Mirakelmannen

TEATER

Mistero Buffo
Av Dario Fo
Omsett av Eva Falck Taiti og Terje Strømdahl
Regi: Terje Strømdahl
Med: Hans Petter Nilsen
Trøndelag Teater, Teaterkafeen

Bildet:
PRIVILEGERT?: Krøplingen som meinte å vere privilegert er berre ein av eit utal personar Hans Petter Nilsen hoppar ut og inn av. FOTO: GT NERGAARD

Det er ikkje godt å seie om det er Jesus eller Hans Petter Nilsen som er den største mirakelmannen i denne oppsettinga.

Satiren har alltid vore dei undertryktes våpen. Gjennom den kunne ein relativt ustraffa kle av makta og gjere ho til lått. Slik har det vore frå narren via gjøglaren og til avisenes karikaturteikningar. I moderne tid er det ingen som betre har nytta dette språket enn den italienske teatermannen Dario Fo som ganske overraskande fekk Nobelprisen i litteratur i 1997. Saman med kona, Franca Rame, har han reist verda rundt og spela makta midt i mot. For ein mannsalder sia gjorde Frode Rasmussen gjøglarmonologane til Dario Fo til allemannseige også i Norge gjennom både gateteater og institusjonsoppsettingar. Det er ei glede å kunne melde at nå er arvtakaren klår, og vel så det.

Hans Petter Nilsen er skodespelar ved Trøndelag teater, men har også gjort seg gjeldande gjennom gruppa Adamseplene som han opphavleg starta saman med Klaus Joacim Sonstad og Ivar Nergaard. Nergaard og Nilsen har halde liv i gruppa gjennom annakvart år å sette opp eit skråblikk på fenomenet julebord. Der har Nilsen synt seg som eit humortalent av dei sjeldne og dyrka fram ein tragikomisk rollefigur dei fleste vil kjenne att. I haust sette Trøndelag teater opp ”Ifigeneia” av Finn Iunker, og midt i det som skal vere ein typisk gresk tragedie, hadde Nilsen eit heilt ellevilt, absurd og urkomisk lite stykke i stykket. For den som har følgd Hans Petter Nilsen ein del år, var det difor inga overrasking at det var nettopp han teatret ville nytte til å framføre nokre av monologane til Dario Fo.

”Mistero Buffo” tyder komiske mysterium, og er opphavleg sju satiriske monologar. Teatret har vald ut fire av dei, og fellesnemnaren er at dei ser samfunnet nedanfrå, at dei driv ap med makta, og at dei har sterke bibelske referansar der Jesus og hans ulike mirakel er eit gjennomgåande tema, om enn med litt uvanleg vri. Hans Petter Nilsen er heilt åleine på scena, ikkje ein rekvisitt, berre han, – kroppen, mimikken, stemmen og spelet. Det skal i løpet av fem kvarter syne seg å vere meir enn tilstrekkeleg. Det tar til ganske lågmælt med ein monolog som fortel den tragiske forhistoria til gjøglaren, og som set han i eit politisk og historisk perspektiv. Deretter tar det gjennom dei tre neste monologane etter kvart heilt av og toppar seg med den hysterisk morosame ”Lasarus’ oppvåkning” der mirakla til Jesus er blitt big business og ein turistattraksjon.

Gjøglarmonologane til Dario Fo er godt gamalt fortellarteater, men samstundes mye meir. Hans Petter Nilsen går ut og inn av dei mange ulike rollene i eit forrykande tempo. Dialektar, ulike stemmeleie, mimikk, forskjellig kroppsspråk og gummimannens fysikk er berre nokre av dei mange elementa han nyttar i eit hundre prosent synkront spel der du verkeleg skal ha tunga rett i munnen for å henge med. Men dette er ikkje berre teknikk og fingertippkjensle med god timing. Nilsen meistrar også improvisasjonen, og er i stand til å spele opp mot og vidare på reaksjonar frå publikum, i tillegg til at han på særs sjarmerande og slentrande vis kommenterer seg sjølv og oss i salen og dermed gir det heile eit lite metapreg som kler framsyninga.

Terje Strømdahl har ansvaret for regien, og sjølv om Hans Petter Nilsen er eit gjøglartalent av dei sjeldne, er det heilt openbert at det gode resultatet også skuldast særs stram regi og god personinstruksjon. Med eit fantastisk blikk for timing, uventa vendingar og dermed dramaturgien, og med ein solid lojalitet til Dario Fo i botn, har Terje Strømdahl og Hans Petter Nilsen laga ei oppsetting som både er god underhaldning og teater med meining.
Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 1. februar 2011)

Leave a Reply