990, skreiv Peggy Kristine Kruse, sjølv busett på Smøla, det historiske spelet ”Fru Guri av Edøy”. Det blei dei første åra spela tett attved kyrkja, men vaks seg etter kvart så stort og populært at det for to år sia blei opna eit eige ”Gurisenter” ved ferjeleiet, eit vakkert kultur- og opplevingssenter teikna av arkitektane Askim/Lantto. Der er det i tillegg eit flott utandørs amfi med plass til heile tusen tilskodarar. Med den gamle steinkyrkja i bakgrunnen, og eit bølgande kulturlandskap i mellom, blir ”Fru Guri av Edøy” spela på Gurisenteret i juli kvar sommar.

Med bakgrunn i kyrkja og Kulisteinen har Peggy Kristine Kruse skrive eit drama som er rein fiksjon, men som er så vidt tru mot historia, at handlinga godt kunne ha skjedd. Ho tek oss attende til 1180-talet med klåre konfliktar mellom kyrkje og kongemakt. Fru Guri av Edøy (Turid Røen Kroknes) er ei sterk og myndig dame med ei godt forankra gudstru, og ein overordna draum om å bygge opp att ei kyrkje på Edøy slik at etterkomarane hennar kunne ha ein plass å bli døypt og gift, og ho sjølv ein stad å bli stedt til kvile. Inn i denne historia diktar Kruse opp ein svær sosial roman om folka på dei to øyene og strevet deira for eit verdig liv. Ho målar ut eit landskap fullt av konfliktar både lokalt og storpolitisk, om bortgifte, uekte born, maktkamp og kjærleik. Og heile tida med fru Guris visjon om kyrkja som eit viktig bakteppe. I tillegg har ho lagt inn eit aldri så lite kvinnepolitisk aspekt. Medan mennene kivar om makt og prestisje og er stolte og sta, er det tre generasjonar kvinnfolk som står for kjærleik og sunn fornuft.

I eit nydeleg amfi, med flott scenografi og med kyrkja som ein særs viktig del av kulissene blir dette dramaet presentert av eit ensemble med ei god blanding av lokale amatørar og profesjonelle. Det er store, relativt spektakulære masse- og danseopptrinn i tidsriktige kostyme, og når fru Guri døyr medan kyrkjeklokkene ringer, sola forsvinn bak skydekket og temperaturen med eitt fell fleire gradar, er det nesten litt magisk. Det siste var nok rein flaks på den framsyninga eg såg, men her er nok av einskildscener som kan røre dei fleste. Trass i dette, har oppsettinga mange problem. Det viktigaste trur eg ligg i teksten. Kruse har litt for mye ho vil fortelle, og det fører til eit så stort persongalleri, og så komplisert intrige at ein ikkje får høve til å bruke nok tid på kvart opptrinn til at dei kan bli truverdige. Når det går som fortast, blir dette kompensert med skjemmande overspel. Eg trur regissør Ronald Rørvik med fordel kunne ha stramma inn historia, konsentrert seg om det viktigaste og dvela meir ved sentrale scener som nå fekk for mye karakter av stutte tablå. Då hadde særleg dei mannlege aktørane fått meir å spele på, og blitt heile personar til å forstå og tru på slik vi gjer det med kvinnfolka. Oddrun Valestrand er svigerdottera til fru Guri, og veks gradvis gjennom framsyninga frå å vere den relativt anonyme kona til mannen sin, til å bli ei sterk og sjølvstendig dame, klår til å ta opp arven etter Guri. Turid Røen Kroknes som Guri sjølv, er først og fremst songar, og neppe vant med roller med så lite song. Men ho spela Guri med stor autoritet og viste oss ei sterk dame, med draumar og visjonar, med den tvilen som er naudsynt for å kunne tru, og med eit sjarmerande pragmatisk forhold til både sanning og gudstru når det kom til stykket.
Amund Grimstad 

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. juli 2011 med den litt misvisande overskrifta: «Spektakulært og springande».) 

Leave a Reply