Sjølvsagt finst julenissen

TEATER

Virginias brev
Av Kjersti Haugen, Mads Bones og Odd L. Haugen i samarbeid med ensemblet.
Basert på eit brev og ein artikkel av Virginia O’Hanlon og Francis P. Church
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Per Kristian Solbakken
Koreografi: Erlend Samnøen
Komponist: Trygve Brøske
Med: Ingrid Bergstrøm, Kristine Welde Tranås, Pål Christian Eggen, Silje Lundblad, Åsmund Flaten, Janne Kokkin m. fl.
Trøndelag Teater, Hovudscena

Bildet:
SURREALISTISK: Den ufordragelege rikmannsdottera og dei fire kusinene hennar. FOTO: GT NERGAARD

Ei leiken framsyning om at trua på julenissen er det same som å tru på kjærleik og menneskeverd.

Nyskrivne juleframsyningar er ikkje kvardagskost i eit land der institusjonsteatra ser ut til å la ”Reisen til julestjernen” og Dickens’ ”En julefortelling”  ambulere annakvart år i von om at ungane kanskje ikkje er så kritiske, og med vissa om at det kjem stadig nye generasjonar. For alt eg veit var siste nyskrivne juleframsyning Trøndelag teaters ”Daniels jul” for sju år sia. Det er difor prisverdig at det nettopp er Trøndelag teater som nok ein gong freistar å lage ein ny juleproduksjon.

Utgangspunktet er ei vel hundre år gamal historie frå USA. I september 1897 spør åtte år gamle Virginia O’Hanlon far sin om julenissen finst. Han ber ho skrive til avisa for å få svar, for det som står i avisa er sant. Dette var som ein forstår før pressa mista si uskuld. Brevet frå Virginia råka ein nerve hjå Francis P. Church, redaktøren av ”The Sun”, og han skreiv ein leiarartikkel – ”Is there a Santa Claus?” som i ettertid er blitt ståande som eit ikon i amerikansk pressehistorie, og der han konkluderer med at ”Ja, Virginia, julenissen finst”. På bakgrunn av denne uskuldige og søte historia, har regissør Kjersti Haugen, saman med Mads Bones, Odd L. Haugen, og etter kvart med hjelp frå heile ensemblet, skrive ei fortelling som nå er blitt ”Virginias brev”, – ein heilaftans familiemusikal. Og fredag var det urpremiere.

Det er blitt ei leiken framsyning om at det eksisterer andre verdiar enn dei reint handgripelege og materielle, ei oppsetting ikkje så mye om overtru, men om fascinasjon og magi. I ei artig scenografisk løysing opnar kapellmeisteren og ”julepianissen” Åsmund Flaten det heile, og syner at han kan atskilleg meir enn å traktere tangentane. Slik er tonen sett, og vi møter etter kvart Virginia og hennar vesle familie, ein velkoreografert avisredaksjon toppa av ein journalist med skrivesperre, ei ufordrageleg og mobbande rikmannsdotter og dei surrealistiske kusinene hennar, samt ein sjarmerande avisseljar med ein draum om å bli journalist. Historia er sydd saman med god og nyskriven musikk av Trygve Brøske. Leia av den særs truverdige Virginia (Ingrid Bergstrøm) og den litt evneveike bror hennar (Kristine Welde Tranås) blir vi ført inn i ei fortelling om at vi aldri må miste trua på det magiske. Men sjølv om dette skjer gjennom ei rekke tablå som kvar for seg er både gode og flott framført, er det nettopp magien som manglar i denne oppsettinga. Rett nok finn vi han etter kvart, men det tar diverre for lang tid. Songar, spel, scenografi og koreografi er alt vel gjennomført, men historia blir litt for tunn, det skortar dramaturgisk, og særleg i første akt var det langt mellom poenga. Men for all del, ungane i salen storkosa seg, og her var fleire opptrinn som står seg godt, slik som ein velkoreografert journalistballett og ein nydeleg ode til journalistikken vakkert framført av avisguten (Mads Bones). Og toppen av det heile var dei surrealistiske kusinene i hatt og skjørt, framført av ensemblets desidert eldste, og der kjøn og kraftig skjeggvekst ikkje var noka hindring for å spele ungjente. Ungane hyla og salen var i kok. 

”Virginias brev” er ei familieframsyning med innhald som appellerer til alle aldersgrupper, og med eit potensial til å kunne bli ein juleklassikar, men då må det mye ombrekking og redigering til. I ei tid då det stundom er lettare å tru på julenissen enn journalistikken, treng vi framleis magien. Ikkje overtrua, men draumen og fascinasjonen.
 Amund Grimstad

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 8. november 2010)

Leave a Reply